tirsdag 31. juli 2012

OL :-)

OL = opp-lading... :-)
No æ det bare 5 dagar att, te årets Norseman...
Det æ ei fin vike... Kun korte, artige økter - formen kan eg neppe gjera noko frå hell te mæ no!
To år uten, og eg gledar meg veldig, te vera tebake!
Supportane mine æ i modus, og eg æ veldig fenøgd mæ eiga helse!
Trur eg æ i stand te gange fe ny pers i år! :-)
Forebudd på kaldt vatn (slik ca 10-12 grader), lang sykling (200 kilometer) og våt løping! (Løping og løping, framdrift både flatt og bratt!)
Hyggleg start nr, 251... (Mæn håpar veldig at eg æ balndt dei 160 fyste, sø eg eventuelt kan kåma te toppen og få svart trøye)!
Sænst gong, fekk eg 5 års trøye... Det æ eit stykke upp te ti års trøya, mæn, kanskje dæn æ sø fin, at eg treng dæn i samlinga mi... :-)

onsdag 18. juli 2012

Trollveggen triathlon 2012

Syns eg æ sø heldig, kan gange frå eventyr te eventyr... Trudde kanskje det skulle bli litt vrient å toppe førrige hægs IM Haugesund - mæn i ein ana "sjanger" sø æ Trollveggen ændå meir eventyr - enn Haugesund! Det æ fult maugleg å skrive bok, om Trollveggen Triathlon, sø her kjæm eit langt samandrag, frå ændå ein god dag!

Skødda ligg tykk uppi fjellsidene, du kan kjænne at fjølli æ høge, uten å sjå toppane. Glimt innimellom gjer at ein føler seg litt liten  i eit mektig landskap! Vegen nevi dalen fører deg djupare og djupare - ned mot ein grøn fjord... Litt kaldt gufs møter meg når eg øpnar bildynni - fjorden æ ikkje veldig varm... Mæn om fjorden æ kald, æ folket varmt og hjartelege! Triathlon menneska æ jau ein stor god familie, sø det varmer alltid å møte kjænte blide fjes!

Noko låg skødde, vatnet væntar på kån, og Richard ynsker alle deltakarane  varmt velkommen! 

Richard (Merlid og familien) gjer ein kjæmpe innsats fe at kvør og ein skø få ein unik upplivelse - om du æ superrask elite, hell he tænkt å krabbe upp te Stabbeskaret på alle fire, stupe ivi målmatta - som sistemann! Og du føler deg trygg og heldig frå du kjæm dagen fyri konkurransen, te du reiser derifrå dagen etterpå (hell om du kjæm seinar/tilegar og reiser før eller seinar)!
Gåsehud fær du garantert (om du ikkje he kjænt antydning te det tilegar) på pre-race møte! Bilde og svært passans musikk, gjer at sommarfuglane dukka upp i magen, og håra reiste seg på armane, det æ VAKKERT, mektig og nasjonalromantisk, naturen som vænta på kån! Distansen æ slik ca 1200meter svømming i Isfjorden. 34km sykkel mæ ein forholdsvis flat sveip upp langs "dalen" langs uppom Trollveggen, sø snu og ned att te Sogge bru, då bers det sø upp bakkane te Trollveggen platået. Te slutt æ det å finne rytmen mæ joggesko i ur, røys, sno og sti upp te Stabbeskaret, ca 5,6km.
Mia (datter te Richard) ha ein fantstisk presentasjon av løpet, som vænta på kån! Eg hugsar aller best, ho sa me skulle ha merkebåndet som va lagt ut, på heile løpedelen - mellom beina, då va me trygge!! :-) Og Richard smilte lurt, når han sa det va 13 grader i vatnet, og at det kanskje æ litt kaldt te svømme alle dei planlagte 1200 meterane... 13 grader, du liksom... :-)

