fredag 12. august 2005

Norseman 2005

Ein hell ana gong bli ein bare hekta. Ha nøkk ikkje trudd d va triatlon eg si bli hekta på, sykkel hell ski kanskje, fjosstell, boklesing, bikkjur, plantesamling hell noko sø ha vøre meir lagleg.

Mæn litt stor i kjeften ein maidag 2005 konne eg bekrefte at Norseman va årets mål. (Harald Rishovd, ein stor sportsentusiast i Øyfjell itroduserte meg fe Norseman via et Kondis blad.. Eg ha ikkje peiling på høtt eg uttalte meg om. Mæn ein uttaler seg ikkje ustraffa om slike ting på Landhandelen i Øyfjell, sø på 17.mai, blei det erklært tydleg og kanskje litt ironisk i høgtalaren at Marie Veslestaul stilte som fyrsteman te start på jordepleløpet, som ein fin treningsøkt før årets Norseman...Det tænte nøkk "eg skø syne dei eg" tanken!!)

Det længste eg he karra meg igjænom på svømming va 500m i basseng i 7.kl. Længste løpinga eg ha gjænomført va sama året - Råskinnet på 10 km, i tøft terreng då vel å mærke!
Sykkel derimot va eg svært begeistra fe, å ha væl allerede året fyri tebakelagt noko sø som heile 100mil - mest på terrengsykkel. (Fe asfaltkvaliteten i øvre Telemark æ elændig...) 2004 va liksom det året eg tok te mæ sport att å ha fullført både på Odda - Bø, Gaustatråkket og Birken, mæ relativt greie resultat, slik at dessa 18mila mæ bakkar såg eg bare fram te!

Frå dæn dagen tileg i mai eg bestemte meg fe å starte på årets Norseman, las eg alt eg kom ivi av gamalt og nytt om NXTRI. Eg gjekk te å mæ te anskaffelse av treningsdagboka te Kondis, fe der sto/stænd et par siur om høssen ein mosjonist karrar seg te mål på sin fyste Ironman. Å eg studerte kart. Alle bakkar blei finstudert og delt inn i 100m lengdur ette stigningsgrad. Om ingeting ana, sø si eg i alle fall vera førebudd på høtt som venta meg. Å eg bjønda ettekvørt å seta upp ett tidsskjema, der eg si klare cutoff`en mæ minimal margin. Å sø sette eg igang mæ træningi... Eg sykla i alle fall, å starta mæ nokon greie veksels-øktir, frå sykkel mæ ivigang te løping. Eg sykla bakkar og sprang bakkar. Svømming fekk eg bare utseta - d va sø fryktleg kaldt i vatnet.

Vikun gjekk, våtdakta som eg ha eg fænje i jibusdagsgåve i mai, låg fræmdeles i plasten t uti juli. Ikkje va d noko kosleg å ta på seg et slikt slangeskinn hell. Idee`en om at svømmingi kom t gange av seg sjavt mæ det plagget på drukna burt på fyste turen... Å lære seg crawl såg eg ingen gronn te, bare tanken på å halde høvuet onder vaten i dusjen gav meg litt panikk... Slik at det fekk bli brystsvømming mæ høvudet trygt ivi vassflata - mæ god maugleghet t puste fritt (då slepp eg å sjå bøtn av vatnet au, der det kan dukke upp fisk, ål, gjedde, lik å kanskje værst av alt - kjøtentande sjøgras - fysjåfysj!)

Mæn mæ høvude gøtt trygt ivi vatnet fekk eg plaska meg igjænom burtiomt 3km mæ svømming i juli, å kalkulerte mæ at det fekk vera meir enn nøkk. Målsettingi på svømmingi va trøss alt bare å iviliva å drive i land på 2 timar og 15 minutt!
Sø når eg litt smånervøs ringde te Bent Olsen 8 dagar fyri start, om han tilegar i mai ha fænje e-pøsten min om at eg ha lyst t start på Norseman va svaret "nei"! Mæn eg si få løv te starte fe det, viss eg dukka upp i Eidfjord fredag fyri kløkka 14.00 mæ kontanter te startkontigenten! Papa påsto eg va gal, mæn han va mæ å pakka bilen å han kjørde meg gjennom Tessungdalen og Geilo te Eisfjord fredagen ganske presis te kløkka 14.00! Eg ha pæningane klar, og å møtte et litt forondra crew, som bare ha hørd rykte om tlf samtala mæ Bent, og kanskje ikkje virka dei heilt ivibevist om at eg va dæn dei hadde lyst te vænte på i stummende mørke ivi midnatt sundag morgon. Mæn dei delte ut start nr 100 å eg va bare lukkeleg.

