lørdag 9. august 2014

Det var ein gong.... Trippel ultra triathlon i Lensahn 2014

Hausten 2013, då va det tii fe å finne på noko heilt nytt... Livet skifter, og det blei brått viktig å ha solide, store og heilt nye mål som vænta på meg der framme. Eg takka ja te vera mæ på HOKA fling, eit 53 miles langt terrengløp i Skottland, på vårparten... Eg takka ja, uten betenkning om å vera mæ eit reint jentelag, "GirlPower" å sykle den store styrkeprøven Tronheim - Oslo, mæ mål om tid på 18 timar! Og eg la inn søknad om å få startplass i Trippel Ultra Triathlon i Lensahn... Både terrengløpet og Styrkeprøven fortjener eit eige blogginnlegg, mæn eg hadde ikkje tid te tenke på det - eg ha fænje plass på trippelen - som i år au fekk VM-status! Tænk, eg skulle få ta fatt på draumen min!
Trippelen ha eg lese om allerede i 2006, på ein treningsleir i Danmark. Som veldig fersk triatlet tenkte eg at trippel, det skø eg vera mæ på ein gong... I 2011 reiser to norske karar, min gode venn Hårek, og Thomas te Lensahn! Det æ vondt å sita att heime, og sjå at dei tek fatt på noko som eg au drøymer om. Det va på tide å starte dæn målbevisste jobben, eg skø bli klar! Klar fe å svømme 11,4km i 50meters basseng, sykle 112 rundar av 4,8..km og sø te slutt 96 rundar på 1,372 km! Spørsmål kan alltid kåma snikande, "bli du nokon gong klar?", "høss klar kan du bli?", "æ detta fe stort?" Ingen andre norske damur he gjort detta før...
Føler fe fyste gong at alt stæmte, sø og sei eit heilt år. Eit heilt år, mæ god træning, træningsleirar, lange og læng hell lange konkurransar - der eg he tronge kort restitusjonstid. Trippelen kan bare kåma - eg æ klar, te ta runde fe runde!

Frokosten torsdag morgon va værkleg fe eliteutøverar. Anne ha vøre uppe i eit par timar og handa inn alt ein kunne ynske seg... Uppladningi næringsmessig, te ufordringi som vænta skulle det i alle fall ikkje vera noko i vegen mæ!
Bilen æ fullasta, eg he alt eg træng fe å vera i bevegelse i all salgs vær, i to-tri døgn. Og me he det me træng fe å "drive leir", ei lang hæg, frå onsdag te sondag! Supportteamet mitt, Gjertrud Sandland og Anne Jupskås, he sørga fe at me kjæm kån trygt fram te Lensahn. Eg sit baki å småduppar, et gøtteri og drikk cola...
Lavvo va ganske spesielt, som leir... Det blei sjavsagt Camp Norway, ændå me prøva å ivibevise om at detta va" Leir Fjøllgeitlaget"!

Me syns kanskje at dei andre deltakerane ser på kån som litt useriøse, der me kjæm mæ lavvoen kåns, og ikkje tek imot eit rom inne på skulen. Skulen æ jau hovedkvarteret... Me kjæm jau te mangle straum, maugleghet te turke klæi, og lage mat... Det æ nok au fort å tru at me æ to små jæntur på tur, mæ "mamma", og d kan vera vrient å plukke ut kvæn som eigentleg skø vera deltakar i gjængen. Om eg tilegare he vøre tent, kjæm au dæn ikkje heilt ukjænte følelsen "eg skø vise dei"! Prøvar å lagre dæn inne i krøppen, eg vi kåma te trenge dæn når det "mørknar"!

Obligatoriske blodprøver æ tatt, eg takla det kjæmpefint - heilt uten at Anne heldt meg i håndi! :-)

Torsdagen æ det preracemøte mæ presentasjon av kvør ænkelt deltakar. Det æ liten tvil om at eg æ dæn mæ "minst" triatlon erfaring. Å gange frå vanleg ironman te trippel æ veldig uvanleg, noko eg blir fortalt ganske mange gonger. Høffer i all værda vel eg å gjera d slik? Høffer skulle eg ikkje velge å gjera det slik? Spør eg tebake, og nevner noko mæ at eg syns normalt æ kjedleg... (Det hjelpte å nevne at eg he 15 fullførte ironmandistansar, og at Norseman æ sju av dei...) Alderen bli jau au eit tema, og eg vinn tebake balansen - eg æ ung, og he tross alt grei erfaring. Ultrafamilien tok meg inn i varmen, tross min manglande erfaring innafe konkuransar ivi 40 timar (hell 24 timar f dæn sak skull) - me snakkar "sama språk"!

Veldig mange deltakerar såg gruleg nervøse ut... Eg gjorde alt eg konne fe å sjå bare lukkleg ut... Høss det bobla å koka innvendig æ eg litt usikker på... Samtidig klara eg ikkje vera gruleg nervøs. Kan hende eg ikkje ha peiling på høtt som vænta meg, ellers va eg bare gøtt forebudd! (Eg vel å tru d sænste!)

Når deltakerane blei presanterte, ein og ein, ved informajonsmøtet torsdag fyrimiddag, høyrde me jau at speakeren, Bernahard Vogel va språksterk, han tok tysk, fransk, engelsk, ungarsk(!!!) som dæn største sjvafyge... Fjøllgeitlaget va no alikavæl veldig spente på høss han ville uttale "Veslestaul"...