Svømmestarten!! :-) Foto: Anne Marit Eide
Kroppen æ ein fasinerans maskin... Dagen fyri, altsø fredagen vakna eg sigen og seig på alle vis... Følte meg mildt sagt tom - meir forkjøla sliten! Det kan jau hænde at det blei litt rikleg mæ træning, fe min del, mæ halv IM distanse sundag, bakkedrag-styrke tysdag, sykling ivi Imingen + løping på onsdag, og sø sykling ivi Valdresflya mæ eit par ekstra bakkar på torsdag (alt utenom sundagen, i heftig norsk sommarvær og temperatur...) Fe meg bli detta meir enn nok, sø eg hadde ingen store forventningar te Trollveggen... Eg va faktisk ganske usikker på om beina mine ville sykle meg upp te Trollveggen platået... Sænst sykkeltur, torsdagens sænste bakke, på bare 8% stigning hadde ændt mæ fullstendig "havari" ette bare 3,4kilometer upp i bakken, då havna eg onder ei furu, og gørr åt sukker... :-)(Mæn alt dette æ jau ein litt ana historie...) Uansett, iskald svømming, låg å murra, som litt bekymring fe høss resten av Trollveggen - dagen kom te gange...
Møtet mæ vatnet va grusomt kaldt... Eg vippa meg forsiktig uti, frå brygga. Prøva veldig å skaffe meg roleg puls, og full kontroll ivi følelsane som surrar vilt rundt i kroppen, når det æ søpass kaldt... Det strider veldig imot all fornuft, å stappe høvude onder vatn, når det æ sø kaldt... Eg orka ikkje noko ana enn veldig høgt-ivi-vatnet-mæ-hovude-brystsvømming dei to minuttane eg befann meg i vatnet, fyri startskøte skulle gange! Te og mæ dei fyste taka mæ crawl, ette at starten gjekk, foregjekk mæ høvudet høgt ivi vatnet... :-) Mæn det tek ikkje lange beita, fyri kroppen æ i konkurranse modus, og gløymer alt om kaldt vatn... Det gjæng an å få te heilt ok svømming, sjav om det æ kaldt vatn! Eg he ikkje noko god retningssans og fær nok nokon meter ekstra heile vegen... Litt mykje sikk-sakk, mæn innimellom he eg god flyt og følelse! :-)
Ein solid krasj, mæ ein svømmar som æ langt raskare enn meg, fær meg litt ut av rytme, og svømmebrillur fulle av vatn, sø ein støpp fe å få synet i orden og vassfritt måtte te! Heldigvis fær eg hjelp te kåma meg upp på brygga, ette ændt svømming - fe meg hadde det blitt vrient ellers! Hadde seriøst trøbbel mæ å ha kontroll på muskelaturen i fjæset... Smil føles som grin, og beina ber meg upp te T1, mæn eg føler bare ein pussig nummenhet i anklar og under beina!

Dagen etterpå hadde tåka letta, og sola va nesten på veg fram... Mæn fossen og svingane hadde minst like stor magi, i tåke og lett yr!

