Viser innlegg med etiketten treningstips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten treningstips. Vis alle innlegg

fredag 8. januar 2016

Øyfjell leik og krampelaug

Eg æ ikkje veldig aktiv på bloggen... Mæ mindre eg he vøre mæ på noko heilt utanom d vanlege...
Mæn eg æ aktiv, slik heilt generelt...! :-)
Eg æ aktiv på instagram (eg legg ikkje ut mange ordentlege svettebilder, mæ mindre eg æ gruleg fornøgd mæ omgjevnadane eg svettar i...: :-) )!







Og eg æ litt aktiv på fjæsbokji!
Åssø likar eg å legge te rette fe at andre au skø vera litt aktive, og syns at det skø vera minst like moro som meg! Heldigvis æ der andre au i Øyfjell som likar å leike (te krampa mest tek ein...)!!!
Om nokon syns det æ aktuelt, he me på fjæsboki uppretta ei side som heiter Øyfjell Leik og Krampelaug!




Der organiserar me ulike aktivitetar! Det æ gratis å vera mæ, du æ mæ på det du gidder, og du bli stort sett belønna mæ bålkaffe, heimelaga sjokoladekake, gløgg, sjokolade, potetgull hell ana godsaker!!!
Som sagt, me upplyser om ulike aktiviteta mæ ulik "tidsfrist"... Noko kjæm på svært kort varsel, ana aktivitet he me "tradisjon" på, og bli arrangera år ette år!
Håpar der æ mange som he lyst te BLI MÆ Å LEIKE!!!


10 tøppar på 24 timar! :-)
OK mållinje-utsikt på Vehuskjerringaløpet! :-)
Og uansett he me jamt tid te kaffi, kake, skryt og jug etter at me æ færige! :-)


Vehuskjerringaløpet










tirsdag 30. oktober 2012

Vinterløp? :-)

Neste års "store" planer bjøndar å kåma på plass!! :-)
mæn eg træng eit løp i januar/- februar... Og eg he alt fænje tips!! :-)
Mørketidsløpet , fe eit fantastiske tips!! Tusen takk!!
Nokon som he vøre mæ, og kan dele litt erfaring?
Mitt alternativ bli nok barnevogn og ikkje akkurat ny halvmaraton-pers... :-)
Trur det kunne blitt ei uppliving, fe både liten og stor!!

(Kanskje litt rart å putte ein 4åring og ein 5åring i ei barnevøgn, og legge i veg... Uppi vøgni kan eg stadig høyre "Fortar, mamma, spring fortar..." Det æ ganske tungt det... Mæ ekstra +30 å dytte på i bakkane i øvre Telemark... Mæn det æ ein artig måte, fe alle kån tri å kåma ut på... Åssø kan me reise litt læng, å sjå litt andre ting, enn det me hadde gjort, om gutta skulle gjenge/sykla heile vegen sjave!)

Ut på trilletur, mæn teltturen - dæn tek me i hagen!! :-)


Nokon fleire som he tips/alternativer te spænnans løp?




fredag 12. oktober 2012

Morosame Malta

Eg træng ikkje reise nokon stad, fe å kunne planlegge ei lang hæg mæ træning...
Å reise langt fe å træne inneber jau øfte mange timar på reisefot - som konne vøre bruka på træning... Mæn sol, varme og 25 varme grader i krystallklare vatn æ fristans! :-)

Skø nok noko te fyri eg legg i veg på ein 90km lang svømmetur, der det æ fare fe hai, blekksprut, sjømonster og ellers små og store artighetar som finnes i havet... Mæn eg skjønnar høffe han svømte hit! :-)
Ividreiv ikkje på nokon måte træningi! Mæn fann ut, at eg æ i stand te springe i varmen... Både veldig veldig seint, i ganske mange timar (jaja - det va eg væl eigentleg klar ivi!!!)... Og motbakkeintervall, i solsteik mæ ein viss fart - og puls, uten å "døpåmeg"! :-)


Eit visst saltbehov dukkar jau upp, ette nokon timar mæ rænnans svette... Mæn nokon umiddelbar trang te kaste meg uti "saltkara" va ikkje påtrengans! :-)
Sia Valetta skulle ta imot storfint besøk - av viktige statsivihøvu, og heile byen sto fullstenig på høvude, va det fristans å finne ein meir tilbakelent område! Valget falt lett på øya Gozo! Det skulle vera maugleg å jogge rundt øya, på eit par dagar...
Fyste langtur:
Mæ eit turistkart i handa la me i veg på "langtur" frå landsby te landsby, på dæn idylliske øya! Nokon "må-sjå-tursitattraksjonar" va inkludert i rundløypa - som me på eit vis kom igjænom i løpet av dagen!
Nei, striplete linje betyr ikkje nødvendigvis sti, på turistkart ivi Gozo!! 