Det viste seg at min, etterkvørt veldig gode venn, inspirasjon og ekstra support kunne norsk au... Hærleghet, sø iviraska eg blei! Det va SØ GOD start på eventyre mitt!!!

Utdelingi av startnummer va ei høgtidleg "sermoni". Der kvør nasjon fekk delar av nasjonalsangen spila. Ein presentasjon, og fotosenanse måtte te, når me fekk startnummeret utdela... "Heile" Lensahn va samla te fest og pastaparty! Familien æ samla!
Kari, som æ svænsk og rutinert på distansen bli sitjande ved sidan av meg, på den "høgtidlege" presentasjonen, og startnummerutdelinga som æ torsdag kvell. Han fortel at han fe sju vikur sia krasja på rulleski og fekk brist i fire ribbein. Han fortel viar at han ikkje he sprunge etter krasjen, kun he sykla korte turar, og kun hatt ein svømmetur på seks kilometer (noko som æ meste to kilometer læng enn min længste svømmetur ute i sommar...) dæn sænste vika! Eg bli jau beroliga av det han fortel, og spør han om han bli "spent" av å ha ein slik uppladning... "Inte alls"! kjapt og overbevisande svar... Eg bli sø imponert av roen han oser. Viare fær eg bare råd om å ta det mæ ro; Et morgomaten din ette kløkka seks imorgo tileg. Du vil trenge all kvile og søvn du kan få i nått, ingen grunn te stresse imorgo tileg. Ingen vi vera uppe mæ bassenget fyri kløkka nærmar seg 20 på sju... Starten æ trøss alt kl 0700! Detta æ tydlegvis noko ana enn ein vanelg ironmankonkurranse...

Torsdag kvell... Sykkeln min æ klar... Utstyret mitt æ klart... Der æ "ingen veg tebake"... Bare ei nått att!

Uansett høtt Kari, Wolfgang og Bernhard he fortalt om å ta det mæ ro, søva sø længe som maugleg, legge seg tileg, eta gøtt, puste mæ magen - æ d klart at no flaksar sommerfuglane! Det æ ingen veg tebake. Det æ torsdag kvell. Om kun få timar skø eg gjera meg klar te svømme 11,4 kilometer i basseng, eg skø sykle 540 kilometer og eg skø tebakelegge 126,6 kilometer i joggesko. Ikkje veit eg høss længe det æ te eg skø legge meg strak ut å søva att. Ikkje he eg peiling på høss krøppen min vi takle alt detta... Ændeleg æ følelsen der, dæn eg he leita ette, søkt ett - dæn spente sitringa i krøppen. He eg gapa fe høgt? Klarar eg ivibevise dæn nye "familien" min om at eg æ dæn fødde ultra triatleten? Hæng høvudet mitt mæ, æ eg mentalt sterk nok? Eg set på musikk på øyraet og søvnar te "Leva livet"!
Svømminga æ færig! Tænk 11,4 km i basseng... JUBEL! (Foto: Peter Piranha)

Kløkka nærmar seg nok 0500, då he eg vridd meg i søvepøsen, søve uroleg, drømt usamanhengande, svetta meg gjænomvåt - det æ ikkje sjans, eg må på do! :-) Utruleg roleg leir. He aller upplivd makan, der finnes ingen som æ vakne, eit par timar før start... Fantastiske nærvur på ultrafølki! Ikkje fyri kløkka nærmar seg 0600 bjøndar eg å høyre at der æ fleire som strekker på seg, treng ein tur på do, og morgomatlukt sig ut glasi på skulen. Jammen gøtt me kan seta igang. Detta he eg vænta sø på, forebudd meg på, bruka kvørt ledige minutt te tenkt på. Ændeleg kan eg gjera meg klar!!!
Havresuppa he væl smaka bære, enn akkurat dænna frædags morgonen. Sjav om Anne he gjort alt ho kan fe at dæn skø vera søt og go, lett å svæge ned! Sommarfuglane he blive store strutsar, og dei dansar veldig urytmisk rundt og rundt i magen på meg...
Som anbefalt æ eg ikkje på plass i T1 fyri kløkka æ nærare kvart på sju. Roleg, mæ puls på 62 æ eg sænstemann ut av skiftesona og ut i vatnet. Eg æ ikkje rædd, bekymra fe å kåma fe seint te dænna starten. Eg kjæm te plaske uti det bassenget i omlag fire og ein halv time, eg he ikkje behov fe å gjera dei store uppvarmingsøvingane i tilegg!
I bane seks, svømmer me som he tænkt å bruke mellom fire og fæm timar... Starten gjæng, ændeleg! Syns det gjekk ekstremt seint, sø målet om fire timar og 15 minutt ørkar eg ikkje bruke mykje energi på. Å ligge slik å "drafte" på føtane framom meg æ veldig hyggleg. På dæn måten føler eg meg sterk, ikkje reint skjella må eg upp å svømme bryst, fe å ikkje havne langt upp på ryggen te dæn fyri meg. Tænker bare at detta æ ein fin måte å spare energi på, sø eg bli aller stressa. Benyttar anledningi te å værkleg tænke god teknikk, slappe av, og smile te livet. Supportane mine jublar kvør runde - sø me feirar væl om lag 114 gongur i løpet av dei fire timane og 37 minutti eg brukar på å gjera meg færig i det våte elementet! I løpet av dæn beita he eg prøva å tenkt ut ein god årsplan i musikk (!!!) fe fjerde klasse, rekk kåma fram te at eg ikkje he nøk material te skrive ein sjølbiografi om livet mitt ( :-) :-) ) og og at eg gledar meg SØ te ein stor køpp mæ svart kaffi!