Eg æ aller nokon racer i skiftesonene, Trollveggen æ i alle fall ikkje noko unntak!! Fryse meir dæn dagen, ville eg i alle fall ikkje!! Lause kne, ulltrøye, varme løddar! Alt gøtt på plass, fyri eg satte meg på sykkelen! Ette litt sein svømming, va eg litt meir i farta på sykkelen! Ikkje maks fart og kraft, mæn uvæntleg lett og fin i forhold te det eg hadde frykta!! :-) Syns nok at morosamhetene bjønda, når bakkane tok te! Det gjekk veldig fint, beina bare meg, som bare det!! :-) Syns sjov at livet va fantastisk, sykla lett og fann meg eit å ana mål uppivi svingane! Eg kunne sjå upp, og dei svømmesterke - kunne sjå ned på meg! OK, Cathrine (Mediaas) eg hadde veldig veldig lyst te ta deg att fyri platået, på sykkelen... Sø eg speida og speida ette grå og raud drakt, på lang og sprek dame... Om eg rakk ta deg att på sykkelen, va eg sikker på du ville springe ivi meg upp fyste og beste bakke! Supa på litt gel i sving nr to, på veg uppivi og passerte ein og anna deltakar... Hadde det sø fint! Smilte breitt og vinka te bilar, turistar, tilskoderar, glade og ikkje fult sø glade bilistar! Fossane buldra nevi fjøllsiune og dusja meg lett, idet eg passerte broa "midt" i bakken! Eg blei rørt ivi å få vera ein del av ein slik upplivelse, og bare kjænne meg lett og glad!! Det æ ikkje sjavsagt...
Snaut ein kilometer frå toppen såg eg ryggen te Cathrine! Sia eg aller rakk sjå ho, fyri ho va i mål og vænta på meg i fjor, blei eg sø glad, fe å få eit lite glimt av ho i år... Om det bare va fram te T2, og ho kom te storme av garde, længe fyri meg! Ette ein veldig fin sykkeltur (3.beste sykkeltid av damene) va eg gruleg spænt på høss "løpinga" (krabbinga) kom te føles!
Det ser ikkje ut som om det gjæng i full fart, mæn dagens raskaste dame mæ joggesko, frå T2 te topps - det æ eg veldig veldig gøtt fenøgd mæ! :-)
Ingen rekordrask T2, gjor at nokon av dei eg he passert på sykkel, passerar meg att, ut på løpinga! Det æ greit, sjov bruka eg nok ein halv kilometer te å finne ein god rytme på løpinga! Då bestemmer eg meg fe å late som om eg skø ut å leite ette geit fe naboen! (Eg he Vidhuskjeringi i Øyfjell, som eg he sprunge mange turar på - det æ ein liten times løpetur, og litt læng enn upp te Stabbeskaret! Stabbeskaret æ brattare og kortare, og eg innstiller meg på ein time og ti minuttars tur i variert terreng!) Flirer te meg sjov fleire gonger på veg uppivi, sø artig - sø fantastisk artig!! Tænk at eg kunne vera sø sliten dagen fyri, og sø lett og glad ein dag seinar... Innimellom føler eg meg som ei fjøllgeit - mæ fin flyt og god fart, andre parti æ eg meir på leit ette fjøllgeitan, og det føles ikkje fult sø lett... :-) Stadig bli eg "sekundert" av turistar som seie eg æ dame nr 5 og dame nr 6 og sø viar, sø eg lurar veldig på, høss mange damur som eigentleg rakk vera fyri meg ut på svømminga... Fe eg kan ikkje hugse at nokon damur passerte meg på syklinga... (Der va jænte, som sprang ut av T2 litt fyri meg, mæn ho hadde eg au tatt på sykkelen ænde fyri platået...) Jaja, eg trudde i alle fall ikkje eg va på medalje-jakt!! Mæn eg va veldig på jag - sammen mæ klokka!
Eg krabba på alle fire, på det brattaste, og i røysane! Og sprang sø lett eg kunne på snoen... Eg hugsar ikkje høss mange eg passerte på vegen uppivi - fe der va både deltakerar og turistar... Mæn eg hugsar ein, som sleit i snoen - mæ krampe! Uff å uff, eg hadde ikkje noko ana enn litt drikke å bidra mæ, mein eit par slurkar fekk han då, fyri eg sprang viare! Litt usikker va eg au, på om eg syns skodda va bra, hell dårleg...(sia eg æ sø gruleg høgderædd...) Uten skodde, hadde eg kanskje blitt forskrekka av utsikten, og mæ skodde - såg eg jau ingenting... Mæn mæ sperrebandet mellom beina, heile vegen - følte eg meg veldig trygg!! :-)
Hørde ettekvørt at toppen nærma seg veldig, både av hurra-rop, og av deltakerar som kom i møte - fordi dei va færige og på veg ned! Løpeløypas einaste lille pustebakke, eit lite parti mæ nevi (!!), der såg eg ændeleg ryggen te ei dame! Eg slurka i meg ein gel, fe å vera sikker på at ikkje armoda skulle ta meg, dei sænste meterane, og la om tempoet litt - fe å rekke hælane hennars! :-) Irriterans nære hælan hænnars va eg nok, i eit par hundre meter... Prøvar veldig å ikkje trakke av ho skoa - fe eg ha nok ein litt ana frekvens på mine bein... Sia sikten va ca 40meter, sø visste eg ikkje høss nære mål eg eigentleg va... Mæn me velger ulik trase rundt to(-fæm) steinar, og eg æ fyri ho i løypa!! :-) Då he eg plutseleg "plenty" av gir å ta av - og girar om! :-) Mål-linja kom litt fort, mæn eg rakk legge ein mann bak meg på dei ca 150 meterane mæ ekstra bakke-lykke!! :-)
Torodd, og eg... Dænna gongi va det eg som fekk eit par minuttar, på mi side - revasje frå Haugesund!:-) Eg æ sø imponert ivi deg, Torodd... Om eg fær tida og dagane, håpar eg på helse og som deg! (Eg træng/hell krever absolutt ikkje vera fult sø spræk...)
 Eg va bare pur begeistra på toppen - sjav mæ null utsikt... Me fekk kald cola, og heimebaka bollar, varm kaffe og heimebaka sjokoladekake! Konge og dronning - uppvartning, uansett plassering på resultatlista!!
Eg va ikkje på plasseringsjakt, eg va på tur, fe å få gode upplivelsar! Det fekk eg!! :-) Ekstra moro fe meg, æ sjavsagt at eg hadde dagens raskaste tid, av damen på løpinga! :-) :-) :-)
Mæn, fyri meg i mål, va Trude og Ann-Kristin, GRATULERER!! :-)

