torsdag 3. september 2015

Tøppen av lukke! Dobbel ultra triathlon world cup - Slovenia


Dobbel ultra triathlon, world cup - Slovenia

I fjor haust, hengte eg for fyrste gong opp ein målgangsbildet på veggen. Eg hengte det opp, for å minne meg sjov på, at den einaste som set begrensingar på målsettingar og draumar og viljen til å nå desse måla – kun skal vere meg sjov.

Dette året, sesongen 2015 trudde eg kom til å bli eit «nedturår». I mitt hovud trente så lite at eg ikkje gadd føre treningsdagbok. Vere mamma (kan ikkje heilt sei aleinemamma, for eg har familie og gode venner tett rundt meg), lærar, student, bonde og hobbytriatlet er ikkje ein heilt enkel kombinasjon. Trenings«timane» blei ofte korte intense økter på seine kvelden eller tidlege morgonen. Sett i etterkant vil vel det sei at eg har trent hardt – då kroppen eigentleg er sliten etter lang dag, eller dau som ei sild tidleg på morgonen. Samtidig som dagane mine i seg sjølv er aktive – har kanskje dette vore nøkkel til suksess, for meg?

Det vil vere løgn og sei eg kom i mål på dobbel ultra triatlon med trekvarters økter. I mars/april gira eg opp, og eg såg poeng med å føre treningstimane i kalenderen. Ser eg fekk inn langhelger med jamne mellomrom med 27-32 timar trening. Fjorårets trippel var svært lærerik, og eg jobba konkret og målbevisst med kva som skal skje etter «bading/svømming», næringsinntak, puls og stress  og strategiar på å handtere nedturar.

Sjølv om eg trudde treningstimane var få, gjekk denne våren og sumaren over all forventning. Eg gjekk frå topp til ny topp, i form av godfølelse både med og utan startnummer. På veg til Slovenia var eg svært overbevist om at dette skulle vere MIN sumar. Eg valde å tru at der ikkje finnes ei kvote på kor mange goddagar det er lov å ha i løpet av eit år. Dette SKULLE bli min konkurranse!!! Og makan til døgn har eg aller opplevd før. Det kan kanskje virke litt ekkelt. Tenk, her sumde eg 7,6km, sykla 360km og sprang eg 84,4km UTAN ein einaste nedtur.  Eg var ikkje i nærleiken av å kjenne på følelsen av «dette skø eg aller gjera meir», «høffe gjer eg detta», eller «kanskje eg etterkvør skø vurdere ny hobby». Eg har halde på med triatlon sidan 2005, har 16 ironmandistansar, ein trippel, eit ganske stort utval av halve ironmandistansar, 24 timars løp, sykkelritt og ultraløp i varierande lengder – men eg har fram til no aldri svevd KUN i flytsona HEILE vegen (ja eg må bruke store bokstavar)! Det er ein fantastisk følelse. Tenk at ein slik dag, eit slikt døgn skulle treffe akkurat under ein slik konkurranse! Nesten uverkeleg for meg.  

Detta året he eg lada upp te døbbel ultra triatlon mæ 4 eigenorganiserte maraton – alle i tidsrommet 27.des-8.mai! Deretter starta sesongen mæ startnummer: Oslo Eco Trail 80km, Skuggenatten 12 timars (Må legge inn at her hadde eg ein snittpuls på 162 i dei 11 timane eg var i gang!) Sykkelrittet Åmot – Bø 80 km (ny løyperekord for damene på 2.15.38) Rocman swimrun (11 timar og 30 minutt – 2.pl blant damene) Øyfjell ti toppar på 24 timar, Norseman Crew race (låg an te pers – hadde det ikkje vøre for tåke, regn, sludd og sno – som tok sikten frå meg i fjellet!) Ny runde med Øyfjell ti toppar på 24 timar! Ein ganske aktiv sumar! J

Eg tok også grep når det kom til mat. Mellom Norseman Crew race og dobbel bestemte eg meg for å legge burt snop, is og potetgull. Detta burde sikkert vøre sjavsagt? Men for ei gøttenøs som meg, æ detta litt mentale grep. Eg bestemte meg fe at eg kunne lage ei liste ivi snop eg værkleg savna – handle det inn og sø konna glede meg te å eta det undervegs i løpet. Fe eit lurt tetak!!! Det skø eg gjera meir av. Krøppen bli jau sø glad av å få servert sunn og furnuftig mat! Eg VEIT jau det, mæn he ein tendens te å telate meg både lakris, sjokolade og estøff smågøtt te kaffen! Magen min æ ein følsom sak – sø dæn blei ordentleg stabil og glad fe å sleppe unda is og ana meireiprodukt av ymse slag… eg he notert det ned – og tek det mæ meg te seinar som LURT!