Prerace møte gav meg gåsehud, stummende mørke kun brutt av bilde frå året fyri og kveing gav ein stemnign som æ vrien å forklare. Det va ordentleg skrekkblandefryd! Eg fekk værkleg et intrykk av høtt eg ha begjeve meg utpå, mæ advarsel om ganske kaldt vatn, vind og sludd på toppane, ekstra kilometer på sykkel, mæn kanskje værst av alt va at me måtte HØPPE frå båten å ned i vatnet... det kom t bety vatn i fjæset! (Ha eg fygd gøtt nøkk mæ sø ha eg burda fænje mæ meg infoen om kyllingutgangen). Va fryktleg vrient å få ro t slappe noko viar av timane fyri me si vera klare t båtturen!


Ein tri kvarters båttur omgjeven av sø spræke følk roar væl ikkje akuratt nervun. Vaselin, klæi uder våtdrakta, energibarar og liter mæ energidrikke - det va sikker noko eg ikkje ha rekke lese! Eg sat utta klæi onder drakta å ha blitt sændt på ferja mæ ein banan av papa. Eigentleg sø konne båtturen bare vare å vare f min del. Mæn ein stæmme konne fortelle meg at det va 5 min t start og det no va fritt fram å høppe i vatnet.. Eg gjekk fram t gapet på båten å såg at laaaaangt der nede, der va vatnet og venta på meg. Ett minutt te start sto eg fræmdeles å kikka ned i vatnet. Og då starten gjekk såg eg dei grøne badehettun fara av garde burtivi vatnet - eg blei bare dratt mæ av ein kar som au ha litt trøbbel mæ høgdur - då va det ingen veg tebake! Å fytti sø kaldt det va å bli omslutta av vatn hvirvla upp av båten! Ette ein 5 minuttars tid slutta eg å hyperventilere, bjønda å orientere meg om hør eg befann meg og i hvilken retning eg burde svømme. Eg innsåg ganske fort at eg nøkk kom te iviliva. Mæn det kom te bli ensomt der ute på "havet", og va fullstendig innstilt på å koma sænst inn t land! Førdelen mæ å svømme mæ høvude gøtt ivi vatn æ at det æ lett å halde retninga, ellers så kom eg te innsjå at eg kom te bli våt i fjeset f der va litt byljur å dei va vriene å kalkulere når kom. Halvvegs blei eg væl søpass tøff at eg te og mæ svømte bryst mæ høvude ivi og under vatn slik som det nøkk æ meiningi at ein skø! Ikkje nøkk mæ det, eg svømte te å mæ febi ein fyr - dagen min kom te bli super altsø!! Eg prøvde å nynne litt på nokon sondagsskule sangar - fe å bevare roen :-)

Blei dratt i land av litt iviraska crew som kunne konstantere "der er du alt?!" Det va god musikk i mine øyro!
Litt usikker på nøyaktig svømmetid, mæn eg såg at det kun ha gjænge 1 time å nokon å 30 minuttar å va bare fullstendig ivilukkeleg - ein halv time fyri skjema, minst!!! Å ikkje va eg sænst upp av vatnet hell! Mæn eg ha all værdens tid i skiftesona, eg visste ikkje at ein si nøyte seg sø vøldsomt her, slik at eg drakk litt havresuppe, åt ein banan, klædde gøtt på meg og førebudde meg på sykling, noko som sikkert tok minst 10 min!

Sykkel etappa æ einaste gronnen fe meg å starte på Norseman. Eg syns bakkar æ fint å turen Eidfjord - Austbygdi æ ein fantastisk flott naturupplivelse! Sø væl på sykkelen, mæ banan på baklomma og vørterøl og energidrikk på flaskun la eg glad i veg. Ei mil ekstra på sykkel gjor meg ingeting, eg ha uansett belaga meg på å bruke millom 9 og 10 timar. Det tok meg nøkk et par mil å få følelsen att i fingrane og tæane, neglesprett på nesten alle tæane. Eg ha faktisk ikkje kjænt høss kald eg va. Fekk jau varmen, ha gøtt mæ klæi mæ meg å ha relativt god fart upp bakkane. Mat æ vrient å tygge, brød mæ skinke å røyka laks smakar ikkje fult sø gøtt som eg ha håpa på, skørpa æ au vriene å få tygd i små nøkk bitar som æ mauglege å velge. Fuglan fekk nøkk burimot halve nista mi ivi Hardangervidda, mæn eg drakk vørterøl, cola og energidrikk å syns krøppen va bare på lag! Sykkeletappa gjekk sø bra f meg. Ikkje va eg sø nøye på om nokon tok meg att, å ikkje la eg sø veldig mærke t om eg tok att nokon hell. Mæn eg æ ganske pratsom, sø ette nokon timar på sykkelsæte sø dukka Imingfjøll upp. Der la eg merke te at eg tok att ein kar, å ha massevis å prate om. Ette å ha skravla ei beite såg eg burt på fyren å væntar på svar. "Du må gjerne prate du, men jeg har ikkje luft til å svare", fær karen stotra fram! Det æ ganske oppkvikkans!:-)