Pallgutar og jæntur! Frå venstre:Ann-Kristin Lien (nr2) Knut Anders Fostervold (nr2) Trude Gran (nr 1)  Henrik Oftedal (nr 1) og meg nr 3! Framme æ dæn fantastiske arrangør familien, Merlid!
 Viss du bare skø gjera ein einaste triathlon, om det æ som: veddemål, træningsmål, glede, utfordring, magi, naturglede, bygge upp naturglede, forandring, treffe nydlege mennesker, treffe maksimalt fantastiske og engasjerte arrangørar, ferie, finne på noko sammen som familie, finne på noko sammen som nyforelska - uansett grunn - då anbefalar eg Trollveggen triathlon!

Anbefalar varmt, kaffe og soft is i kafeen på Trollveggen platået!
 Både fyri og ette slike konkurransar burde ein jamt ha tid te å eta middag, treffe andre deltakerar - skryte og juge litt om dagens/sessongens hendelsar! Tusen tusen takk fe køyring, og ettekvørt veldig gøtt middags-selskap Live Kåsa, og alle andre Skagerakingar, Torodd og Anne Marit!
Og Silja, eg håpar veldig at du fann ei våtdrakt som passa!! :-)

Fin trøye, vakker natur! :-)

Eg trippar at me va upp i snoen og uri uppivi, i toppen i bak-kant! 
 Trollveggen triathlon va ein del av ein ganske lang tur, frå Telemark te Åndalsnes... På sykkel og i joggesko! Eg hadde ein magisk tur! Noreg he uendeleg av perler...! :-) 
Haha, eg syns bading i fjøllvatn æ veldig artig - sø hera frå eit vatn i området Gjendesheim! :-)