 


Slovenia tok godt imot oss. Faktiask sø gøtt at dei hentar kån på flyplassen, køyrer oss rundt i løypa, sikrar at vi får leiren på den aller beste plassen – der ein kan stå både på sykkel OG på løp! Dei æ fantastisk gjestfrie, og avslappa! «ALT ORDNAR SEG»! Dobbel ultra triatlon er ordentleg folkefest i den vesle byen Bakovci. Og det er hyggeleg å vera saman mæ tilbakelente ultratriatletar att. Flesteparten av triatletane æ dei som va mæ på trippelen i fjor, og fleire av kån bur på same hotell. Hyggleg å vera i ei slik ultraboble nokre dagar i året. Rundt morgomatbordet torsdagen spør Nina og eg eit par (Mark og  Constanze) om dei vi symje ein runde ute i innsjøen denne dagen… Mark ser på kån mæ forundra blikk… «Symje??? I dag? He du kaupt ny våtdrakt eller noko?» Neinei, sjavsagt he eg ikkje ny våtdrakt! Då skjønnar ikkje han poenget mæ å symje… Kan me ikkje symje no, då æ det for seint å få bekrefta detta – bare nokon timar før start! Mykje bære å ha god tru på at ting funkar, enn å bli usikker på utstyr og form, ved å ta ein testrunde akkurat i dag! J Eg likar haldninga hans!!!

Innsjekk av utsyr æ au ein liten historie fe seg. Eg kjæm tuslans mæ min 12 år gamle ræsersykkel Trek Madone, gøtt bruka, ber preg av å ha vøre mæ på utallige kilometer, flyturar, og tøffe vegar. Eg he nok konkuransens gamlaste sykkel, og blikket sykkelmekanikeren sender sykkelen min seie sø mangt! «Skø du sykle på dæn sykkelen der»? ja, eg he ikkje noko ana mæ meg i dag, kan eg bekrefte… «ookayy… du bli verans der ute ei beite du då»? jaja, eg he betale fe det, reist langt og likar meg på sykkelen – sø d gjæng nøk bra, svarar eg! «Du må I alle fall fikse bremsekløssane dine fyst då». Hæææ – må me bremse – på ei heilt paddeflat løype? Det æ det mest tullute eg he hørd… Mæn eg løvar å fiske bræmsune og gjera det eg kan, på min gamle røkk – fe å bli færig fyri cutoff tidene! Skø nok vise deg eg, at dæn som sit på sykkelen må gjera ein innsats au – tenker eg, idet eg snirklar meg ut – mellom dæn eine temposykkelen dyrare enn dæn andre! ( Eg beklagar, eg fiksa ikkje bremsene – mæn løvar å ha dette i orden på neste konkurranse!)

Høgtidleg (ultralang)opningssermoni på slovensk, med korpsmusikk, og litt fallskjermhopping, gjer innbyggjarane glade og feststemte! Alle deltakarane var glade for at starten var kl 12 fredag – slik at, om tida gjekk sakte men sikkert mot kvelds og leggetid, var det mogleg å stille utkvilt til start!  Sjølv hadde eg ein usedvanleg låg kvilepuls, følte meg sterk, pigg og meir og meir motivert (av å sjå nervøse ansiktsutrykk). Eg gleda meg, veldig. Ordentleg god følelse i magen – i kroppen.



Starten på ein ultra er ikkje heilt som starten på ein ironman, eller kortare distansar – der ein ofte kan få litt slik «Titanic» følelse, reddast den som reddast kan, det er verkeleg liv om å gjerde… (Slik opplever eg det J ) Stressnivået er lågt, sjølv på dei som symjar fort. Her ute var det god plass for oss alle, og eg fann fort min rytme. Tenkte ei beite at det ville vera lurt å finne eit par føtar å henge på… Testar eit par bein som ligg roleg i vatnet, og trur det æ lurt ganske længe – ca 50 svømmetak ligg eg og kosar meg – heilt te eg ser han her he jau ikkje peiling på hørr han sym… Fe ein tullute greie – me skø jau allereie symje 7,6 km – eg he ikkje veldig behov fe å symje ekstra rundar i tileg! Testar eit ana par bein – tek ikkje sjansen på å symje sø langt utan å sjekke hørr me æ på veg, dænna vænda. Uppdagar i god tid at me he heilt feil kurs… Bestemte meg etter detta for å stole på min eigen navigasjon og oppleving av fart – utan å la meg påverke av dei andre deltakarane. Det er uansett ikkje i vatnet eg vinn triatlon!

