tirsdag 1. desember 2015

Rockman swimrun 2015

Når soli skin frå skyfri himmel, vatnet hell 18-19 grader og det einaste som bryt vassflata, æ dæn jamne takten av eit par svømmerar - då æ d hærleg å vera swimrunner.... 
Men høtt fær følk te kaste seg ut i 11-13 graders vatn, i regn og vind - mæ korte og tynne våtdraktir, klare f å bestige både Prekestolen og glede seg te Flørlidtrappene - ein kjøleg dag i juli? 

Me va heldige mæ treningsøktene kåns! Sol og ordentleg varmt! Sanden camping i Seljord, mæ strålande sørvis - og makalause forhold f symje-springetrening! 
Eg trudde eit par - fire timar at eg hadde finne eit uuppdaga talent!




Eg måtte bare få inn eit ordentleg morosamt sykkelritt - Åmot-Bø, fyri me la i veg ivi te Stavanger og symje-springe konkurransen "Rockman"! Ekstra moro æ d at me æ sø mange øyfjellingar som bli mæ, hera eit lite knippe av dei som kom te mål! Eg gliser ekstra breitt, fordi eg heldt gutane bak meg, va raskaste dame, og satte løyperekord! FIN dag!!! 😊 Eg bruka d som siste harde uppkøyring, vika fyri Rockman. Snakk om godfølelse!




Løypa ser ivikommleg ut! Noko upp og ned, sjavsagt - men d bør me takle... Hallo, mæ æ jau fjøllgeitar - liksom...
 Å traseen æ spektakulær! Fantehøla, Prekestolen, Bratteli, Flørlig og Flørlidtrappene, pluss ein god del nærkontakt mæ Lysefjorden - det kan knapt bli tøffare enn det! 
Og forsøvidt, trur eg at eg taklar upp veldig bra... Eg taklar nøk hell dårleg d kalde vatnet! 



Eg kunne sjavsagt nevnt at eg ikkje følte toppfarten og formen føles tøpp akkurat dænna dagen, og at d æ litt trist sia Elin på teamet mitt he ein sprudlende god dag! Ho sang glade sangar, trippa lett på tå, og va ein fantastisk makker! Å d æ fantastisk tøft! Sjov jobba eg mæ litt andre tankar dænna dagen! 

Eg æ mest upptatt av at eg hverken æ ein stor løpar (sjav om eg no he bruka ein god del energi på å bli bære!) hell veldig glad i å svømme... Åssø sit eg plutseleg på ein båt, full av lukten av neopren, sammen mæ tigerbalsam.... Ja, altsø ein båt full av følk mæ stutte våtdraktir, "pullboyur" (det æ ei litt lokal flytebryggje - som eg krampaktig prøva å halde fast mellom låri - når eg svømte!) tigerbalsam, svømmeføtar og svømmehændar... Følki æ flotte, og fokuserte! Og eg æ fascinert ivi utstyret ein kan få lura inn i ei våtdrakt - ja, fe på swimrun (heretter kalla symjeløp) må alle ha mæ seg det utstyret som krevs fe ein lang dag i vill norsk natur, PÅ seg - heile tii! Kart, kompass, mat, klæi, drikkeflaskur, flytebrygga, symjeføtar- og hændar, enkeltmannspakka, fløyte, tigerbalsam og ein stor haug pågangsmot og gøtt humør! (Prøv å dytt alt detta inn i ei våtdrakt og legg på svøm - mæn hugs å klypp av føtane på drakti, i rett høgde ivi knei... Viss ikkje bli d tungt å "springe"!)





Å hive seg ut i Lysefjorden, æ ein ting - å symje bortimot 1000m i 12-13 grader æ heilt ok, kl 07.30! Å skulle kåma seg upp av vatnet, og rett upp ein "vegg" gjorde meg litt svimmel - dænna dagen, mæn bør væl i utgangspunktet vera ganske greit! Ein god ting mæ bakkar æ jau at ein fær god varme inni våtdrakta, etter ein hell kjøleg svømming! Når eg nådde "kokepunktet" inni våtdrakta, skulle me på ny krysse eit par tri vatn, kun mæ litt kort springing  innimellom... Sø når me nærma kån prekestolhytta, i dæn sænste idylliske innsjøen - gleda eg meg te bakkar att, sø d skulle bli maugleg å kjenne føtane og hændar att! 
At me før servera gel, bars og drikke - som fremhever behovet fe brekningar, kan jau ikkje Rockman crewet gjera noko mæ! Mæn då rekk me jau bli ganske fantasifulle på hørr d ha vøre maugleg å drassa mæ seg meir mat! Eg skø ikkje bare ha eit par pøsar "ride shots" gelekulur plassert i rompa, to gel i det eine låret og ei pakke knekkebrød mæ brunost i det andre låret! Eg he plass te eit par større polarbrødblingsar i bh'en! 