tirsdag 10. juli 2012

Eventyret i Haugesund

I bilen heim, frå Haugesund blei eg spurd, "Høtt va det som va sø vakkert mæ Haugesund då? Høtt æ liksom spektakulært, som gjer at turistar skø kåma strøymande hit?" Det æ heilt sant,  løypa besto ikkje av stupbratte høge fjell, kalde isbrear, fare fe sludd ivi høgaste toppen, ikkje va det spektakulært kaldt i vatnet og inge bestiging av hverken slalombakke hell steinrøys fe å kåma seg te mål! Og akkurat det va fantastisk!! Ikkje nok mæ at løypa va "folkleg", gjænomførbar fe både mosjonistar på tur, og superrask fe eliten - mæn det heile blei ramma inn av blå himmel, sol og varme, og eit FANTASTISK varmande og engasjert publikum!! :-) Og hygglege deltakerar!! ("Hei", Geir!)
På startstreken hadde eg kvilepuls (under 65... det fær vera kvilepuls nok!) Fordi vatnet heldt komfortable 19 glader! "Månemannen" av Vamp, ein fantastisk ivrig speaker, ca 1000 publikummerar og liv på ein triatlon start - I Noreg, det va fantastisk!! "Ja vi elsker" summa ut, og ein "stakkars" lur - frå ein vikingbåt skulle prøve å ividøve alt livet på land og i vatn, og markere starten!

Kanskje min raskaste svømming - tross pusteproblemer i starten... Artig! :-)
 Eg he fremdeles ikkje svømt noko særleg... Sø eg va ikkje klar ivi at eg hadde blitt større det sænste året... I alle fall fekk eg store pusteproblem ette ca 150meter... Prøva å ivibevise meg sjov om at detta va bare innbilning, og at detta he eg gjort før og heile dæn prosedyra der, mæn når eg ikkje fekk puste ved å svømme bryst mæ høvude høgt ivi vatn... Og at eg blei svimmel, då bare stoppa eg opp, og drog ned glidglåsen på drakta... Litt knotete æ det sjavsagt, å trakke vatn og dra ned glidlås og styre mæ borrelås og alt det der, når starten he gjænge... Mæn mæn, det vi sei, at eg skø ta eit par økte mæ drakt framivi!! :-) Rytmen kom mæ ein gong eg fekk puste... Syns eg fekk godt tak i vatnet, og va på jakt ette badehettur... Altsø, eg skulle bare ta att dæn mæ blå drakt der framme, og sø ein te mæ blå drakt, og sø va der jammen ein som svømte bryst i kjæmpe fart... Distansen 1900 meter æ perfekt... Lett å halde trøkke uppe heile vegen... Noko av det beste eg he prestert på svømming trur eg... Superfenøgd! :-)
Haha - min mest stabile support i både med og motgang, dænna dagen i "buzz" drakt, og eg svært begeistra inn ette syklinga!
 Me fekk sykle på vegar som va heilt, heilt stengd fe trafikk!! Vind i ryggen, passe kupert, rullans terreng... Ingen lange seige motbakkar, men nok te få god variasjon på sykkelsete! Speedometeret på sykkelen funka ikkje dænna dagen hell... Mæn eg hadde puls på klokka idag då, og ha ein følelse høss det låg an... Nokon parti va bare flyt og fart, andre parti va eg litt treg og seig... Litt grov asfalt somme sta, mæn det merka du nesten ikkje, sia folk va sø ivrige te heie og juble!! Det va mykje folk langs løypa, og dei hadde værkleg satt seg te, fe å bli der og heie te sistemann for febi! (Såg slik ut, der dei sat mæ store norske flagg, bjøllur, campingstolar og bord, termos og nistekorg!) Det va sø hyggleg!! Noko av det artigaste eg he vøre mæ på! Naturen æ vakker, særleg fe meg som kjæm får fjøllheimen... Kyst-idyll!! Ni mil æ au ein veldig fin distanse... Når der dukka upp 20 kilometer skilt, blei eg sø glad, tænk bare 7mil att!!
Ette 50kilometer skiltet kjænte eg at eg fekk ei fluge krasjans in i hjelmen... Tenkte ikkje meir på det, fyre det ette stutt tid tok te brenne - uuppss - eg taklar ikkje kvefse-stikk sø veldig gøtt... Sø det blie bråstopp og hive av hjelmen og riste på hår!! Eg he fremdeles tri store kular i høvude ette sinna kvevs, som ikkje ville vera mæ på sykkeltur!
Og når 70kilometer skilte dukka upp, langt under to timar seinar, lædde eg høgt - haha bare to mil att - det æ lett! :-) )
Skiftesona (i bakgrunnen) va ein fotballbane, god plass te kån ca 400 stk i år, og stor nok fe 1500 neste år!  :-)
 Å skryte på meg lette bein på løpinga, vi vera stor løgn! Mæn om beina va tunge, va høvude og eg lett og glad! Syns det gjekk smått, mæn jevnt! Tok meg sjavsagt god tid te nyte stemninga og synge mæ!
Imke, folka mine blei glade fe å sjå det blide ansiktet ditt under løpinga!! :-)