Dusj, tørre klæi, KAFFI, "ny" dag, ny start, no va d klart f sykkelglede! (Foto: Peter Piranha)
Sykkelen sto å vænta på meg, og eg gleda meg te seta igang. Det va liksom no konkurransen si bjønde. Eg hadde aller nokon gong tænkt høss langt eg eigentleg skulle sykle... I høvue mitt va det bare 112 rundar på litt under 5 kilometer. Uansett høss formen min kom te bli, ville eg jamt vera i stand te ta ein runde te. Sia eg kom litt "seint" igang på sykkelen va det allerede god stemning i sykkelløypa. Folk heia, jubla og smilte, eg smilte og jubla tebake. Soli stekte, himmelen va blå, det va sikkert rundt 30 grader, det va vind både imot, og i ryggen. Mæn som eg blei fortalt på Lanzarote i 2006, bekreftar eg bare fe meg sjov,at vinden æ min vænn! Ikkje jobbe mot naturen, det he ingen hænsikt! Smilte breitt, og syns livet va strålande. Brydde meg ikkje sø veldig omat kroppen ikkje satte igang nokon sveitteproduksjon... Litt kjåleg va d sjavsagt at eg måtte tisse bak busskuret ved vendig, på KVØR BIDIGE runde, men eg bestemte meg fe at det ikkje skulle vera eit problem. Eg skulle hell tænke på høss det gøtt det va å gange på do, når ein må på do... Ligg i bøyla å nyt livet, drikk yt, et småbitar mæ polarbrød, seigmenn, snikkers og banan... 
Livet på sykkelen æ fint! (Foto: Peter Piranha)


Fyste ordentlege matpausa ette 120 kilometer... Det æ nok gøtt å seta seg ned litt... (Foto: Peter Piranha)
Livet smiler, og eg smiler heile dagen, og ganske langt ut på nåtti. Mæn nedturen ligg å murrar bak ein stad. Tissing på kvør bidige runde, altsø 70 dostøpp bjøndar å tære på meg, det betyr nesten ein og ein halv time, bare på tissing... Krøppen skrik ette søvn! Sia eg he lege i bøyla å inntekje det meste av næring bestemmer no krøppen seg fe at detta tulle fær det bli ein støpp mæ... Eg spyr magasyre, halsen brænn, munnen værker. Kløkka nærmar seg fire - fæm tii på morgokvisten. Knei værker, høvudet påstænd at det æ gruleg langt att, ein heil ironmandistanse, eg he "bare" tebakelagt 370kilometer... Kløkka gjæng fe fort i førhøll te det eg ville. Fyste samanbrotet æ eit faktum... Prøvar ei liti beite å ikkje grine der eg sit utmatta i ein campingstol i "sykkellerien" kåns... Mæn tårun sprett fram, det æ vondt alle stad. Ut må alt trist, eg kan ikkje lagre på gørr, om eg skø finne vegen viare. Både Gjertrud og Anne veit detta må kåma, og dei he det meste klart, av strategiar på høss me skø gløyme trist. Riste av alt det som æ tebakelagt. Me må seta strik ivi det som æ gjort - me må bare sjå fram, 180 kilometer, det æ jau bare ein vanleg ironmandistanse. Det he eg gjort sø mange gongur før, det burde gange på rutina! Åssø skø jau eg syne dei andre at eg kan, dæn følelsen hadde eg jau "lagra" te å ta fram når eg trong det! Andre deltakerar, og supportane deira æ på plass fyri det he gjænge fæm minutt. Dansken min, Johnny, kjæm mæ pasta, og beordrar meg te eta - sitjande! Tygge gøtt og få maten gøtt ned i magen. Ein spanjol spør om egtreng ein liten ekstra oppkvikkar. JA, kom mæ alt som kan vekke meg!!! Kort tid etterpå he eg eit lite glas i håndi, som smakar høgg. Tullar ikkje om det tok om lag 20 minutt sø æ alt vondt og trist som blåst burt... Eg æ på nytt klar. Skø nyte kvør tissepause, og ta runde fe runde - slik som planlagt!

Fram te slik i 4 tida, fyste nåtti va det meste fint... Mæn sø kom fyste smellen... Det tok ein times tid fyri eg kom meg upp att... Etter ein uppkastsjau, blei d sjavsagt langt meir vrient mæ mat... Små bitar mæ polarbrød, mæ smør og to seigemenn gjæng fremdeles greit... :-)
Det gjæng jevnt og trutt viar, me æ fremdeles 15-20 deltakerar ute på sykkelen. Supporterane vaknar te liv att, ette ei lang nått. Smil og jubel æ tebake, og eg kjæm meg tebake i godlaget att. Maten bli sjavsagt litt meir vrien. Det meste brænn i munnen og halsen, sjav om eg no sit rakrygga mesteparten av tii. Polarbrød mæ smør og eit par seigmenn æ det som glir lettast ned...


