torsdag 30. desember 2010

Neste år!

Straks æ det nytt år, nye maugleghetar, nye mål! Det æ sø stas å sjå fram te!
Fyste og viktigaste målsetting æ jau å vera frisk - ivi længre periode! Ha iviskøt og bare fryde og glede meg ivi å kunne vera i trim/form/aktivitet! Fe meg æ jau det å kunne trene og ha iviskot te trene ein ting som gjer at eg æ i balanse! Eg "gledar" meg te trø timar på dæn hønngamle trimsykkelen...(eg æ eigentleg gruleg fenøgd mæ dæn fantastiske "utstyrsstallen" min, når det kjæm te sykkel(ar), joggesko, tøy, skipar - mæn trimsykkelen - dæn æ antikk... :-) Åssø ser eg ømla fram te ut på ski, aller helst mykje ski!!! Og litt fleir joggeturar/løpeøkter! Ette å ha kvilt ein heil månad bjøndar eg å føle meg klar te å kåma meg ut å kjænne blodpumpa slå!!!




Bare tri (kanskje fire) planlagte konkurransar fordelt utivi vår og sommar 2011!

Fyste æ Mallorca 14.mai, Thomas Cook Ironman 70.3 Mallorca 2011; http://ironmanmallorca.com/


(Sø trur eg at NM lang æ litt artig, viss der æ nokon form fe god form å spore!)

I august bli det ny Ironmandistanse, i år bli det i Tyskland,
IM Regensburg; http://www.ironman-regensburg.de/

Å sø det eg no gledar meg mest te,
Trollveggen Triathlon; http://www.trollveggen-triathlon.com/index.html
Bildi bør sjåast! Heilt makalaus natur, eg gledar meg VELDIG!!

No dei sænste dagan he eg bare nyte fint kaldt vær på tur mæ Imke hell bikkja, hell på rattkjåkke både mæ og uten Sakarias! :-) Sia energien vender tebake og halsen ikkje æ sø sår læng, då længtar eg veldig tebake te litt ordentleg trening att...







GØTT NYTT ÅR!!

tirsdag 21. desember 2010

Virus...




Jaja, sesongen æ ivi, eg he tekje fullstendig ferie.

Æsj, detta visurgreiune gjev seg ikkje sø lett, sø eg æ rett og slett sjuk.

Ikkje noko nytt detta året det altsø. Eg regna ivi antal vikur mæ treningsfri (vikur mæ 3 timar hell mindre mæ trening i bokji). Antalet va heilt sjokkerande... Heile 14 vikur mæ treningsfri pga trøbbel mæ hals, pust, forkjølelsessymptom, som feber, slapp sår hals, hoste, høvupine... Inkludert tri vikur planlagt treningsfri - då æ me uppe i heile 17!!!!! vikur uten trening...

Eg he ein jobb å gjera i 2011!

Virus æ ikkje noko eg bare bli kvitt - tydlegvis. Dei turane te legen i fjor vinter æ sama virusdritten som eg fremdeles slit mæ.

Legane kan ikkje hjelpe meg - sænst vike va resepten "ein ekstra marsipangris, ingefærte, ei dyne og gå heim å syns synd på meg sjov". Det handlar ikkje om at eg æ sjuk på liksom, at ikkje he lyst ut å trene... Eg æ ikkje plaga av dørstokkmila. Batteriet æ liksom bare flatt. Eg he sø lyst ut å lea meg, at eg sannsynlegvis gløymer helsa. Når eg føler at der æ litt meir energi i kroppen - inbillar eg meg veldig fort at eg æ frisk, tek fatt på litt lett trening ei vike, sø ei litt hardare økt i nester roleg ei vike - åssø ei hard økt i slutten av tredje roleg vike, åssø bli eg "sjuk att"!