Jubel og bjølleklang, venner og (ikkje fult sø kjænte) hygglege utdøverar, "Euphoria" på høgtalaren = eit lite stykke norsk triatlon eventyr!! :-)

Å kunne ta sænste innspurten i mål sammen mæ Sakarias (fe fyste gong), det va stor stas!! 
Trur nok, at mæ litt sterkare vilje, at eg hadde klara å sprunge nokon minutt raskare... Trur det va Kari (nr ein i mi aldersklasse) som spurde meg ette målgang, om eg fekk det "litt" på løpinga... Jada, løpinga va blytung - samanlikna mæ sænst hægs løping... :-) Mæn Trollveggen væntar på meg neste hæg, og planen æ å få mange mil på sykkelen, på veg uppivi! Litt krefter att te det, va viktigar enn tid og prestasjon...
Sakarias mæ fortjent medalje, i tolmodighet og eg i mål, glad ette eit lite stykke historie, eit eventyr eg varmt anbefalar andre - både spreke med store ambisjonar, og dei som bare skø vera mæ og få ein god upplivelse!
Å reise på tur, uten forventing, uten målsetting, uten å ha tepassa treninga og tru at det bli ein lang dag i regn - det kan hænde at det gjer turen te Haugesund, akkurat dænna hægi te eit glansbilde av lykke... Og at tur  forventing, rett uppladning og regn ikkje hadde gjort dagen te eit slikt vakkert eventyr... Mæn det slepp eg tenke på - eg tek mæ meg alt som æ gøtt!! :-)
TUSEN TAKK, te alle som heia, både tilskoderar og deltakerar!! Tusen takk, Haugesund - fe eit svært hyggleg eventyr!

mandag 9. juli 2012

HUUURRRRAAAA, fe IM 70,3 Haugesund

Aller fyst sø skø Haugesund og alle som gjorde sundag 8.juli, og IM 70,3 Haugesund, te ein fantastisk folkefest - få bare fortjent skryt!!! :-) (min RR kjæm litt seinar...:-) ) Å reise på triatlon arrangement i Noreg skaper ikkje store forventningar om store norske flagg, kjybjøllur, publikum og folkefest...
Svømmestart mæ engasjert publikum og glad musikk, jublande og heiande folk langs heile dæn 9mil lange sykelløypa, og ein løpe-stadion (au mållinje) som "koka" - både for eliten og alle dei som skulle presse eigne grensur... Og når det heile bli ramma inn av sommarvarme, blå himmel og sol - ja, då æ det tid fe å bli litt rørt!!!
Haugesund og IM 70,3 arrangement fær skryt, fe å innfri te fulle - på alt!!!

Fantastisk liv, "løpe-stadion", og  etterkvørt som du blei færig mæ rundane sø blei det og målgang... (bilde stal eg frå Øyvind Lillehagen!)