Obligatorisk morgonregn... Eg takla det langt bære enn andre, og kunne smile i dæn svale og nesten kjølege brisen! HÆRLEG! (Foto: Joachim hell Nadine)

"Obligatorisk" torevær etter magisk soluppgang, og eg kan bjønde å telje ned på rundar. Regn på sykkelen fær andre te søke inn i telt, mæns eg trivs gøtt mæ svalande dusj. Det æ gøtt å vakne te liv ette ei slitsom nått... Gledar meg te eg skø seta frå meg sykkelen og "aller meir" bruke dæn i år! Jubelen når nye høgdur når me kan telje fæm, fire, tri, to, ein og sænste runde! HURRAAAA - me feirar som om me æ vinnerar. Fe ein følelse, det gjekk jammen detta au! Kun eit raskt skifte av sko, og eg tassar i veg, no æ det bare 96 rundar att i joggesko! Varmen gjer det vrient fe meg å springe, sø eg gjæng mæ lange stig og rask takt. Soli steikande frå blå himmel, og lite mæ vindpust gjer meg døsig. Ette omlag 10 rundar i joggeskoi æ d på tide mæ ein liten dusj. Dusj æ bilde på ny dag, nye maugleghetar, skifte av linsur, nye klæi - det føles gøtt! Gledar meg veldig te soli skø gange ned. Te det bli svalare luft. Slit veldig mæ trøtthet, skulle ynske eg bare kunne søva - bare litt, mæn tør ikkje. Æ veldig rædd det skø vera for gøtt å ligge strak ut!
Svettar fremdeles ikkje, må på do både ein, to og tri gongur på runden... Klarar fremdeles å ikkje ergre meg ivi det. Fær vanvittig mykje støtte av andre supporterar, publikum, fantastiske Bernhard, og dei andre deltakerane. Supportane mine jublar fe kvør runde eg legg bak meg, mæn det gjer jammen alle dei andre rundt meg au. Smiler frå øyra te øyra. Prøvar nok å smile, som eit psykisk trekk. Viss eg smiler breitt, sø smiler følk tebake - då bli eg upprektig glad. Og når eg æ glad trur sikkert krøppen og høvue mitt at detta æ moro, og på dæn måten æ eg inne i ein veldig god sirkel!

Små sulurkar mæ drikke, cola, farris, blåbærsaft og tynn havresuppe mæ blåbærsaft æ snilt fe magen og maugleg å få ned uten at halsen og munnen "brænn" upp fe meg!

Utpå kvellen ringer eg heim, te papa. (Foreldri mine va nok dei sænste som fekk vita høtt eg skulle vera mæ på - i frykt fe at dei ville prøve å støppe meg. På veg ned te Lensahn, sender eg ein sms t dei der eg fortel høtt eg eigentleg skø vera mæ på, og eg ber dei støtte meg...) Humøret mitt æ på tøpp, sø det bli ein kort og glad samtale, der me æ enige om at detta æ tøft! 

Lange stig, og rask gange, kun korte strekk mæ jogging der d æ skugge... Klart at 126,6 kilometer te lang tid på dæn måten... Mæn d gjæng jevnt! (Foto: Thomas Meister)
"Alle" he advara meg om døgn to. Mæn det va ingenting eg såg meir fram te, enn akkurat nått to. Sval nattbris, ingen steikande sol! Fytti sø gøtt det føltes. Eg va på tøpp, slik eg hugsar det sjov! Natta va min. Inne i ein god stim kunne eg te og mæ snakke andre upp... Sjav når andre gjekk glade i mål, va eg bare glad, og jubla på deires vegne, min tur ville kåma etterkvørt, det va eg heilt sikker på!
Bad veldig om at det måtte vare, at energien bare måtte vera sprudlande i krøppen på dæn måten heilt inn. Visste det va fe gøtt te vera sant, sø eg nøyt godperioden te fulle!

Nått to, som skulle vera sø tung - dæn natta va min! Tommel upp fe svalt temperatur, god energi og framdrift!!! (Foto: min gode venn, ultratriatlet og etterkvørt support: Johnny Munk Pedersen)