 


Allereie på symjinga kjente eg at dette var dagen min. Ei stund trudde eg nesten at eg lika å symje!!! Vanlegvis æ symjing ein transportetappe – liksom noko eg må gjera fe å kåma meg på sykkelen… Mæn akkurat dænna dagen lika eg å vera der ute! Eg lika rytmen, tenkte på alle dei dagane eg hadde møka sno, på vektene eg driv å lyfter på når eg pussar tænnane (tænnane bli gøtt pussa – morgon og kvell. Fe då he eg tid te lyfte på eit sett vekter eg he liggans på badet! J ) Sjav om det ikkje gjekk fort, va det lett – eg prøva te å mæ å kjænne ette, om eg kunne kjænne noko som murra, mæn der va ikkje antydning! Hærleg! Alle strategiane om kva eg skulle få tida til å gå med på, aleine omslutta av dette våte elementet var unødvendige! Eg som hadde bestemt meg for å ikkje trenge å juble for rektig KVAR bidige runde allereie frå start, klara ikkje la vere. Når eg he svømt fire rundar, tatt att Constanze, pluss eit par karar frå Lenshan i fjor, klarar eg ikkje la vera læng - rundane bli feira med tommel opp, hipp hurra og breitt glis. Det hjelper værkleg på humøret mitt, at eg ser at eg ikkje vil komme til å vere  sist opp, at der framleis var nokon som hadde både to, tre og fire rundar att – når eg kunne setje beina i bakken etter 3timar og 12 minutt! Laaangt bak alle målsetjingar – men det var ikkje dagen å vere missnøgd. Straumen i innsjøen var lik for oss alle, og svømmetidene vart deretter.

Væl uppe av vatnet, hugsar eg, eg snakka fort – hadde mykje som måtte ut, og eg ville eigentleg ikkje sita å kose meg i T1. Skjella eg he hatt ryddigare og meir effektivt skifte trur eg. Her ha det ikkje vøre mange sekundane å hente – då måtte eg hatt sykkeltøyet på under våtdrakta… Mæn på sø lang distanse æ d gøtt å ha tørr og god sykkelbukse på – og veldig gøtt å sleppe å symje mæ «bleie»!


Godt plassert på sykkelen er alt værkleg fryd og glede. Eg syng sangar – høgt! Pulsen er kontrollert på 136, og farten ligg på +- 10min pr. 5 km! Igjen hadde Nina og eg snakka om at det kan kanskje bli litt vel mykje jubel, om vi skulle dra i gang «hurra» på alle dei 72 rundane – men det er ikkje til å unngå! Eg er jau så lukkeleg! Kroppen fungera perfekt, næring, hovud og systemet spela på lag, sidan eg veit av erfaring at dette ikkje er sjølvsagt, var det verdt å juble! Team Norway skaffar seg etter kvart ganske stor «jubelgjeng», som forventar «hurra», bylje og tommel opp! Dei skulle bare visst kor lukkeleg dei gjorde meg ved å etter kvart gje meg tilnamnet «Mariethemaskin»! Det er veldig små ting som gjev ekstra energi, når eg fyrst er i flytsona. I ettertid kan det virke blærete og «oppblåst», men akkurat denne dagen funka jau "maskineriet" mitt perfekt.

Jamt inntak av næring; kvar tredje runde med mat, i form av loff utan skorpe vekselvis med sjokoladepålegg og smør og salami, seigmenn og sjokoladebitar, samt ny drikkeflaske kvar sjette runde passa perfekt for meg dette døgnet. Under denne konkurransen var der ingen dostopp som tok farten og piffen frå meg (samanlikna med i fjor, då eg måtte ta dopause på kvar bidige runde på både sykkel og løp!). Fe dæn særleg interesserte he Nina notert ned alt inntak av både mat og drikke på sykkelen! Eg he tænkt det kan vera lurt å ha dett mæ meg på nye løp seinare! Eg smelte blant ana i meg ein heil loff  i løpet av dei 12 timane på sykkelen! Og eg kosa meg vilt mæ sjokoladebitane og seigmennan som eg fekk utdelt innimellom! Tænk at sjokolade og sukker kan vera SØ gøtt!!!  