Uppivi mot Prekestolen skjønnar eg ikkje høffe våtdraktløping he blitt ein kjæmpehit når d kjem te celulittebekjæmpelse...? Å tasse rundt i norsk natur, nykoka/ hell konstant koka, inni våtdrakt æ jau ein eigen upplivelse! Om ein ynskjer full effekt, æ d bare å behalde drakti på, i full lengde - fe full koking, meiner eg... Mæn når det æ sagt - 
Prekestolen va vakker! 


Neviløping æ litt vrient når synet æ litt smalt - eg må væl heilt generelt øve på å få fart på føtan nevi. Mæn dænna dagen hadde eg litt "tunellsyn"... Mykje av synsfeltet æ tåkete! Uppivi gjæng d bra, litt lettare å sjå høtt som møter det, når d æ søpass bratt at det føles som om neste seg æ der "nøsi æ"... :-)
Mæn alt ordnar seg, når Elin spring rett framfe meg, og eg kan fokusere på hørr ho set føtan sine.
Mellom Prekestorlen og Bratteli, skø me bare krysse eit lite vatn - og ikkje ta full lengde på det, fordi det ligg ein dau elg i eine enden av dæt vesle fjøllvatnent... Anbefalar å ikkje drikke fe mykje vatn, av vatn der det ligg daue elgar - det he ein pussig salt og ekkel smak - og eg kan ikkje tru at det he nokon stor helsegevinst... (Me bli jau anbefalt å koke vatn på fjøllet og områder som æ plaga av mykje daue mus og lemmen - liksom...)

Dagens vekkar kom på Seaside swim... Distansen skulle væl vera 1600m... Eg veit eg ikkje æ ivibegeistra f svømming. Mæn at 1600meter skulle vera SØ vanvittig lange og kalde - dæn kom litt bratt og brått... Eg he svømt i ulike temperaturar og mæ ulike drakter i mi "karriære" som triatlet - mæn eg he aller trudd eg skulle dø før. Eg druknar, eg mistar følelsen i armane mine, eg kjænner ikkje beina mine, me må på land - det va nære panikk! Ikkje såg eg ein dritt hell, sø eg he ikkje sjans t sjå at me faktisk nærmar kån ny løpeetappe. Stakkar Elin, ho måtte jobbe mæ meg dæn dagen der altsø! På land att, fast grunn under beina mine, hakkar tænnan ukontrolert og krøppen rister... Eg tek eit og eit steg. Veit ikkje høtt Elin og eit ana par bak meg snakkar om. Detta æ nok d næraste eg he kåme te tænkt "idioti" nokon sinn i ein konkuranse...
Mæn sø æ d litt mæ akkurat slike dagar au då! Eg veit jau d, innerst inne! Ha eg vøre eismal, ha eg nok hell aller gjeve meg, eg hadde nok fullført - sist om d va d som skulle t! Bare f at akkurat slike dagar æ d som gjev styrke te nye dagar som væntar der framme!
Det æ bare å bite tænnan sammen. Ein fjordkryssing - åssø eit par fjøllvatn att! Flørlidtrappene - det bli bare moro - der fær me varmen! Eg tenker nok aller mest på Elin. Og syns d æ synn at ho fær akkurat dænna utgåva av meg mæ seg på tur, ein dag der HO æ i toppform!







Fjordsvømminga gav kån ein vekkar for høss kryssinga skulle kåma te bli! Det va bra - me visste d km t bli kaldt, langt og hardt! Når ein veit då gjæng alt litt bære.. Eg minnes ikkje det som ana enn teljing, "1-2-3-4-5-6-pust-7-8-9-10-pust- repeter" Me visste at kom me kån bare te Flørlid før cutoff - då va det bare å "kose" seg resten av turen, prøve å vera litt stolte ivi å ha mestra nokon naturelement som ligg noko uttafe det ein normalt bevegar seg i friviljug... :-) !


Mitt høgdepunkt dæn dagen va Flørlidtrappene - einaste partiet eg følte eg takla på ein god måte! :-)
Åssø d å springe te mål, sjavsagt!


Anbefalar eg "Rockman swimrun"? JA!!! Det æ eit eventyr du bare drømmer om! Nokon gidd faktisk organisere "ein vår draum" om bratte bakkar, heftig natur og følelse av å dytte på komfortgrensene! Crewet æ langt ivi snittet hygglege og tøffe!!! TUSEN TAKK fe ein magisk upplivelse!



Dagen ette eg kom heim frå Stavanger, fann avisa i pøstkassa, og ville kose meg mæ dagens kaffekøpp - gjekk eg fullstendig amokk i frysaren... 5-6 is, ei halv pakke kjeks og litt smågøtt måtte te fe å dekke søtbehovet, mæns eg kunne lesa i avisa at eg æ "heilsprø"!