Min andre nedtur, og dæn aller tyngste kom når eg hadde 19 rundar att! Etter vakker soluppgang, mørkna det te mæ store tunge skyer. Toreværet låg i lufta. Regnet va ikkje te unngå! All jobben eg hadde gjort mæ å halde meg tørr på føtan, va sjavsagt ikkje for gjeves - mæn no blei jobben umaugleg. Himmelen ramla ned - det va som å jogge i dusjen... Eg kom meg ikkje rundt dei 1,3kilometerane uten å bli klissvåt på beina... Skoi mine endra litt form, hell føtan mine utvida seg på grunn av væta - i alle fall, vesletåi mi, som bare æ ei einaste stor vassblæme sprekk! Poff seie det. Tænk at eit gnagsår kan seta meg sø ut...Sammen mæ at supportane mine he søkt tilflukt i ein ny leir, der eg ikkje he kontrøll på nokon ting læng... Eg finn ikkje gnagsårplaster, eg finn ikkje nye sko, eg finn ikkje dei rette klæi mine... Etter å ha vøre i aktivitet i gode 50 timar, æ det værkleg tiden fe samanbrudd! Papa æ dæn einaste som kan "redde" meg no! Eg æ ikkje i tvil om at eg skø te mål, eg bli bare litt i tvil om høss i all værdas lang tid det skø ta... Gråtande ringer eg heim. (No i ettertid æ eg veldig glad fe at eg ringte heim tidlegare, der eg æ glad og lukkeleg, då bli det ikkje SØ dramatsik, sjav om eg veit at papa blei utav seg, når eg ringer slik!) Papa he vøre mæ på mine seigaste turar tilegare, han veit høtt som skø te fe å få meg på "rett kjøl" att! På sandalar, tuslar eg to rundar, der han mæ meg, fyste runden grin eg bare ut alt... Andre runden æ eg allerede på veg upp att. Me æ "ute å gjæng tur mæ bikkja"! Æ det ein ting eg kan, æ det å gange tur mæ bikkja! :-)
Me finn ei lysing på skoproblemet, og eg ser lysare på dei sænste 17 rundane som stænd att! På mæ fingerløddane, tek ut solen i HOKA skoa, slik at der bli plass te gnagsårfulle føtar. Inn mæ ein ibux og paracet, sø eg kan gange på tøleg normalt på føtan! (Ved å gange normalt, unngjæng eg belastingsskader, som fort kan kåma, viss eg bjøndar å tulle mæ gangelaget!)
Anne og Gjertrud startar nedtellingi allerede på 17 rundar, og dei he ganske god kontroll, fram te det æ att 12 rundar! Då æ det maugleg fe meg au å sjå ænden på detta! (Eg må forresten bare nevne ein tanke, og det æ nesten sø eg Beklager! Eit lite augeblikk på runde 18, trudde eg at eg ville foretrekke fødsel, framfor trippel... Rart høss tankar som dukkar upp når krøpp og høvud ikkje æ heilt samstemt...)
Eg plagar å kunne dra igang gode avslutningar! Sjav på trippel æ eg i stand te det! Følelsen æ fantastisk, tænk, etter 115 kilometer æ eg plutsleg i stand te å løpe! Prøvar å springe forbi supportane mine, uten at dei ser meg, slik at eg kan ivirraske dei, mæ å sei at eg æ no på veg ned fe å ta sænste runde! Trur dei blei upprektig forskrekka, faktisk - når eg ropar te dei - i full fart "eg skø ned og ta te på flaggrunden"!!!

Ændeleg, ændeleg ændeleg, aller sænste runde!!! (Foto: Thomas Meister)

Bernhard fyger meg den fyste 100meteren av siste runden, mæ flagget på ryggen! Fe ein følelse! Ikkje nokon gronn te nøyte seg læng! Detta må nytast. Eg veit ikkje når eg skø gjera det neste gong! Tårun trillar. Følk klappar, klemmer, heiar og jublar! Fe ein kamp... Fe eit gruleg langt slit, bare fe akkurat detta! Dæn følelsen av å ha klara målet - som eigentleg va heilt fjærn! Brukar nok ein halv time på sænste runden. Takke alle sammen som he vøre der, sammen mæ meg, fe meg, delt upplivelsen mæ meg! Og som gledar seg like mykje som meg, ivi at detta gjekk!
Uppløpet æ høppans og dansan! Jublande, letta, LUKKLEG! Fe ein følelse! Akkurat dæn følelsen - æ værdt alt sammen! Burtimot 55 timar på beina!
Kan du kjænne høss gøtt det føles? Akkurat det augeblikke... Eg klara det! Eg æ færig. Uppturar og nedturar, alle træningstimane fyri - fe akkuratt dænna følelsen her! (Foto: Nadine Zahradnik)


Uten supporterane ha ikkje detta gjænge! Foto: Thomas Meister

Lukklege!!! Rørt, sliten, ekstremt letta og LUKKELEG!!! Foto: litt usikker, om det æ Thomas hell Johnny!


Eg fekk seta navnet mitt på målet! Fe ein god følelse! :-)


(Foto: Joachim Feyka)

(Foto: Joachim Feyka)

Min HELT, Bernhard Vogel. Reservepapa heile hægi!!! Fantastisk engasjert, inspirerande, støttande, full av kunnskap om akkurat detta, og høtt me æ igjænom av uppturar og nedturar. Eg gleda meg te kvør bidige runde inne på stadion, der han sto nesten tri døgn te ændes! Fantastisk!


Posering fe fotografen... Det va på tide at eg såg litt gåen ut!

Kløkka æ 23.30 sondag kvell... Eg he vøre vakjen sia fredag morgon kl 05.00... Eg æ tom, Lukkelg, og sliten!


Eg æ ivivelda høtt eg kan få krøppen mæ på. Høss dæn håndterar stress, mas, aktivitet, søvnforstyrringar! Høss kroppen reparerar, når eg ivihøyrer alle dæns signal og alarmar... Kroppen æ ei fantstisk maskin! Ette 55 timar i aktivitet, ukjænt antal timar utta søvn, æ det største problemet mitt gnagsår, og ein litt ivibelasta legg! Klart eg gledar meg te neste gong!
Fram mot neste trippel skø eg finne ut høss eg kan unngå å bruke 4-5timar på do. Høss eg kan få igang svetting etter svømming. Eg skø lære meg ændå bære høss eg skø håndtere næring, høss eg skø innta det, og høss pulssonur eg kan ha...
Mæn ændå ei beite, skø eg nyte følelsen av å ha nådd eit mål!