Glise mitt ha gjænge heilt rundt, om det ikkje ha vøre fe sykkelhjelmen ette syklinga... Å koma sø glad inn på fyrste runde og kjænne det fantastisket trøkket og glade folkelivet inne på "stadionen"... Magisk!!!
Tusen takk, fe å ha fænje vøre ein del av dæn festen!! :-)

fredag 6. juli 2012

"Ferie" i Haugesund!

Vrient å motså ein IM 70.3, i Noreg, og i Haugesund!
Sø no æ bilen pakka. Sykkelen æ nypolert, og "nye" løpesko æ sprunge inn og klare te bli tatt i bruk! :-)
Eg gledar meg!! Tænk - me fær uppleve Ironman serien, sitt "sirkus" i Noreg!!
Håpar der kjæm mange heiar, både på dei som æ raske, og (ekstra mykje heiing på) dei ikkje fult sø raske!! :-)

Heimesida te IM 70,3 Haugesund


tirsdag 3. juli 2012

Solvika (familie)triathlon

Soli burde skine varmt og gøtt, i Solvika... Mæn sø længe ungane stort sett hadde det tørt, og artig, æ alt strålande vakkert... Sakarias he ikkje sø veldig sansen fe fellesstart, ændå... Han likar ikkje å fyge dei store massene, og gjera akkurat det sama som alle andre... Sø startnummer det gidder han ikkje ha på seg, det kan mamma gøtt putte i si eiga baklomme. Og når starten skø gå på stranda, he han mest lyst te sita uppe mæ målsegleg og sjå på kakune... Mæææn, når alla andre ungar he bevega seg vekk frå stranda, og snart æ klare fe å kaste seg på sykkelen, då vaknar gutten te liv, og he lyst te bli mæ alikavæl :-) Sø då sprang me ned te starten, tok ein veldig kort og tørr variant av svømming (litt springing på stranda). Og sø upp, te T1 fe å finne sykkel. Gutten æ litt usikker på om han he veldig lyst te sykle sama sykkeltrase, som alle dei andre, mæn der æ nokon flotte, store søylepyttar - som fristar på akkurat, dæn traseen, sø han tek sama vegen som dei andre! :-)
Han vassar meir på syklinga, enn på svømmedelen - det æ fint... Og æ klar fe å springe, i full fart, inn te mål, og god (sjokolade)medalje, og sjokoladekake! :-)
(Han treng ikkje bli triatlet, altsø... :-) ) Mæn eg syns det æ veldig artig når han æ mæ, og gidder å ver heiagjængen min! :-)

 Åssø min triatlon... Fe det fyste sø he eg nok ikkje lest veldig gøtt igjænom det eg skø vera mæ på... Eg trudde det va litt slik 300meter svøming, ca 15 km sykling (på grusveg) og ca 4-5km løping te slutt... Det burde gange på ca timen... Va ikkje heilt klar ivi at me skulle sykle 25km ( i luftlinje) i skog, sti og grove grusvegar, veldig prega av nedbøren sænst hæg... Og at avslutninga på dei 4-5kilometerane med løping skulle vera upp og ned slalombakken i Siljan! Det luktar meir tri timars økt... På lånt sykkel, heilt uten trening i terreng, og litt tynt mæ mat... Snakk om dårleg planlegging!! :-) :-)
Svømminga va 300meter... Mi fyste økt i våtdrakt sia august i fjor... Hmm... :-) Jaja, fær eg inn nokon økter te, sø bli det stabilt - ufarleg passe raskt! :-)
Eg he litt å øve på i skiftesona, uten at eg æ viar engsteleg fe tidsbruken der, (dænna laurdagen)!
Åssø syklingi då... Sykkelen va god dæn, litt liten, gøtt sæte, uten frambrems (fordi, om frambremsen va kopla på, va vieren fe kort - slik at framhjulet va stamt), og litt uforutsigbare gir, åssø måtte eg planlegge bremsinga bak litt, slik at dæn ikkje hang seg på, dæn au...! Sø længe eg va på grusen va alt bare stas... :-) Mæn når me kom te skogen, då blei det bare trilling av sykkel fe min del. Eg lædde høgt fe meg sjov mange gongur... Eg konne jau ikkje gjera ana, der eg vassa te kness i gjørme, møse og knøtt (som beit)! (Det æ ein gronn te at eg ikkje æ gørr ivrig på Birken... :-) Litt forskrekka blei eg sjavsagt au, då framdekke plutsleg sto att i ei litt mjuk tuve... Mæn tænkte, at eg sikkert ha vøre litt sløv mæ å skruve på dekket...!