Tippar årets resultat, mæ to SVÆRT lange (i antal timar) Ironman og ein lang AXTRI og ein litt tung og "kort" 24timars - ber preg av ein kropp på låg-gir. Eg æ sø sikker på at eg kan bære. Eg æ sikker på at eg kan bære enn tii på NM au. Mæn det krever nok at eg brukar tii som trengst på å bli frisk. Viss der æ nokon der ute mæ gode råd - eg tek imot ALT!!

Soneterapi og øyreakupunktur æ noko eg he starta mæ! http://www.facebook.com/home.php#!/pages/Soneterapeut-Eirin/181926801832836
Det æ då bære enn å sita på vent. Åssø føles det gøtt mæ litt "behandling"! Åssø æ det rom fe å benytte gode dagar te artige aktivitetar - som å rænne på rattkjokke!! Aktivitet gjev meg jau sø vanvittig stor glede! Det æ utruleg trist at baksida må vera sø trist og skral form i dagasvis "etterpå".




mandag 6. desember 2010

Bislett24t kvad

Å springe runde på runde skulle væl vera ganske sø lett?
24 timar og du veit høtt du skø
inne i tunellen bare springe og trø.
Matstasjonen æ der på kvør runde serverar karbo, proteiner og fett.
Der æ allslags variantar av mat i koppar og på brett!

På startstreken æ der mange slags følk frå alle nasjonar.
Nokon æ gruleg erfarne og "gamle".
Dei he kontroll og kjæm ikkje te ramle.
Andre he travelt og he planen klar om å knalle te sø de monar.
Når starten gjæng, spilar dei frå alle høgtalerar, nasjonale tonar.

Dei som hadde høge forventningar, og gjekk hardt ut frå start.
Spring fort og lett i mil ette mil.
Sø kjæm smertun som ei pil.
Dei aller fleste uten erfaring fær ganske gøtt erfart,
at å ta det roleg, spare litt krefter, det hadde vøre smart!

Visste fyri start at detta ikkje va døgnet mitt.
La meg sø og sei sist i feltet
og kom ingen rekord te velte.
Fe 24timarsløp bør startas; full-lada og sjukdomsfritt.
Sia eg veit høtt eg he i vente æ d vrient å bare skulle prøve "litt".

Sjov syns eg det gjekk det gruleg seint, mæn ellers relativt greit.
Eit ynske om å klare 200 rundar,
blei tungt og eg trong eit par gode blundar.
Når eg reiste heim i god tru, blei det faktisk ganske leit,
resultatlista viser 199 rundar - og eg må lade upp te ny "fight".

130km på 24 timar æ faktisk eit mål eg he lyst te klare!
Ikkje sø nøye om det bli alt te neste år,
eg skø ha frisk kropp og hals som ikkje æ sår!
Trur ikkje det æ sø nøye om det æ te Bislett eg må fare...?
Kanskje det æ lettar ute - å bare få lyst te å la timan vare og vare?

fredag 3. desember 2010

24 timars æ for unge damer!!!

Bislett 24timars passar fe "kvæn som helst", bare der æ nok motivasjon og vilje og rett mål i forhold te trening!! Dei som jobbar mæ Bislett 24 og dei som deltek; frivillige, ansatte, innsatte, ufrivillige, crew, lyrikerar, unge, gamle og erfarne og uerfarne ultraløperar - det æ ein unik gjeng, som steller te ein unik konkurranse!! Tusen takk! Det va ein heilt makalaus gjeng!


Sø GRATULERER te dei to yngste jæntun, som sprang og smilte alle dei 24 timane te ændes og som runda 132km, Ylva og Anine! Sø tøft at dikkøn beviser at ein ikkje må passere 40 fe å klare kravet på Bislett!! Det va heilt rått!!







Fe dei som he lura, eg æ super fornøgd mæ mine ca 109km på Bislett detta året!!!