TUSEN TAKK, Gjertrud og Anne - uten dikkøn hadde eg ikkje kåme te mål!
TUSEN TAKK, Lensahn og det fantstiske upplegget, følelse av å finne familien min! Me sjåas!





fredag 3. januar 2014

Wake me up... Norseman 2013

Eidfjord, "stille" før stormen...
Det må ligge mykje kraft, i ein sterk vilje! :-)
Ferien bjøndar når bilen æ pakka, og me - papa, Sakarias og eg kan seta kån i bilen å ta kursen mot Eidfjord! Papa, som bonde, he ikkje mange fridagane i året... Norsemanhægi æ tri nettar burte frå det vanlege! Me kan snakke natur, vær, vind, mat, bratte bakkar og erfaringar me he fænje i løpet av seks tilegare år, i Norsemanløypa! (Legg vekk frie fettsyrur, mjåkkkvalitet, fe mykje hell fe lite kraftfor, rondball, og lort eit par dagar! :-) )
Yr æ væl sjekka ut, i mange dagar... Det æ liten tvil, det skø bli blåsans og vått. Bilen æ fullpakka mæ ull, regnklæi, skift på skift! Ette ei vike i sol, vindstille og varmt "sydenvær" i Noreg - æ eg fult innstilt på å ta alt som kjæm av vær! Det kan blåse, regne, snoge, kåma tykkaste tykke tåke - eg he god energi i kroppen te takle all slags vær!
Eidfjord tek varmt imot kån, på alle vis! Det æ vakkert i Eidfjord, det æ triatlonstemning i lufta. Hytta på Vik pensjonat æ klar fe kån! Syklane stænd klare på biltaket, det kan anast ein eim av neopren og tigerbalsam... Stemninga æ god, og spent! Glade triatletar i ein kvør krok! Og det æ varmt - lommert varmt! Eg føler meg eigentleg frisk og klar! 

Sø klar, ein kan bli kl 02.45, laurdags "morgon"!
Søvnen æ ikkje sø god, når kløkka skø ringe kl 0215, laurdag "morgonen"! Torevær, vind og varme, gjer kvila ekstra vrien...  Det blafrar i gardina - det trommar regn på taket, det æ mørkt og klamt varmt... Heldigvis æ Hårek på føtan længe fyri kløkka ringer, då slepp eg ligge i sængi å glo!! Norsemans "far" æ full av gode nye idear, når det kjæm te påkledning i ruskevær, ikkje lett å søva då!! Han skø teste ut søppelsekk og uppvaskhanskar... søppelsekk over ulltrøya, og under vindjakka... uppvaskhanskar æ eit gøtt handske (?) alternativ i gørr-regn! Eg kjører godt utprøvd bekledning, og trur me slepp dei enorme mengdene mæ regn - det skø eg hell takle, om det kjæm!!! :-)
Morgomat æ ikkje gruleg fristans, mæn i rein "rutine" :-) smett havregryna, rikleg dynka i blåbær, banan og ølje ned! Eg æ klar... I can't tell where the journey will end, but I know where to start!
Duskregn og varm mørke møter kån ute... Heilt svart, rart at det æ sø mørkt når det æ sommar... Summing på brygga, i T1 æ ganske lågmælt. Det æ ein litt ana stemning enn i fjor, det føles litt meir "avslappa", på ein måte, eg likar det!
Båtturen ut æ, som vanleg lang! Mæn eg kjenner att "plassen" når båten øpnar gapet! Det virker litt rart at ein heilt friviljug skø kaste seg ut, der framme - ut i mørkret, og tenke at det skø vera "lett" å svømme 3800meter... 3,8kilometer i ikkje søssø varmt, salt og djup fjordarm...
Ikkje særleg elegant, klatrar eg meg ut... Ja, fe eg klatrar ut, på kanten av gapet på båden, og he veldig liten lyst te sleppe taket i "fastlandet" og ikje heilt vita høtt som tek imot meg når eg slepper... Havet som "et" deg upp og omfavnar deg mæ kulde og boblur æ litt småskummelt - og veldig stilt! Heilt stilt te høvudet æ uppe ivi vassflata att, då æ der brått mykje lyd, og litt hektisk høvudaktivitet, for å roe heilt ned... Eg overlevde jau detta hoppet au! Då er det bare å gjera som eg plagar, svømme mot land, og halde meg i jevn avstand te kanten innivi mot Eidfjord att!
Eg æ ikkje heilt ved "startstreken" når båthornet gjev klarsignalet, mæn det spilar ikkje sø stor rølle, eg skø inn te Eidfjord, og eg æ vane mæ å føle meg einsam i fjorden! Eg prøvar å svømme "billig", sprae på kreftene og tenke positivt på alle timane med styrketrening eg he att det siste året... Årets byljur og straum krev nok meir enn bare styrketrening, fe det gjæng ikkje fe meg å svømme "billig"! Kvørt svømmetak bli ein liten kamp te framdrift! Syns eg stænd stille tidevis, og svømmer litt att og fram i avstand te land, fe å kjenne omder æ ulik straum imot! Heldigvis, litt ivi halvvegs dukkar der upp andre svømmerar, og eg heng på stykkevis innivi! Tusen takk - viss ikkje hadde eg kanskje vøre i fjorden og dabla ændå! Dei "siste" 500meterane brukar eg sikkert 20 minutt! Det føles i alle fall slik! Brygga hel aller vøre sø lang før... Halvkvalm og sjøsjuk æ eg glad eg kan seta beina vaklande i sandgrunnen!
Ikkje jamleg eg æ sjøsjuk... Veldig i nærheten i år! Føltes som ein veldig lang svømming...
Glade og gode supportar tok meg imot i T1, og sørga fe at eg fekk alt eg trong, turking, tørre klæi, mat og drikke! Glad sette eg meg på sykkelen, og trudde at 180mil kom te bli artig! Allerede ut av Eidfjord kunne eg kjenne at der va eit punkt som hata sykkelsete... Høss i all verden skulle eg sita??? Nokon delar av kroppen va ikkje heilt reparert etter Vikingtour, og med blemmer, som no hadde blitt satt inn med saltvatn - det va sø tårun nesten trilla, allerede etter 10km! (GODE TIPS OM SYKKELBUKSUR fe JÆNTUR som SIT i BØYLA i 180KM - MOTTAS med STOR TAKK!!! Eg treng ikkje ei bukse som æ dobbeltpolstra på rompa, eg sit aller "oppreist" og syklar!)
Eg mangla bare korga framme på styret, sat oppreist og nynna på "brelett" reklamesangen! Passa veldig dårleg å ikkje kunne sita på viksleg vis famme i bøyla, mæ slik motvind!!! Fe det blåste! Rett imot! Og eg prøva å tenke at det æ jammen fint, mæ litt vind i håret! Litt vrient å tenke positivt om vinden heile tii... Og når eg kikka opp på himmelen, og såg dei svarte skyene som kom nærare og nærare, visste eg det ikkje lenger ville vera bare vind i håret... Dusjen venta på meg!!!
Alle som sto langs vegen - lata eg som heia på meg!!! :-) Eg smilte og vinka "tebake"! :-)