Runden va fantastisk, sola steikte, himmelen va blå - og vegane va fine, Upp små tøppar, inn i idylliske landsbyar, nevi bakkar og havbris, klippur og små kystlandsbyar... Lett å finne artige ting å sjå på, og lett å finne fram- heilt te me kom te dæn striplete linja (på karte) som me va ganske sikre på betydde sti!! Det starta bra, eit fint tråkk opp ein bratt bakke - og inn på noko som kunne minne om ein slags åker... Ein vissen og litt slitt åkerside - mæn i alle fall tegn te menneskespor!! :-) Leita sø viare ivi steinrøysir - og i gøtt selskap mæ firfislur, viare ivi og under urtebuskar og vekster - eit eventyr av luktir, ette stien - som kanskje va der...! I eit øpe parti kunne det liksom sjå ut som om stien på kartet ikkje va noko sti i det heile...
Distansen va nok ikkje meir enn snaue tri kilometer - mæn tii på å karre seg igjænom litt ugjestmildt terreng tok nesten timen! Mæn skulle du reise te Gozo, sø anbefalar eg runden... Der i ingenmannsland dukkar dæn aller flottaste badestranda upp, og viss ingen kjæm febi mæ båt - æ det ingen som kjæm springand febi!!!:-)
Rænnans svette, mæ flugur, kleians blomsterstøv og krislans firfislur gjor jau et bad fristans!!! :-)

Å fe å ikkje bryte nokon reglar, bada eg i alle fall ikkje topplaus... 
Ette turens aller beste bad, tok det snaue 30 minuttar upp skråningar og ivi åker-lappar fyri der dukka upp ein bilveg att... Ved litt nærare sturdering betyr striplete linje "påtenkt veg", og noko ute av kurs frå vegplanene va me nok... Fe gravemaskinene gjekk ivi "fjølltoppen" og på "baksida", mæns utsikten definitivt va best på "framsida" - mot havet... :-)
Eg he ikkje sjekka dyrelivet på Gozo, mæn satsar på at der æ lite giftige slangar og ana krypdyr, slik at eg kan anbefale turar uttefe allfarveg te fleire!!! :-) :-)
 

onsdag 8. august 2012

"Sweet Dreams"

"Sweet dreams, are made of this"...
Eg he hatt ein fantastisk trenings-sommar! (Te meg å vera!!)
Eg he vøre frisk, følt meg sterk, og på flyt! :-)
Derfor hadde eg trudd på pers på årets Norseman...
Mæn fe å klare det, må ein ha dagen...
"Dagen" hadde eg ikkje - kjænte det i heile kroppen, at noko va ute av kurs, mæn ette sø mange trenings-timar, æ hovude sø i modus - at det aller va noko alternativ, å ikkje stille te start!
(Hadde det vøre ein vanleg dag, hadde eg lege på sofaen, drikke cola, ete saltstengar og sett på OL, og håpa at alt hadde blitt bære om eit par dagar...)
Norseman-dagen blei ein gedigen upptur, "på tross" av veldig mykje - sø dæn historien kjæm (som roman...;-) ) te hægi!
No legg eg bare ut træningsdagboka mi, frå juni og fram te august (fe dei som æ spesielt interessert):

IM-Texas fullførte eg, 19.mai, tok ei vike treningsfri ette det! (Hadde sø og sei daglege turar mæ bikkja - fordi beina hadde sø lyst te det! :-) )
28.mai - jogga 8km i variert terreng
29.mai - 3 x fjelltopp (ca 6 min upp - tilsvarande ned att... Litt tung i pusten)
31.mai - superkjapp økt i "bakken" min seint på kvelden. 6 drag + oppvarming og eit par rolege rundar te slutt
2. juni - Roleg joggetur - ca 10 km - variert terreng
3. juni - Jogga 10 km i variert terreng. + 1 time styrketrening
Utsikten frå ein lånt utedo på ein "topptur"

4. juni - veldig roleg joggetur ca 6km (støl!)
6. juni - 6 drag i bakken min + 1 time styrketrening
8. juni - 17km løpetur (5.10min pr km i snitt)
9. juni - 10km "motbakkeløping" (5.15min på km i snitt)
10. juni - 1 time styrketrening
12. juni - topptur, mæ Sakarias i meis (to timar upp) + 8km løpetur
14. juni - 1 time styrketrening + 8 drag i bakken (mæ knebøy  før kvørt drag)
16. juni - 21km løp (1t45min!! :-) )
18. juni - 3 bakkedrag på sykkel (ca 10min pr drag) + intervall på mølle (5drag a 800m) + ein time jogg mæ bakkedrag...
20. juni - kun roleg rulleøkt (40min..)
21. juni - 1 time styrketrening
22. juni - 30min drag på sykkel, sø rett på 1time 30min løp - mæ bakkedrag!
23. juni - 50km sykkel (i sprutregn)
24. juni - 6km løp - 20km sykkel + 1time styrke
25. juni - 68km sykkel (sprutregn) direkte overgang te løp 8km
26. juni - 70km sykkel (inkl bakkedrag) direkte overgang te løp + 1time intervall styrke...
27. juni - 80km sykkel + 6km løp
28. juni - eit sykkeldrag på 20 min, overgang te løp (roleg løpeøkt!!) + 1 time styrketrening
30. juni Solvika triathlon: Svøm 300m - terrengsykkel 27km - løp (avsluttning upp slalombakken, og ned att i Siljan!)
Næringsvett, før Solvika triathlon