Stabil og stø trilling av sykkelen igjænom skogspartiet! :-)
Når eg ændeleg va væl igjænom gjørma og skogen, gjekk det bratt nevi - då blei eg straks litt meir bekymra, når eg såg framdekket tok te å vingle vilt att... Det heldt på å ramle av - og eg tørte ikkje ana enn å springe nevi dei værste (ehh - brattaste) nevibakkan, i frykt fe å tryne... Når himmelen øpna alle slusune, va det bare te å læ litt att - haha, ut på trilletur på terrengsykkel mæ gjørme, søyle og dusj - det gidder ein faktisk bare MÆ startnr!! :-)
Litt forskrekka blei eg då eg tok att start nr 4... som ikkje såg særleg pigg ut... Uff å uff! Han va grå i fjæset, uppskrapa på heile venstre side, hoven i skulderparitiet, og svara meg knapt når eg spurte høtt han heitte... Det gjekk bra sa han, han hadde bare tryna litt uppi bakken! Sia eg va mest bekymra fe at han skulle svime av fe meg, og ramle på dæn uppskrapa sida, beordra eg han av sykkelen - og va superglad, når det kom ei jænte te bak meg, som hjelpte meg mæ å få nr 4 av sykkelen! Ho va sjukepleiar, og va veldig bekymra fe brekt kragebein! Æsj og fysj, eg va heilt klar på å sykle i veg fe å hente bil, mannen fekk ikkje lov te surre rundt i Siljan-skogen på dænna måten! Fantastisk og heldigvis kom der ein bil, idet eg va på veg på sykkelen. Snille, snille, hjelpsomme og greie hyttemannen, tok nr 4. i  bilen, sykkelen på planet og kjørde kortaste vegen te sjukehuset! (Me fekk melding om at han blei operert fe to brudd i kragebeinet, når eg kom te mål!)
Ette dæn stoppen fekk eg litt "støkken", eg sykla jevnt og relativt fort uppivi og på flata, og blei ændå meir pingle nevi, eg skulle ikkje skade meg! Utenom stoppen mæ dæn uheldige mannen, framhjul som ramla av, heilt håplaus "sykling" i terrenget, og trilling av sykkel i bratte nevibakkar, va eg gøtt fenøgd mæ syklingi mi! ;-) Og eg va spent på om beina lika meg, på løpinga!
Eg he aller vøre sø lykkleg på ei løpeøkt før!! Eg sprang (i alle fall te meg å vera, sø sprang eg!!)!
Hadde det ikkje vøre fe ein pratesjuk løypevakt, på toppen av slalombakken, æ det veldig nære best split på springinga, noko eg ikkje æ sø veldig vane mæ! (OK, eg ha jau ikkje bruka meg heilt upp på sykklinga, og hadde dagens længste skiftesoner - mæn uansett, gøtt fe meg! :-) :-) Eg trur det snart kjæm te løsne, når det kjæm te springing fe meg! :-)
Slike små triatlonar, æ gruleg artige! (Og lærerike... Eg tek mæ meg eit å ana, som eg ikkje skø gjera i Haugesund, te hægi!)
Åssø gledar eg meg veldig te høtt Jon (og Skagerak sportsklubb), finn på av nye utfordringar te kån neste år! :-)