Sykle frå det lyse og inn i dei mørke skyene... Det va ikkje te å ta feil av, eg visste høtt som kom te møte kån litt når me nærma kån Geilo...
Eg hadde allerede valgt meg ut dagens sang, te tunge stunder... wake me up, at eg måtte synge dæn heilt frå starten av, hadde eg nok ikkje trudd - slik formen hadde kjenest ut dagane fyri... Mæn på sykkelen va eg sø trøtt, og tom! Ivi vidda, i vind, blåst, regn og i ulagleg sittestilling hadde eg trøbbel med å halde meg vaken! Kaffe-kaffe-kaffe, eg manglar kaffe!!! Og eg bjønda å drømme meg burt om sterk og rykande varm espresso! Idet regnet piska meg hardet og brutalt, kalt og friskt i fjeset vakna eg litt! Prøvde å unngå å tenke for mykje på kor kalde eg brått følte meg, og hell forkusere litt på å sykle effektivt det siste stykket inn mot Geilo! Der skulle eg feire halvvegs mæ ein dostopp, og eit skift! Fort gjekk det ikkje, men eg smilte og sang høgt inn mot Geilo, og fann bilen te papa på avtalt stad, i fyrste bakken etter Geilo! Tørr ull, og dopause - små ubetydlege ting -STORE gleder!
Bakkane i år, føltes ikkje så bratte, eg syns det gjekk jevnt og fint! Vinden løya, og dusjane kom stort sett i oppoverbakkane, slik at eg blei aller iskald nevi! Mæn det va bare fram te veggen Imingen! Hell, det bratte oppover Imingen gjekk jevnt frå sving til sving, med ein seigemann og ein slurk vørterøl som fering!!! :-) Veggen kom fyrst på "toppen" ved dammen! Makan til vær... Vind, tykk tåke, regn... Ett og ett tråkk! Feire kvar einaste kilometer med glad jubel... Eg sleit med å sjå frå kvit stripe til kvit stripe, og grua meg nesten til å sykle nevi!

Tåka, på toppen av Imingen, slik papa såg dæn! :-)
 
Tåka på Imingen, slik EG såg det! Ser du vegen der framme.. Liksom... :-)
Den fyrste svingen nevi frå Imingen var grusom... For meg! Makan te vær! Eg kunne ikkje ana enn læ! Eg burde no vøre her sø mange gongur, at vegen burde vere kjendt, mæn det æ skummelt å seta utivi, når eg veit høss bratt det er utover - utanfor vegen! Ein syklist tok meg att, heldigvis, for han var tøffare enn meg, og eg hang meg på den raude baklykta hans, som lyste utydeleg i tåka! Noko forbi fyrste krappe sving, letta tåka, og det gjorde syklisten framfor meg au! Men med fri sikt, kunne også eg sykle i lageleg tempo nedover, hompetitten hompetatten vondt, og au, og fleire hopetitten og tatten... Rask var eg ikkje, eg var bare "tom"... Eg kosa meg, syns det var lett å smile, kosa meg med lakrisbåtar, seigemenn, brødskiver med laks, vørterøl og sportsdrikk! Kunne synge galde sangar om att! Men beina var ikkje fulle av futt! Og som nevnt, eg hadde problem med å sita, sø det var særleg ein del av kroppen min som var glad, når eg kunne seta frå meg sykkelen i Austbygdi!
 