1. juli - SVØMMING!!! :-) :-) :-) :-) (eg skø ikkje ividrive, me snakkar ca 30 min i basseng!)
2. juli - roleg rulle"økt" (ca 45min)
3. juli - Korte drag på rulla (2-4min drag, 50min økt)
4. juli - Intervall på mølle 8x2-4min drag (1min aktiv pause)
5. juli - Roleg jogg 5km + 1time styrketrening
6. juli - roleg rulleøkt (ca ein time)
8. juli - 70.3 IM Haugesund !! :-) (TUNGE bein, "umaugleg" å springe... :-) )

FANTASTISKE Ironmanen i Haugesund!!!

11. juli - 50km sykkel (Upp frå Atrå og ivi Imingfjell) + ca 10km løp
Vær, vind, tåke - i kjænt stil på toppen av Imingen! :-)

12. juli - 110km sykkel - ivi Valdresflya
14. juli - Trollveggen triathlon
15. juli - 9km "Motbakkebakkeløp" i Geiranger
17. juli - Løp frå "25km" ("bonn" av Rjukan) og te Gaustatoppen, under 2timar og 30min

Vakker topp - i hyggleg selskap!
19. juli - roleg joggetur ca ein time
20. juli - roleg joggetur ca ein time
21. juli - løpetur m ulike drag. (Veldig lett og glad!)
25. juli - løpetur m ulike bakkedrag - veldig lette bein! 1time og 30min
26. juli - korte bakkedrag på sykkel (20min økt) + roleg joggetur ca ein time
28. juli - kjapp bakkeøkt i "bakken" 10x bakken
30. juli - 30 min joggetur, m naturlege bakkedrag
1. august - 30 min roleg joggetur
2. august - 30 min sykkeltur, m 4 drag på 1-2min - veldig lett joggetur rett etterpå...
4. august - testa våtdrakta i Eidfjord! :-)

Svømming i Eidfjord æ jamt litt ekstra spænnans!
No he eg ikkje tekje mæ turar mæ bikkjur, ungar, ekstra aktivitet mæ geit/fjos/skogsarbeid(!!! :-) ) sykling te og frå garden (eg he kanskje glømt tri turar te og frå jobb - på sykkel...) Eg æ ikkje sø veldig nøyen mæ træningsdagbokji - mæn eg noterar ned nokon ord - dei dagane som skil seg ekstra ut, og som då gjer at eg ikkje he "energi" hell tør å bruke energi på å trene, for å unngå å bli sjuk!
Kanskje eg kan sei eg he sykla litt lite i sommar (sykla langt meir i vår - fyri Texas), sø eg ser høtt eg kan justere te neste år! :-)
Fe eg gledar meg te Norseman neste år!!! :-)

onsdag 1. august 2012

Artig økt

Eg nevnte noko om artig økt, sø eksempel på noko eg syns æ artig og fort gjort æ "bakkeløpinga" mi.
Rett uttafe huset mitt he eg ein bakke, som æ ca eit minutt lang uppivi i jevn løpefart!
Eg he ein aktiv gut, som treng lite søvn, sø nokon dagar må eg vænte te ganske langt utpå kvellen fyri eg kan putte på meg joggesko! Når poden æ væl i seng (ca hall 10...) Mæ babycall på trammen, og soverommsglaset gøtt uppe, kan eg ta ei super kjapp træningsøkt, rett uttafe huset. Eg bur lagleg te, og he fine hus eg kan springe rundt!
Eg spring for eksempel, rundt og rundt barnehagen, som uppvarming - ti-tøll(12) rundar æ ca 7 minuttar uppvarming! Og sø æ det upp og ned bakken... Måndagen, hadde eg ti rundar upp og ned - planen va å springe fortare og fortare, på kvør tur upp, ingen pause på toppen, springe jevnt ned att... Fyste drag va på 55,5 sek, og eg innsåg at det kom te bli tøft å kåma langt viar på tida... Mæn eg hadde ein strålande dag, lett i beina - og bomma veldig på sjette drag - då eg va uppe att på 55,1 ette å ha hatt tidene : 55,5 - 54,7 - 54,1 - 53,5 - 52,4 - 55,1... 52,3 - 51,0 - 49,1 - 47,2!! :-)
Jevnt - rett og slett - og te slutt pers på bakken! :-)
Og sø ti nye rundar rundt barnehagen. Då he eg ei økt på ca 35-40min! Effektivt, og artig! :-)

Neida - ikkje alle skoa æ mine... :-) Mæn joggesko æ artig! :-)