(Åssø ser eg at, å skrive kort om 24 timar ikkje va sø lett!:-)

Ein bør ikkje skulle på ditt og datt når ting ikkje gjæng heilt som planlagt.
Mæn eg kan inrømme; det ville vøre fornuftig å stå ivi dænna runden her!! Mæn det fekk eg bare ikkje te, det va liksom aller eit alternativ.Ette tri vikur "ute" pga virus i øvre luftvegar - som eg friskemeldte meg frå, æ ein dårleg uppladning. Mæn å vakne av sår hals nått te laurdag - burde væl fænje meg inn på tanken om å ta dagen heime? Ein ibux og paracet i 6tii laurdagsmorgonen, og skralt mæ søvn æ ok uppladning, viss starten hadde vøre ein Hoppestadleikane, Bø-sprinten, Vest-Telemark karusellen, kanskje te nød ein halv ironmandistanse hell lignans, mæn kanskje ikkje eit 24timars-løp... I bilen inn te Oslo føler eg meg ganske frisk, he alikavæl justert forventningane te meg sjov drastisk!! Eg he ingen ynske om å ta fullstendig knekken på meg sjov!

Steminga inne på Bislett gjer meg glad - dæn æ sø vanvittig spent... :-) Ændå viktigar fe meg å bare ta det heilt mæ ro, eg skø smile te livet, tenke positive tankar, kåma meg sist ut når starten gjæng og halde meg der! Trur eg klara å halde meg sænst - hell i nærheten av sænst nesten alle dei 22 timane eg va der inne! Å eg syns det heile va gaske artig, tænk å få løv te jogge sø seint, gange sø roleg - å ta seg ti te eta sø mykje heile vegen... Reine jolebordet!

Magen fungera fantastisk (imot det eg vanlegvis uppliver) sø og sei heile døgnet. Kanskje det æ dæn låge pulsen som skø ha skuldi fe det!? Sia eg he trøbbel mæ sår hals sø bestemmer eg eg fe at pulsen skø ligge under 130!

Å finne haldepunkt skulle ein tru va lett, når ein spring rundar... Mæn fe min del fann eg aller heilt ut av dænna runden på Bislett. Mykje kvite murveggar... Hadde au ein plan klar, mæ å tenke på bestemte ting (uppskriven på liste i ei bok!:-) kvør halvtime. Slik at når det butta, visste eg høtt eg skulle fokusere på. Lista æ fin dæn, det vere seg personar, bestemte hendingar - som Norseman, viddaturar, fjostid og rutinune der, unike treningsøktir og liknande - 48 bestemte ting å fokusere på! Problemet æ bare at eg ikkje klarar å halde fokus... Når det æ vrient å halde fokus på ting som æ bra - æ det sø mykje lettar å merke ting som å vondt... Eg syns tii fram te kl 20 gjekk relativt bra, ikkje nedturar å snakke om, jevnt roleg tempo og eg føler meg glad! Ein glad telefon å sjå fram te ca kl 21, gjer at livet eigentleg æ heilt ok! Upplada Mp3spilar mæ motiverande musikk - fær meg te å føle at eg "dansar" i tunellen te tider!:-)
Mæn sø kl ca kl 22 gjæng liksom rullgardina ned... Me he vøre ute der i 10 timar, mæn me æ ikkje halvvegs, 10 æ eit vrient tall å "brøke" mæ 24, eg æ stuptrøtt og det æ veldig vanskleg å finne matlyst som trengst i lange løp! Slit ordentleg mæ å klare å halde meg vaken, mæn bestemmer meg fe at eg skø klare meg te kl 01.00 fyri eg tek ei litt længre pause... I hall 12 tii fær skrekkleg vondt i høgre hæl. Kloke og erfarne ultraløperar trur det æ ei djup vassblemme, eg æ sta sø eg nektar å tru at ei vassblemme skø seta meg sø ut. Føtan æ jau fulle av vassblemmur, å neglan kjæm te hagle når eg bare tek mot te meg og tek av meg søkkan... Sø eg fær godkjenning te å ta ein ibux... Æ det muskulært - vi plaga forsvinne, hell det fram mæ å vera vondt - æ ikkje det noko gøtt tegn!
Plaga forsvann, å eg ser litt lysare på det! (Kanskje det va psyken som spila meg eit puss? Hell finnes der ein muskel i hælen og fram mot forfoten som kan bli strekt?) Faktisk sø æ beina ette detta veldig snille mæ meg!(Retting, eg prøvar ivibevise meg sjov om at dei æ bra! : Trur nok at dei som såg meg gåande måndagen, ikkje va veldig misunnlege på beina mine...:-/ )