Ut på marathonen ville Sakarias vera mæ meg! Selskap er hygglege, og til tider kan guttungen vera sprek, så eg tok han med meg! Sidan eg også var nr 192 ut av T2 var Gaustatoppen heilt uoppnåeleg... Sakarias sprang glad i ca 300m, men då var det ikje fult sø moro lengre! :-) Sø om ikkje Norseman er nok i seg sjølv, tok eg Sakarias på ryggen og labba i veg! Gjekk nok i underkant av ein kilometer, så kom papa etter - og turen på beina blei langt lettare! :-)
 
Jogga og gjekk med fast mellomrom! 1600meter jogging, 400meter rask gange! Feire kvar 2km med ein liten slurk drikke og ein bit av ett eller ana å eta! Fantastisk support! Og eg kosa meg! Sola skein etterkvart varmt og godt nede langs Tinnsjlen, og dei som hadde jogga i lett driv forbi meg, kunne eg no skimte ryggen til, og til og med jogge forbi! Glade augeblikk for meg, som ikkje føler meg som nokon løpar!!!
    
Bratte bakkar, og følelsen av sterke bein! :-) Sol og fint vær! Passe varmt! :-)
For lokalkjedne, eg fann min heilt eigen heiagjeng på Miland! Fantstiske Aina og ungane tok seg tid og reiste frå ein jibusdagsselskap for å sjå etter meg! :-) Klem og godord, det æ ikkje sø mykje som skal til, for at dei neste kilometerane blir lette og glade! Ryggen til Hårek var heller ikkje langt unda, tunge bein fekk sjølvsagt vengjer! :-) Knea hans skulle opererast eit par dagar etter Norseman, ikkje sikkert der er fleire som ladar opp til ein minisk operasjon med å fullføre "værdas hardaste" eindagskonkuranse! I ettertid kan eg vel vurdere kor glad eg burde bli over å ta att nokon med trøblete bein, men midt oppi alt sammen, er det lett å glede seg!!! :-)
Me helt fylgje inn i bakken, men eg likar å tru at eg er god på å gange bakkar, og gjorde alt eg kunne for å gange ifrå, og ta att ryggar! Trur eg kan påstå at mine beste augeblikk, frå alle Norsman æ bakkane upp i frå Rjukan! Sjav om eg trur eg va på mitt piggaste ved 32km, va der ingen "nåde2, det va kvit løype som venta på meg! Viss du ikkje he dagen, sø kjæm du ikkje te Gaustatoppen, slik æ det bare! Sø sjav om egigentleg følte meg ok, sø mangla eg mykje sprut og kraft i beina! Slikt fortjener ikkje svart trøye!
 
Dei sænste 7-8 kilometerane, hadde eg sikkert noko som kunne minne om runners high... Eg kunne jogge, lett og glad! :-) Nokon satte pris på mitt gode humør, slik som Hårek - andre syns det blei litt i ivikant (ein danske, syns det va litt i ivikant - å då blei det litt slitsomt at me måtte møtas sø "mange" gongur på dei to små rundane! Å eg syns det blei moroar og moroar...:-) ) 
Ikkje visste eg at det var på kvit løype det var fest! Rolf gjekk rundt i løypa, hadde seigemenn, saltstenger, og eventuelt dagens avis, for dei som ynskte det! :-) Forbi Gaustablikk hadde hyttefolk satt opp langbord, flagg, bjøllur, og eigen mat og drikke og lada opp til ein lang kvell med heiing!!! Fantastisk artig! (Slik entusisastisk heiing æ det ikkje opp mot Gautsatoppen... ) Gjorde alt eg kunne, med smil og stilfull jogging, for å skaffe meg "supporterar" i løypa! :-) Syns eg lukkast veldig, fe eg blei heia fram kvør gong eg passerte "gjengen" på den vesle rundløypa me måtte ta to gonger, for å få full marathon distanse!
Og npr eg blei lettare og lukklegare fe kvør meter eg tilbakela, såg eg andre blie tyngre og tyngre i steget... Det va jau au mæ på å gjera meg glad... (Beklager det!!)
Målgang på Gaustablikk... Kan vera praktisk å ha gjort det ein gong au... Fort å kåma seg i dusjen og finne senga på dæn måten! :-)
Å kunne springe i mål, sammen med Sakarias var vakkert! Om det sø var på Gaustablikk og ikkje på toppen, var det heilt fint, i år! :-)
Turen var fantastisk! Ein tur i vær og vind, og ei reise der kampen er heilt og full min! Det blei min kamp mot nedturar, og strategiar for å halde motet uppe, når kampen mot klokka ikkje går!
Eg har fått dreisen på det å halde motet oppe, og eg trur stadig eg kan fullføre Norseman, Ironman-distansar, ultraløp og 24 timars-aktivitetar,
på tynt treningsgrunnlag - bare på rein vilje! :-)
  
I år va eg god nøk fe kvit trøye på Norseman! Det æ eg stolt av!

Supporten min, æ glad me alle fekk kvit trøye i år... Eg slit det året, han føler han "må ta te takke" mæ kvit, og eg fær svart... Me æ jau nesten jamngode! :-)