Humøret vert ikkje dårlegare av å sjå at eg hentar inn runde på runde på dei andre damene, og karane. Innimellom tenkte eg, det kan hende eg går på ein smell – her syklar eg jau fortare enn den eine etter den andre – som GRUSA meg i fjor på trippelen. Men eg klarar ikkje tru at eg skal gå på ein smell når pulsen er så låg. Eg valde å oppretthalde farta, fram til det sto att 12 rundar, med tanke på springinga som venta, bruka deretter 20 sekund lengre tid pr runde. Pulsen sank til 118! Det va nøk derfor eg fekk navnet «maskin» - ein kunne nesten stille kløkka etter rundetidene mine! Trur dei 60 fyste 5 kilometersrundane gjekk på tida mellom 9.48 – 10.18!  Dei 12 sænste gjekk på 10.12 -10.32! Utanom tri rundar – fordelt innimellom, der eg benyttar anledningi te gå på do, justere klæi, strekke og tøye! Det syns eg æ kult! Eg følte meg så STERK! Sjølvsagt endå sterkare når eg oppdagar at eg ganske jamt og trutt et rundar på dame nr to! Eg har ikkje bare tatt ho att, eg har faktisk passert ho ganske mange gonger!

Eg hadde drømt om å kunne setje frå meg sykkelen på natta, slik at eg fekk så mange kilometer i joggesko som mogleg før varmen og solsteika eventuelt skulle setje kroppen min ut av balanse. Fram til dette punktet har vi ikkje tenkt plassering. Basert på erfaring er eg «bare» ein finisher! Eg seier til Nina at eg treng minst ti rundar forsprang på løpinga, om eg skal klare å halde dame nr to, Sarka Kolbova bak meg, heilt til mål. Endå eit motivasjonselement som taler til min fordel denne dagen…

Når eg satte frå meg sykkelen, etter 12 timar og 37 minutt ca hall fire natt til laurdag, noko som var tidsmessig innafor drøymeskjemaet - var eg overbevist om at dette var dagen då eg skulle vere ein løpar!

Nattelufta gjer meg lukkeleg! Springe så lenge temperaturen er godt under 20 grader er noko eg kan. God erfaring frå andre løp/triatlon bestemmer eg meg for å setje heilt strek over alt som har skjedd tidlegare dette døgnet. No er det bare løping som gjeld – eg tillèt ikkje meg sjølv å tenke at eg har korkje sykla eller sumd. Målet blir kvar enkelt runde. Kvar runde skal feirast – ordentleg JA, eller er HURRA!  J Og bak der, kjem tanken – Sarka skal ALDRI få gleda av å passere meg på løpinga denne dagen! Der ute i natta æ det bare eg og nokre karar som spring – samt ein å ana innbyggjar som he forvilla seg ut frå pubben på veg heim – etter eit langt døgn på vift! «Skø du heim allereie»? Spør eg eit par, som he augo i kryss – og nesten kjræsjar mæ meg i skumringa! «Det æ hardt» fær eg te svar! Neida – det æ LETT tænker eg! J

Løping og løping – det handla om å halde eit jamt tempo, jogging som gjorde det mogleg å dytte på med næring utan å måtte stoppe. På kvar runde får eg ny drikkepøse, annakvar runde småbitar av næring: vannmelon, loff med smør og seigmenn eller mørk sjokolade (eg hugsar faktisk ikkje kva eg fekk servert utanom dette)! Og farten var jamn. Eg bestemmer meg for kvar i runden det er lov til å gå, elles skal eg jogge! Og denne dagen er det lett! Det er ein følelse eg ikkje er bortskjemt med – slik at det er lett å nyte livet!

Litt usikker på tid, for det prøvar eg ikkje å ha fokus på – dukkar det opp eit par damer i løypa! Smiler og vinkar, og får etter kvart tommel opp og vink tilbake. Løperundene er forma som ein P – slik at eg har full kontroll på dei andre damene, og dei har kontroll på meg! Gjett om eg får energi av å sjå at me møtast, meir eller mindre på same stad runde på runde!