Eg bli mest plaga av at eg æ sø trøtt!! Og at eg manglar fokus! (eg manglar ikkje vilje, trur eg - mæn eit gøtt fokus!) Ette kløkka 12 forblir farten gruleg låg... Mæn sia føtan ikkje plagar meg og magen fungerar greit, ruslar eg no rundt på Bislett og ser fram te neste gong, der eg skø vera i slag og ha dagen...
Ændleg rundar kløkka 01.00 og eg legg inn ei god pause, mæ mat og ein "10minutter" på auga!


(foto: Ole Arne Schlytter - frå nettsida te kondis! Per Gunnar og meg!)

Pause va utruleg gøtt, mæn kroppen æ i realt krabbegir etterpå! Æ litt usikker, mæn trur det æ snakk om å rusle ca 6 rundar i timen i dei seine mørke naterstimane og fram te kl 10... Timane bli realt lange og seige altsø! Det æ au ein kamp å få i seg nok mat og drikke. Frå kl 05.00 te ca kl 08.00 fær eg "selskap" av ein svært erfaren ultraløper Per Gunnar, som kanskje he ein litt tung dag på jobb! Det hjelper å ha nokon å snakke mæ! Tii gjæng litt fortar og rundan føles ikkje fult sø lange. I nærheten av kl hall 7 rundar eg 100km, og æ nesten rørt te tårer ivi min eigen prestasjon!:-)

Litt ivi 8 legg eg nok inn døgnets længste lur, tippar eg søv i nesten tri kvarter! På feltsenga sloknar eg fullstendig under ein frakk, mæ "stereoanlegget" på full guffe, sølten og tyst - det æ ikkje noko eg klarar få te kvør dag!
Eigentleg kunne eg sikkert gjeve meg der, når eg la meg te søva! Sliten og tom på alle måtar! Mæn når eg vaknar te liv og strekker på beina, finn eg ut at dei taklar nokon få rundar te... Fyste runden æ ikkje heilt bra, gnagsåri æ stive og såre, eg føler meg mørbanka i musklar eg ikkje visste eg hadde... :-) Kroppen mjuknar te og bestemer meg fe å ta sju rundar te å runde 200 rundar! Eg va heilt sikker på eg klara det, mæn eg he nøk ikkje hatt god nøkk telling, hell forstae tellesystemet rett... Mæn i ti tii leverer eg relativt fornøgd inn chippane og takkar fe meg!! Skø eg ta dagane som kjæm, mæ vanleg jobb og familie MÅ der vera LITT att i kroppen!
Dagan etterpå ser eg at eg stænd uppført mæ 199 rundar og ikkje 201 - som eg va sikker på eg hadde klara!

Sia det no he gjænge ivi ei vike ette løpet, sø ser eg at det gjekk bra, helsa held fremdeles, eg æ ikkje sjukar, mæn he væl hell ikkje blitt bære i halsen... Prøvar å søva litt fleir timar enn vanleg, fe å klare halde humør og arbeidsinnsats ved like! (Spørs om næraste familie æ fornøgde når det kjæm te humør..? :-) Uansett, eg bli glad av å tenke at eg he vøre mæ på Bislett i år - det føles lett å ta ein månad "treningsfri".
Bislett 24timars og 130 km kjæm te stå på lista ivi mål eg he lyst te nå! Ein ting skø eg alikavæl tenke litt meir ivi; eg skø kun starte viss eg æ frisk og he lada upp eit gøtt iviskot på fyrihånd!!!