fredag 3. februar 2012

Støvsugar...

Litt snedig følelse...
Siste vika i januar blei ei kanon træningsvike... Eg hadde mykje mengde, lendge, fart, intervall, styrke og aktivitet i alle former, og fleire økter kvør dag. Vika blei avslutta på sundag, der eg gjekk på ein "smell" næringsmessig... Gjekk heilt tom, hadde trøbbel mæ å karre meg inn dei 15 sænste meterane og va svimmel og kvalm. Ikkje nokon fjærn og ny følelse det. Åssø va eg nok bare sø passleg nøye æ mat og næring etterpå.
Frå måndag te idag (fredag) he det vøre litt hekisk på jobb, litt travet på ettermiddagena, mykje hjernetrim og nattevåke kvør nått pga sjuk unge, sø eg he mæ vilje (og planlagt) trent forsiktig (og lite, i underkant av ein time kvør dag - på kløkka). Ijår kvell tenkte eg eg skulle klare tri kvarter roleg på rulla, bare fordi eg trudde det va hyggleg!

Mæn eg heldt bare 19 MINUTT!!! Då va der TOMT, eg klara nesten ikkje karre meg inn på kjøknet... Haha - litt ividrive sjavsagt, mæn eg svetta og fraus om inane, eg va skjelven og kraftlaus... Og SØLTEN!

Ikkje veldig spænnans, mæn det skulle då ver mettans??

Ette dusj åt eg fyst 3 skivur mæ grovt brød, eg åt 6 grove knekkebrød, ei halv pakke mæ mariekjeks, apelsin, pære, banan, og ein halv eplepai (heimelaga, sø eg veit eg fekk i meg ca 70g smør, eit eple og ein halv desiliter sukker + litt ana fyll...) Og va eg ikkje i stand te kjænne "metthetsfølelse".... I alle fall ikkje længe... Eg vakna kl 4 på morgonen idag og fekk ikkje søva att, fordi eg va sølten... Ette ein solid frokost, brød, jus, yoghurt, knekkebrød... Sunt og fornuftig! :-) Skulle eg møka sno av to tak, det heile skulle ta i underkant av to timar - viss eg va litt effektiv. Mæn eg måtte inn og kvile ette ein halv time. Då åt eg resten av eplepaien (Altsø nye 70g mæ smør, rikleg mæ sukker og litt rusinur!)
Høtt i all værden æ detta...? (Detta æ noko meir mat enn eg vanlegvis orkar å få i meg, på eit måltid...)
Æ det litt slik "snik" fettforbrenningsaktivitet kvør dag - som tek all futten frå meg? (Som snomøking, småspringing, balansebrett og liknande, som eg bare gjer litt inniellom av, kvør dag - som eg kanskje burde skrive upp, i etterkant av ei træningsvike, som tel nesten like mange timar træning, som eg vanlegvis he på ein månad?)
Høss længe skø ein føles seg som ein "støvsugar" på jakt ette mat - og viktigast, he det noko fe seg å træne når ein fær sø følelse av å ver "tom"??
Nokon som he gode råd?
Det vi sikkert ver lurt å sjå litt tebake i vika og tænke ivi om eg he fænje i meg nok ettekvørt... At det kanskje he blitt litt fe lite, i alle fall i arbeidstii, og mæ totalt antal timar vaken, burde matinntaket vøre større heile vegen, i løpet av vika...?

6 kommentarer:

Imiike sa...

Ja det kan vera noko i det du skriv, alle desse tilsynelatande "små" aktivitetane som set fart på fettforbrenninga/metabolismen.
Og eg veit jo at du er ganske aktiv, men sidan du er så sprek så opplever du kanskje ikkje at desse aktivitetane tek så mykje energi?(dei gir vel energi? Mentalt? Men så brukar du jo energi i form av kaloriar, som skal inn att?)

Eg har høyrt frå fleire andre (som også er aktive) at dei har ein skikkeleg STOR sultfølelse for tida. Og eg kjenner det same. Eg MÅ ha mat. Fort! Nå!

Eller kanskje er det årstida?
Kulda som gir at kroppen vil ha litt ekstra, sånn i tilfelle, for å halde varmen?

Det nyttar ikkje anna enn å gje kroppen det den vil ha, trur eg. Innanfor sunne rammar, sjølvsagt. Men du er jo godt innanfor dei rammene :)

Marie Veslestaul sa...

Eg gjæng litt utifrå at det æ litt lite mat ivi heile vika, som nok he tært på både fett og muskelmasse, fe vekta på bade va ikkje heilt enig i høtt eg trudde...

Sø eg et meir og gjer litt mindre, og trur eg æ kjapt på veg "tebake"! :-)

Idag kunne eg sykle på rulla i 40 min, starta gruleg roleg, og kjænte eg kunne ta i meir og meir ettekvørt... Mæn gav meg, når eg syns eg va på "topp"! :-)

Sø eg hell fram mæ å eta eplepai (fordi eg he sø GRULEG lyst på akkurat det), som dessert, te nesten kvørt måltid! ;-)

Imiike sa...

Hmmmmmmm eplepai ;)
Eg hev kaupt meg potetgull i dag, eg innbillar meg at skikkeleg grovt potetgull (sørlandschips-type) gjev meir metthetsfølelse, pga tyggemotstanden, men er ikkje heilt sikkert altså.
Kanskje litt eplepai hadde hjelpt ja. Hmmmm...

Kanskje er eplepai akkurat det kroppen din treng for tida?

Er ikkje sikker om eg tør å gå på vekta her, den hev nå alltid vist for mykje, den :D

Eg hev i alle fall funne fram eit rulle-dekk og skal gjera sykkelen min klar til rullesykling eg også, og la meg inspirere av dine rulleøkter.

Då er det heller ikkje så farleg om det blir litt vel mykje potetgull og anna magefyll for tida ;)

Tim sa...

Tja... dette med mat er vanskelig og sikkert veldig individuelt hvordan man reagerer og hvordan man selv føler det.... jeg kan feks ikke slurve med inntaket, da blir jeg kraftig straffet dagen etter.

MEN: man er ulike og det gjelder vel å finne "sin greie"!?

Hilsen Silja (skrevet fra Tim sin pc) ;-)

Marie Veslestaul sa...

Næring æ nok veldig individuelt...
Eg tippar eg blei kraftig straffa - fe å ha slurva mæ matintaket ivi nokon dagar... Det va tomt...

Eg æ bare ikkje sø vane mæ å bli sø vanvittig matvrak... Vanlegvis he liksom litt "kontroll"! :-)

Mæn NO et eg, og det ligg an te at eg klarar kåma upp att i "standar vekt", på ei hæg...;-)
(OG eg he sikra meg ei gøtteskål - litt Silja inspirert!! :-) )

Silja sa...

Gøtteskål e gøtt d ;-)