Fyrste maraton på under fem timar – eg foreslår til Nina at me kjører neste maraton også under fem timar, då blir det så fin tid i mål!!! Ordet maraton blir bare nemnt denne eine gongen, det er bare rundar vi snakkar om! 56 rundar, som har krymapa til 26 rundar! Ivibegeistra fe at eg fekk sø mange rundar fyri sli tok tak! Fe ho kom, soli og ettekvørt varmer ho rektig sø gøtt frå skyfri blå himmel. Mæn d plagar meg ikkje denne dagen – eg er glad for å få litt brunfarge på kroppen. Damene bak senkar tempoet – eg smiler endå breiare! Heiagjengen, som i løpet av morgontimane har blitt ganske stor, kan saman med meg starte nedteljinga! Har krutt i beina til å auke tempoet litt, for å sikre tid godt under 26 timar! Dette var min dag! På ein av dei siste rundane ropar eg te Nina – «åhh, kan ikkje du kaupe saftis te meg, ein slik spinnis! Eg såg ein slik i kjeften på ein deltakar litt tidlegare i dag»? Nina tek beina fatt, og løvar meg is på neste runde! Eg tassar vidare på ny runde og gledar meg te ein bit av noko heilt nytt! Ho møter meg, og eg aner at eg kanskje ikkje kan få alle ynske uppfygd – noko som ville vøre heilt på sin plass! «butikken va stengd… Men ei jente kasta seg på sykkelen, for å sykle heim å hente is til deg – det er ikkje sikkert det er spinnis akkurat – går det bra»? «Hahaha – om det gjæng bra??? HALLO!!! Det æ jau heilt vilt…». Og tre minuttar seinare har eg ein COLA is i hendane… Eg kan ikkje ana enn læ – makan te sørvis! Aller opplevd liknande!!!      


Skiltet mæ LAST LAP væntar på meg, det gjer Nina og flagget au!!! Siste runden, med flagget på ryggen – saman med Nina er fantastisk! For ein «ut av deg sjølv» oppleving! 84,4km på 9timar og 55 minutt… Tenk at triatlon kan vere så MORO, bare ein gedigen opptur! Mæ kån spring ein liten gjeng gutar – me tek kån tida te springe litt baklengs, for at dei skø få fine selfiebilder på mobilen! J Krysse mållinja, sjølvsagt er eg så lukkeleg at eg føler eg kan velte av min eigen begeistring… J Hærleghet – tænk at detta skulle vera maugleg!!! 25.43.02! Bære tid enn det dama vant værdsmesterskapet her i Slovenia i fjor! Tænk det...

Allereie ti minuttar etter målgang lurar eg på, når detta va sø lett, då må d jau gå an å tøppe detta??? Ingen vondt, eit par små stusslege gnagsår… Eg va langt stølare i kroppen etter å ha sprunge Skuggenatten 12 timars…

 


TUSEN TAKK Nina! For ein tur me hadde! For eit døgn.  Dette hadde vore umogleg utan deg. Du les behovet mitt heile tida undervegs. Du skjønnar kva eg treng utan at eg treng uttrykke dette høgt. Eg tenker «no hadde det passa bra med ei skive salami», og gjett kva eg får neste gong eg passerer Nina – jo, ei skive med salami. «No passar det bra å ta på lause armar og bein», og Nina har det klart! «Eg bør bytte joggesko» - og dette står klart! Eg får små glade overraskingar – isbitar til nedkjøling på det varmaste på springinga. Cola i staden for Pepsi! Favoritten min – loff, smør og seigmenn!!!  Her gjekk det ikkje noko unødvendig tid på venting! Nina sprang nesten ein maraton dette døgnet for at EG skulle få lov til å leike!!! Tusen takk!


Etter 10 år med triatlon, år med ulik intensitet og målsetting – kunne eg feire med 1.plass i verdens cupen i ultra triatlon. Eg er stolt over kva eg får til. Eg er takknemleg både for helse og kropp – og sjølvsagt uendeleg takknæmleg for familien min, som støttar meg, og som synest dette er ein god måte å bruke pæning, fritid og feriar på. Dette er toppen av lukke for meg. Eg gledar meg til åra som kjem, eg gledar meg te neste år – nye ultratriatlon væntar på meg! Mæn aller fyst litt kvile…

Eg unner alle å finne sin glede her i livet! Det som gjev toppen av lukke!