I mitt tempo crusar eg ned til T2 inn på litt ivi 8 timar på sykkelen. Eg æ sø glad, dette gjæng sø mykje bære enn forventa. Bare maratonen att. Nye 10 minuttar i skiftesona - alt blir bytta, frå innerst til ytterst, kalde, våte og ekkelt sykkeltøy blir bytta ut med litt ski og løpetøy!


He blitt enig med supporten min om matstasjonar kvør 3.km. Og som planlagt stænd bilen parkert ca kvar 3.km med et stort utvalg av digg, som melon, jordbær, spekemat, smågodt, lakris, potetgull, pianetar, rosinur, cola og vørterøl - der va nøkk te andre som passerte i rett tid! Fe meg sø blei det på denna måte heilt ok å jogge jevnt med innlagte matpauser alle dei flate kilometerane. Dæn tyngste perioden kom på løpinga ca to km før bakkane tok te. Då kjenner eg knea verker og låra bjøndar å bli stive og kalde. Mæn bakkar æ jau ein forandring i belastning, sø eg støppar i krysset på Miland, sikrar meg ein neve mæ heksehyl å legg i veg mæ lange stig uppivi. Uppigjænom slik legg ein lettar mærke t om ein passerar dei sama følki som litt seinar att gjæng febi meg. Då vi det nøkk sei at me he små upp å nedturar uppigjænom bakkane mot Gaustatøppen. Kløkka fortel meg at eg kjæm t knuse skjema mitt på 18 timar å fær lyst te sjå om det æ mugleg å fullføre detta her på 15 timar. Ein av svingane æ eg faktisk i stand t småjogge litt bare i rein iver. Noko nedtur æ det når me bli førtald att fjøllet æ stengt. Me må snu på Stavsro å jogge ned att te krysset inn t Gaustablikk. Et par kilometer fyri vending bjøndare det å sludde, føtan æ litt vreiene te å få te lystre når eg prøvar å jogge. Papa væntar klar mæ skidressen å pakkar på meg. Ette litt masjase mæ varmanes krem på låre kjæm eg meg i gang att, det ein kan kalle motbakkar gjæng fint. Eg he måtta på do veldig længe mæ seta seg i buskan - nei det gjer ikkje ei jænte frå fjøllheimen, sø eg held meg sø gøtt eg kan te eg tassar inn på parkeringsplassen på Stavsro og t vænding å spør om eg kan bruke utedoen...:-) Pussig nøkk sø flirer dei litt, mæn doen æ sjavsagt t låns.

Joggingi nevi att, tek på kne, lår og tæar. Ettekvørt sø va det mest vondt, å matpausun dukka upp mæ ca 500m avstand ei beite. Støtte og trøst, målet æ SØ nærme. Papa ha på tur upp måla længdur å sa ifrå når det va att ca ein km. Då fann eg litt ekstra energi ein hell ana sta å sprang sænste stykket te mål!

Følelsen av å ha klara Norseman på 15timar 15min og 45sek, kan ikkje beskrivast. Det va som å få jol, jibuisdag, nyttårseftan og sommarfeirie på sama tid. At eg fullførte som 4. dame i mål va heilt uvirkleg fe meg, som aller ha svømt hell hatt sansen fe springing før! Sændte straks mel te Harald Rishovd, han som ha lura meg utpå, kort beskrivelse og sluttresultat. På meldingi eg fekk tebake stod det; "GRATULERER, dette var imponerende, ett år med tri trening og du skal se du er raskeste dame". I bilen på veg heim, ette dusj på hotellet, ubeskriveleg lykkleg, frysen, sliten og mæ heilt pinnestive kne, bestemte eg meg fe at det neste året si bli tritrening!:-)

Ingen kommentarer: