lørdag 10. november 2012

Hurra, fe Norseman 2013

Tommel upp!!!

Ingen hemmleghet, eg blei bare sø ømla ivilæte glad fe plass på Norseaman 2013!! Ette eit par års pause frå Norseman, va eg sø veldig glad fe å vera tebakars att i år... Og eg rakk bli SØ innstilt på å skaffe meg ti års trøya, at eg glømte heilt burt at det slett ikkje va sikkert, at loddtrekninga va like innstilt på meg, og mine planer...
Sjella eg he vøre sø "nærvøs" fyri ei løddtrekning... Og bakhøvude hadde allerede bjønda å tenke ut, høtt eg skulle hive meg rundt å engasjere meg i, om det skulle kåma ein "trist" e-pøst...
(Der æ faktisk mange artige konkurranser å vera mæ på, i løpet av ein sommar!! :-) Swissman, trippel, Bormio sykkelferie...)
Mæn eg va ein av dei som kunne juble høgt, Hurra!!! :-) (og mæ stor entusiasme, fortelle far min, at ferien hans neste år, æ i boks!!! :-) Imke og Helene, Hanne Gro og Linda - æ dikkøn klare?? :-) )

Det æ artig å ha inspirerande mål, å strekke seg mot!! Neida, eg bli ikkje superrask neste år hell, mæn ny svart trøye og om helsa hell - ny pers, det æ bra fe meg!! :-)
(Åssø hadde det vøre artigast, om det va eg som tok imot Hårek (the founder) neste år, sia han tok sø hjarteleg imot meg i år!! :-) )

tirsdag 30. oktober 2012

Vinterløp? :-)

Neste års "store" planer bjøndar å kåma på plass!! :-)
mæn eg træng eit løp i januar/- februar... Og eg he alt fænje tips!! :-)
Mørketidsløpet , fe eit fantastiske tips!! Tusen takk!!
Nokon som he vøre mæ, og kan dele litt erfaring?
Mitt alternativ bli nok barnevogn og ikkje akkurat ny halvmaraton-pers... :-)
Trur det kunne blitt ei uppliving, fe både liten og stor!!

(Kanskje litt rart å putte ein 4åring og ein 5åring i ei barnevøgn, og legge i veg... Uppi vøgni kan eg stadig høyre "Fortar, mamma, spring fortar..." Det æ ganske tungt det... Mæ ekstra +30 å dytte på i bakkane i øvre Telemark... Mæn det æ ein artig måte, fe alle kån tri å kåma ut på... Åssø kan me reise litt læng, å sjå litt andre ting, enn det me hadde gjort, om gutta skulle gjenge/sykla heile vegen sjave!)

Ut på trilletur, mæn teltturen - dæn tek me i hagen!! :-)


Nokon fleire som he tips/alternativer te spænnans løp?




fredag 19. oktober 2012

Å no,(litt) vinter!

Det gjæng fort, frå varme sommardagar på Malta, te 20 cm sno og minusgrader i Øyfjell! :-)
Kan hænde eg syns det va litt tileg mæ skiføre allerede 14.oktober!
Vinterstemning!!

(17. oktober va det vanleg grå haust att!)

Tysdagen va eg ute, seint på kveld og sprang bakken min i slaps... 15 turar upp (og ned bakken). Mæ ei slags styrkeøkt ette 8.runden!
Styrkeøkti gjekk ut på å ligge på ryggen reise seg (uten hjelp av hender) eit lite sprett hopp, sø ned te ein armheving, og sø upp att mæ eit lite spretthopp... Sø tebake på ryggen, upp te spretthopp, ned te armheving og upp te spretthopp... Mæ ei 12kg tung kettelbell kule... (Som eg anten tek armheving på, hell set frå meg på veg ned når eg tek armheving...) 50 repetisjonar... som eg nesten måtte bruke 10 minutt på... :-) då føltes bakken min veldig snill etterpå!! :-)

Fin haust! (Mæ litt vet!)

Onsdagen hadde eg planlagt at eg si springe heim frå jobb... (Hadde hatt det på planen længe). Sø sjav om dagen min blei litt læng enn eg hadde trudd, sø va eg sø innstilt på å springe heim! Måtte hell bare springe litt fortar enn fyst planlagt! Fekk fint haustvær, upphaldsvær og bare vegar! Gladøkt!!

Nesten gladøkt ne te jobb att au... Bare ikkje sø veldig rask... :-)

Dagen ette, torsdagen måtte eg sjavsagt springe ned att på jobb... (Fe bilen sto jau att, frå dagen fyri). Mæn mæ ei styrkeøkt i beina (frå onsdagskvellen), lædde eg av meg sjov... Ned te jobb tok ti sekunder længre ti, enn upp! (Høydalsmo - Øyfjell æ ikkje sø stor høgdeulikhet, mæn dei som he vøre på vegen, veit det æ tyngre frå Høydalsmo). Eg he mæ andre ord litt å forbetre... :-)

Mæn idag æ det tid fe litt hyggleg restitusjon!! Turar mæ bikkja, og ein halv time på trimsykkelen! :-)

Frå garden, å "uppivi" æ det fremdeles sno att i vegen! :-)


fredag 12. oktober 2012

Morosame Malta

Eg træng ikkje reise nokon stad, fe å kunne planlegge ei lang hæg mæ træning...
Å reise langt fe å træne inneber jau øfte mange timar på reisefot - som konne vøre bruka på træning... Mæn sol, varme og 25 varme grader i krystallklare vatn æ fristans! :-)

Skø nok noko te fyri eg legg i veg på ein 90km lang svømmetur, der det æ fare fe hai, blekksprut, sjømonster og ellers små og store artighetar som finnes i havet... Mæn eg skjønnar høffe han svømte hit! :-)
Ividreiv ikkje på nokon måte træningi! Mæn fann ut, at eg æ i stand te springe i varmen... Både veldig veldig seint, i ganske mange timar (jaja - det va eg væl eigentleg klar ivi!!!)... Og motbakkeintervall, i solsteik mæ ein viss fart - og puls, uten å "døpåmeg"! :-)


Eit visst saltbehov dukkar jau upp, ette nokon timar mæ rænnans svette... Mæn nokon umiddelbar trang te kaste meg uti "saltkara" va ikkje påtrengans! :-)
Sia Valetta skulle ta imot storfint besøk - av viktige statsivihøvu, og heile byen sto fullstenig på høvude, va det fristans å finne ein meir tilbakelent område! Valget falt lett på øya Gozo! Det skulle vera maugleg å jogge rundt øya, på eit par dagar...
Fyste langtur:
Mæ eit turistkart i handa la me i veg på "langtur" frå landsby te landsby, på dæn idylliske øya! Nokon "må-sjå-tursitattraksjonar" va inkludert i rundløypa - som me på eit vis kom igjænom i løpet av dagen!
Nei, striplete linje betyr ikkje nødvendigvis sti, på turistkart ivi Gozo!! 

Runden va fantastisk, sola steikte, himmelen va blå - og vegane va fine, Upp små tøppar, inn i idylliske landsbyar, nevi bakkar og havbris, klippur og små kystlandsbyar... Lett å finne artige ting å sjå på, og lett å finne fram- heilt te me kom te dæn striplete linja (på karte) som me va ganske sikre på betydde sti!! Det starta bra, eit fint tråkk opp ein bratt bakke - og inn på noko som kunne minne om ein slags åker... Ein vissen og litt slitt åkerside - mæn i alle fall tegn te menneskespor!! :-) Leita sø viare ivi steinrøysir - og i gøtt selskap mæ firfislur, viare ivi og under urtebuskar og vekster - eit eventyr av luktir, ette stien - som kanskje va der...! I eit øpe parti kunne det liksom sjå ut som om stien på kartet ikkje va noko sti i det heile...
Distansen va nok ikkje meir enn snaue tri kilometer - mæn tii på å karre seg igjænom litt ugjestmildt terreng tok nesten timen! Mæn skulle du reise te Gozo, sø anbefalar eg runden... Der i ingenmannsland dukkar dæn aller flottaste badestranda upp, og viss ingen kjæm febi mæ båt - æ det ingen som kjæm springand febi!!!:-)
Rænnans svette, mæ flugur, kleians blomsterstøv og krislans firfislur gjor jau et bad fristans!!! :-)

Å fe å ikkje bryte nokon reglar, bada eg i alle fall ikkje topplaus... 
Ette turens aller beste bad, tok det snaue 30 minuttar upp skråningar og ivi åker-lappar fyri der dukka upp ein bilveg att... Ved litt nærare sturdering betyr striplete linje "påtenkt veg", og noko ute av kurs frå vegplanene va me nok... Fe gravemaskinene gjekk ivi "fjølltoppen" og på "baksida", mæns utsikten definitivt va best på "framsida" - mot havet... :-)
Eg he ikkje sjekka dyrelivet på Gozo, mæn satsar på at der æ lite giftige slangar og ana krypdyr, slik at eg kan anbefale turar uttefe allfarveg te fleire!!! :-) :-)
 

onsdag 3. oktober 2012

Singing in the rain


Hell, eg lika aller best "running in the rain" - mæn eg sang au, fe full hals - eit lite stykke, når eg va længst burte frå følk!! :-)
Det æ haust, og eg kjænner eg likar det...

Det gjekk ikkje fort, mæn det va slik veldig glad økt!!! Pulsen va litt ute av kontroll, sø eg tok like gøtt veldig i, i alle motbakkar og prøva å få pulsen ned når det va flatt og nevi... :-) Det fær vera greit, at farten ikkje æ dæn beste, når det syg sø veldig på kvørt steg, på grusvegen??
Pulskløkka påstod eg hadde makspuls på 195... Eg æ ikkje enig, eg syns 182 virkar meir rett, mæn altsø, eg tok i...:-)
Og sø va det slik fantastisk haustvær! Vind, ordentleg regn og MASSE fargar!
Ein træng sikkert ikkje springe, fe å syns at hausten æ fin, mæn eg blei bare litt ekstra glad, akkurat idag!!! (Kan hænde eg syns det va ekstra stas, bare fordi eg veit eg imorgo reiser te sol og varme, nokon dagar...:-) Mæn det finn eg nok ut, når eg kjæm heim og testar på nytt, i regnvær!! :-)

Idag, va eg glad i regn!! :-)

Eg syns storknebb-blada æ flotte og fargerike om dagen...

fredag 31. august 2012

Norseman 2012

Mitt bilde av årets Norseman!

Norseman æ ei reise... Det æ ein tur, som skil seg langt frå alt ana... I alle fall fe meg! Der æ langt frå eine ytterpunkte te det andre ytterpunktet. Tøppan æ høge - på mange måtar, og på sama viset æ dalane djupe! Norseman æ "min" triathlon... Det va dæn fyste triathlonen eg gjænomførte, og dragninga mot Eidfjord fyste hægi i august æ jamt stor! 
Det beste mæ reisa, æ at du kan dele turen mæ nokon... Du ikkje bare kan, mæn du må,dele dæn mæ nokon! Papa he vøre trufast support på alle Norseman turane... Det æ årets høgdepunkt - og ferie! Ette to års pause, va det jammen gøtt å ta "ferien tebakars"! Og ferien kjæm te bli tradisjon, sø længe eg fær startplass!!

Eidfjor he blitt pynta te "fest"!!

Sia det ikkje æ nokon hemmleghet at "dagen" min ikkje va det eg hadde håpa på, og at formen nok ikkje va på topp dænna sundagen i august, kjæm eg te fortelle om mine måte te å få ein tung dag, te bli ein av dei beste dagane (slik psykisk sett)!
Alt handlar om å glede seg... Fe meg! Eg trener ikkje mykje, sammenlikna mæ mange andre! Eg he bare stor tru på eigen indre naturlege styrke og æ kanskje litt ivi normalt glad ivi beveglese! :-)
Eg testa badevatnet på fredagen, både fe å teste vatn og dobbeltsjekke at våtdrakta ikkje gav meg pusteproblem!

Eg ha gleda meg te Norseman i nesten tri år! Kaldt vatn, hompute og bratte vegar, sludd og regn, motvind og torevær, tåkute tøppar og ein bratt og steinete avsluttning - eg gleda meg sø veldig te det!!
Tegn av sjukdom bli satt heilt te sides, eg nektar å kjenne på det. Særleg dei 4-5 sæsnte dagane fyri "Dagen"... Det spilar då hell ingen rolle, eg skø te mål, slik æ det bare, om eg bli nr 50 hell 160 spilar ikkje nokon rølle, eg skø te mål!!!
Litt uroleg æ eg jau, sia eg frå laurdag ettermiddag og nåtti fyri sundagen ikkje et paracet og mæ det badar i svette dei få timane eg fær i senga, nåtti fyri eg skø vera klar te årets høgdepunkt! Det gjer ingenting! Høvudet æ bare SØ klart! :-)


Morgomat og sænste sjekk av utstyr, kl 02.30! I år svømte eg mæ ulltrøye og ullondebuksur onde våtdrakti, samt eit tykt lag mæ vaselin og varmandes krem! Eg ANBEFALAR!! :-)

Sykkelsjekk! Der æ fantastisk mykje flott utstyr i ein slik T1 park!! :-)
Sia eg he gjænge frå upptur te upptur dænna sommaren, både trening og konkurransar (Kanskje ikkje plasseringsmessig, mæn godfølelse på dårlege dagar) va det lett å ta mæ seg alt det som va bra, og gløyme "tungt og trist"! 
Stemninga på kaia, fyri bilferga skø ta kån ut i Hardangerfjorden æ heilt spesiell!!! Fremdeles mørk natt ute, omgjevne av fakkellys og små lommelyktir... Lukten av neopren, saltvatn, tigerbalsam, sykkelolje... Hyggleg summing rundt omkring - der alle skø fikse litt, ordne dei sænste tingi... Magisk, og eg fylles mæ spent forventning!!

Dokø, og forebuing te "hopping" frå bilferga - uten kyllingutgang... Tøff start på dagen, fe ein som æ sø høgderædd!!! :-)
Fergeturen ut æ lang... Å sei at eg ikkje æ nervøs, vi vera løgn, fe det va eg! Prøvar å finne ut høss kroppen æ... Mæn det kjænnes "stilt" ut! Liksom litt flatt... Det æ ofte ein små kjip følelse!
Hyggleg mæ prate selskap... Ein brite (?) kjænnte meg att, han hugsa meg frå 2007 og syns eg ser meir "fit" ut i år!! ;-) Eg må læ - haha, å eg fortel han at i 2007 va eg gravid, ansikt-uttrykke hans æ fantastisk!! Lett å ynske inane ein bære tur i år enn frå 2007... Været og vinden æ på kåns side, og formen æ bære, fe kån båe!! :-)
Bommen framme på båten øpnar seg og me fær mauglegheten te stande på kanten å sjå ut, fyri me slepper ut i dæn mørke og kalde fjorden! Høppet mitt frå ferga såg nok ikkje veldig imponerande ut... Der eg kravlar utpå kanten på ein veldig forsiktig måte... Når eg hekk ut frå kanten ette bare armane æ ikkje fallet sø høgt - mæn det æ alikavæl sugans og svært friskt å bli omfavna av vatn og bobler når eg slepper kanten og treff vatnet! Lær av meg sjov, og kan høyre der æ andre der ute som lær litt au, såg ingen andre der ute, som bruka sama metode fe å kåma seg te "startstreken"...

Svært fornøgd mæ svømminga i år!! Ikkje veldig kald, og "fekk puste" heile vegen!
Svømminga gjekk sø bra!!! Eg tenkte på alle styrketræningstimane gjænom det sænste året! Om teknikken ikkje æ sø god, æ eg i stand te svømme på under 1.20 på styrken! (No skø eg snart prioritere eit svømmekurs - trur eg!:-) ) Følte eg va mæ på ein konkurranse, eg hadde følk rundt meg heile vegen - det he eg nøk aller upplivd før! Og eg tippa eg va halvvegs, når fyste - mann satte seg på sykkelen... :-)
Kroppen kjæntes litt dau, mæn eg tenkte heile tida på høss artig det va, å høppe frå ferja! Og sø va eg sikker på at alt kom te bli bra, bare eg kom meg på sykkelen! :-)

Når det ikkje gjæng fort, og farten uteblir, då må ein ta seg tid te å nyte natur og omgjevnadane! 
Mæn om eg syns eg va dau på svømminga, blei alt veldig mykje tyngre på sykkelen... Fe ein vanvittig følelse... Eg hugsa på turen min uppivi mot Trollveggen, der eg nesten ikkje kom upp ein bakke på 8% stigning, fordi beina va heilt tomme... Og DÆN følelsen hadde eg NO... Eg tenkte mæ skrekk og gru, "bare" 18 mil - mæ dei beina! Papa va fantastisk, og starta allerede på Dyranut mæ å fortelle meg - "Det løsnar snart skø du sjå, Marie! Det løsnar snart"!
Eg bestemte meg bare fe å feire kvør mil, mæ å synge "Sweat dreams" - i OL ånd! Bevisst tenke at eg æ HELDIG - eg æ frisk, he framifrå god helse, og  sjav OL heltar kan vera uheldig mæ sin store dag! Då skø eg ta min dårlege dag - mæ eit stort smil!!! Te og mæ kvit trøye æ ein bra prestasjon, når kroppen ikkje æ på lag mæ viljen!! :-)

Gøtt selskap upp te Dyranut!!! Glade, mæn ikkje spesielt raske... :-)
Der æ sø mykje hygglege folk i løypa! Eg æ ikkje vane mæ å bli passert av 50 syklistar, mæn fekk heiing og støtte frå alle som passerte, og supporten te dei alle va glade og inspirerans!!!  "Sweat dreams are made of this!"
På veg mot Geilo syns eg sykkelen gynga litt... Det gjekk trått framivi, og gira fuska... Eg finn aller ut høss gir eg skull bruke, fe det høppar og klikka uansett... Gaula te papa 8som sto mæ svært tette mellomrom, mæ eit blitt fjæs og baud på alt gøtt!) at eg må byte dekk i fyste bakken upp frå Geilo! Tok ein liten strekk, og åt litt, mæns papa skifta ivi te eit treningsdekk, mæ vælfungerandes gir! :-) Det va lurt, fe bakdekket va nesten flatt, og det føles lettare å sykle uten gynginga! :-)
Mæn sjav mæ stopp og liti matpause, bli eg heilt arm upp fyste bakken frå Geilo! Fytti, trur eg sykla 6km/t uten å velte... Og måtte eta alt eg hadde på sykkelen... Beklaga ivife nokon væntande support, dæn seine farten min, det burde ikkje vøre løv å sykla sø seint - mæn dei uppmuntra! Og på toppen feirar eg ændå ei mil, mæ sang og ei ny flaske mæ kald cola!! "Livet æ hærleg" - fe regnet kom, au som eg hadde sett sø fram te! Ein real dusj i andre motbakken frå Geilo! Nydusja, og ettekvørt litt stive fingrar og hændar gjor det litt vrient å gire... Mæn upp trong eg ikkje mange gira å velge mellom, og nevi ha eg ikkje tenkt eg skulle trø ein meter... :-) (I alle fall ikkje dænna dagen - spare på alle kreftene!:-) )
Bakken, eg trudde eg måtte høppe av sykkelen å trille upp... Eg va heilt tom... Sykla sø seint det va maugleg - uten å velte, og åt og åt, og åt og åt! Bananer, polarbrød mæ spekeskinke, bars, drakk kola og vørterøl! Fult måltid og væl sø det...  
Det surra og gjekk... Seint og sikkert! Upp Imingen måtte eg feire litt i kvør sving - glede meg ivi ein fantastisk god gel, farris og ride shots!! Sø heldige me æ!!! Vinka te alle eg såg, og tok faktisk att ei jænte uppi bakken!! Å der kom jammen meg ændå litt meir regn... "Det løsnar snart Marie, det løsnar snart!" Fantastiske papa, som skjønte høss han skulle motivere te framdrift!! ;-) Litt meir teknisk trøbbel fekk eg i værste regnet ivi Imingen... Då fekk eg ikkje gira! Hell, eg hadde tri gir å velge mellom... Eg veit ikkje heilt høtt som gjekk gale, mæn mæ litt ivrig skruving, å pussing av virar og skiver, ordna alt seg! Eg fekk i alle fall bruka dei tunge gira att!
Eg måtte læ litt att då! Ny svindyr polar pulsklokke og GPS, som ikkje klara finne hverken puls hell satelittar ein heil dag... Flatt bakhjul og kranglete gir - sjav om alt ha fænje ivihaling litt tilegar på sommaren, og blitt testa væl og længe, slik at eg va sikker på at alt ha fænje strekt seg ut, fe sø å blitt stramma att... Det æ fint når alt slikt skjer på ein dag, som allerede va litt kranglute, syns eg!! :-)
Rulla sakte mæn sikkert inn te T2, og va fullstendig ivibevist om at i år, måtte eg bare bli veldig glad fe kvit trøye!! "Hold your head up, keep movin on. Keep your head up. Movin on"!
I T2 va der eit supportbytte, Helene Lesund tok ivi på løpedelen! Ho hadde god erfaring frå 2009, der ho drog meg te topps på ein super måte!
Eg småjogga, sakte mæn sikkert, og bestemte meg fe å jogge to kilometer, og "feire" mæ tydleg jubelbrøl og sang!!! Små, korte mæn veldig ivikommelege mål, som va vært ei feiring!! :-)
Eg hadde det svært bra, sjav om krøppen ikkje va på lag! Eg sang høgt, og lædde høgt av meg sjov! Gleda meg allerede veldig te neste år... Og tænkte veldig på Anne Jupskås, som aller hadde vøre på Gaustatoppen før, og som eg hadde bedd te topps - fe å ta meg imot, og som eg kanskje ikkje fekk gje ein væl fortjent klæm, fordi eg bare sø vidt klara halde meg blandt dei 160 som fær løv te nå toppen! Eg jobba veldig mæ tanken, at eg burde rote fram det som trongst fe å nå toppen... (Fe mobilen låg att i sykkelen , og dæn hadde eg jau sændt mæ ein ana bil... Sø eg fekk liksom ikkje sagt ifrå, at eg kanskje ikkje kom te topps... Det ville ta seg veldig dårleg ut!!)


Sø FANTASTISK, å kåma te ein slik garasje på løpinga!!! Heiagjængen som ha laga plakata vænta jammen længe på at eg si kåma!!! Tusen takk!!!
Mæn mæ gøtt selskap i Helene og ettekvørt Hanne Gro og Linda kunne eg juble og feire fleire og fleire annakvør kilometerar!! Eg va sø lykkleg innimellom, at eg va heilt på gråten... Tænk høtt ein kan få kroppen mæ på!
Eg passerte ei ana jænte, som "fekk det" på løpinga... Uff å uff... Åssø klara eg ikkje ana, enn bli ændå meir glad, fe at eg ikkje hadde det heilt slik! Trudde au, at når bakkane kom, DÅ kom det te løsne... Ein hell ana gong sø skulle det bare måtta løsne! Eg va veldig klar ivi høtt som fantes inni meg!
Fe eit fantastisk skue!!!
Litt tilegar i sommar hadde sprunge frå "bønn" av bakken, og heilt te topps på rett onder 2,5 time. Då va eg au stinn i kroppen, og støl i alle musklar, pga litt intens trening. Eg prøva alt eg kunne, i å ivibevise meg sjov, om at dænna dagen ikkje va værre enn turen upp bakkane fe 14 dagar sia! Inn i bakken va eg nr 162... Hanne Gro, Linda og Helene gjorde ein unik unsats i å dra å hale meg framivi... (Eg va litt i "kvit-trøye-æ-heilt-ok-modus). Mæn meg tok sving fe sving, og papa kom te, og eg såg han ha det sama "det løsnar snart" uttrykket!! :-)
Og vettu - 150 meter frå 32km, og på 162. plass, mæ maugleghet fe å ta att to, som værkleg ha møtt veggen - DÅ løsna det!!! Eg spring, det eg kan (i dæn grad ein kan kalle ein slik spurt springing...) Eg tek att dessa to karane, og eg æ nr 160 på dæn magiske 32 kilometer skjekken!!! Eg jublar som om eg skulle vonne heile greia!!! Eg vann min eigen kamp!! Og jublar ettekvørt fe kvør bidige utdøvar, fotograf og support eg tek att på min veg!!
Ændå ein feiring!! Min 18. feiring på marathonetappa! (På ca 36 km) Sjekk ut, uttrykket - rasande fornøgd!!! :-) 

Ingvill Merete Stedøy-Johannsen og mannen Magne va i løypa mæ jevne mellomrom, og te slutt møttes me att, og dei tok bilde på Stavsro... Begge hadde vøre i tankane mine i løpet av dagen, fe dei æ makalaus blide, inspirerande og spræke - svært aktive, hæg ette hæg igjænom heile sommaren! Då burde eg karre meg te topps - som "ung og sprek" !!! 
Snakk om å vera glad, fe å få løv te kåma te topps, på eit slikt år!!! Målet mitt blei sjavsagt å mørne Helene alt eg kunne i steinrøysa mot Gausttoppen, og legge einn ein sluttspurt på toppen, få sø å "springe" ifrå!! :-)

Eg kunne ændleg rope - " DET LØSNA!!!" Sø mykje bære seint, enn aller!!! Eg kravla på alle fire, der det va maugleg, og sprang på ein slik måte at eg strakk baksida av lår - fe å unngå krampur! Eg æ ikkje vane mæ krampur, mæn eg kjænte ei ubehagleg murring... Drakk farris og eplejus, og supa i meg ein sænste gel... Rakk å juble fe at det skulle bli Gruleg længe te neste gong eg skulle supe på gel!!! :-)
Der æ jammen mykje ein kan feire, på ein lang dag!!! På dei sænste ti kilometerane passerte eg nesten 30 utdøverar... I mål va eg nr 132!
Og Anne, eg kom upp te deg, og fann deg på toppen!! Fekk min planlagte vørterøl, og ein lang god klem! Sø bra, du sto der å vænta i vær og vind!! Tusen takk!
Fytti sø glad eg va, når eg ændå eit år, kom meg i mål på svart trøye!!! På ein sø " langt uttafe god dag", tænk då, høtt eg hadde prestert på ein maks dag!! Ja, eg gleda meg allerede te neste år!! Eg skø vera mæ, heilt te dæn dagen alt klaffar, og eg kan karre meg i mål, og tænke - at bære enn detta æ eg ikkje! Det kan ta eit år, det kan ta fire år, det kan ta ti år. Sø længe det æ maugleg, sø længe helsa hell, og sø længe eg finn sø stor glede i å krysse ei mållinje, på litt ivi 15 timar, skø eg juble i takknæmmleghet - fe at eg, kan gjera akkurat detta!!!

Eg he vøre jevn på Norseman, tidene 15.15 (2005 - super fornøgd!) 14.46 (2006, magetrøbbel, mæn gøtt fenøgd!) 17.52 (2007 - ikkje fenøgd i det heile, innte eg skjønte eg burde ver Svært fornøgd) 14.48 (2008 - Super fornøgd!!) 15.26 (2009 - tung dag) og 15.05 (2012 - tung, mæn glad dag i tur tempo!) Og neste år - kjæm eg tebakars, om eg fær startplass! Eg GLEDAR meg!

Nokon trøyur "smakar" bære, enn andre!!

TUSEN TUSEN TAKK, fe ændå eit år, mæ fantastisk og heilt uunnværleg drahjelp, Helene!!

Fe ein fin gjæng!!! :-)

onsdag 8. august 2012

"Sweet Dreams"

"Sweet dreams, are made of this"...
Eg he hatt ein fantastisk trenings-sommar! (Te meg å vera!!)
Eg he vøre frisk, følt meg sterk, og på flyt! :-)
Derfor hadde eg trudd på pers på årets Norseman...
Mæn fe å klare det, må ein ha dagen...
"Dagen" hadde eg ikkje - kjænte det i heile kroppen, at noko va ute av kurs, mæn ette sø mange trenings-timar, æ hovude sø i modus - at det aller va noko alternativ, å ikkje stille te start!
(Hadde det vøre ein vanleg dag, hadde eg lege på sofaen, drikke cola, ete saltstengar og sett på OL, og håpa at alt hadde blitt bære om eit par dagar...)
Norseman-dagen blei ein gedigen upptur, "på tross" av veldig mykje - sø dæn historien kjæm (som roman...;-) ) te hægi!
No legg eg bare ut træningsdagboka mi, frå juni og fram te august (fe dei som æ spesielt interessert):

IM-Texas fullførte eg, 19.mai, tok ei vike treningsfri ette det! (Hadde sø og sei daglege turar mæ bikkja - fordi beina hadde sø lyst te det! :-) )
28.mai - jogga 8km i variert terreng
29.mai - 3 x fjelltopp (ca 6 min upp - tilsvarande ned att... Litt tung i pusten)
31.mai - superkjapp økt i "bakken" min seint på kvelden. 6 drag + oppvarming og eit par rolege rundar te slutt
2. juni - Roleg joggetur - ca 10 km - variert terreng
3. juni - Jogga 10 km i variert terreng. + 1 time styrketrening
Utsikten frå ein lånt utedo på ein "topptur"

4. juni - veldig roleg joggetur ca 6km (støl!)
6. juni - 6 drag i bakken min + 1 time styrketrening
8. juni - 17km løpetur (5.10min pr km i snitt)
9. juni - 10km "motbakkeløping" (5.15min på km i snitt)
10. juni - 1 time styrketrening
12. juni - topptur, mæ Sakarias i meis (to timar upp) + 8km løpetur
14. juni - 1 time styrketrening + 8 drag i bakken (mæ knebøy  før kvørt drag)
16. juni - 21km løp (1t45min!! :-) )
18. juni - 3 bakkedrag på sykkel (ca 10min pr drag) + intervall på mølle (5drag a 800m) + ein time jogg mæ bakkedrag...
20. juni - kun roleg rulleøkt (40min..)
21. juni - 1 time styrketrening
22. juni - 30min drag på sykkel, sø rett på 1time 30min løp - mæ bakkedrag!
23. juni - 50km sykkel (i sprutregn)
24. juni - 6km løp - 20km sykkel + 1time styrke
25. juni - 68km sykkel (sprutregn) direkte overgang te løp 8km
26. juni - 70km sykkel (inkl bakkedrag) direkte overgang te løp + 1time intervall styrke...
27. juni - 80km sykkel + 6km løp
28. juni - eit sykkeldrag på 20 min, overgang te løp (roleg løpeøkt!!) + 1 time styrketrening
30. juni Solvika triathlon: Svøm 300m - terrengsykkel 27km - løp (avsluttning upp slalombakken, og ned att i Siljan!)
Næringsvett, før Solvika triathlon

1. juli - SVØMMING!!! :-) :-) :-) :-) (eg skø ikkje ividrive, me snakkar ca 30 min i basseng!)
2. juli - roleg rulle"økt" (ca 45min)
3. juli - Korte drag på rulla (2-4min drag, 50min økt)
4. juli - Intervall på mølle 8x2-4min drag (1min aktiv pause)
5. juli - Roleg jogg 5km + 1time styrketrening
6. juli - roleg rulleøkt (ca ein time)
8. juli - 70.3 IM Haugesund !! :-) (TUNGE bein, "umaugleg" å springe... :-) )

FANTASTISKE Ironmanen i Haugesund!!!

11. juli - 50km sykkel (Upp frå Atrå og ivi Imingfjell) + ca 10km løp
Vær, vind, tåke - i kjænt stil på toppen av Imingen! :-)

12. juli - 110km sykkel - ivi Valdresflya
14. juli - Trollveggen triathlon
15. juli - 9km "Motbakkebakkeløp" i Geiranger
17. juli - Løp frå "25km" ("bonn" av Rjukan) og te Gaustatoppen, under 2timar og 30min

Vakker topp - i hyggleg selskap!
19. juli - roleg joggetur ca ein time
20. juli - roleg joggetur ca ein time
21. juli - løpetur m ulike drag. (Veldig lett og glad!)
25. juli - løpetur m ulike bakkedrag - veldig lette bein! 1time og 30min
26. juli - korte bakkedrag på sykkel (20min økt) + roleg joggetur ca ein time
28. juli - kjapp bakkeøkt i "bakken" 10x bakken
30. juli - 30 min joggetur, m naturlege bakkedrag
1. august - 30 min roleg joggetur
2. august - 30 min sykkeltur, m 4 drag på 1-2min - veldig lett joggetur rett etterpå...
4. august - testa våtdrakta i Eidfjord! :-)

Svømming i Eidfjord æ jamt litt ekstra spænnans!
No he eg ikkje tekje mæ turar mæ bikkjur, ungar, ekstra aktivitet mæ geit/fjos/skogsarbeid(!!! :-) ) sykling te og frå garden (eg he kanskje glømt tri turar te og frå jobb - på sykkel...) Eg æ ikkje sø veldig nøyen mæ træningsdagbokji - mæn eg noterar ned nokon ord - dei dagane som skil seg ekstra ut, og som då gjer at eg ikkje he "energi" hell tør å bruke energi på å trene, for å unngå å bli sjuk!
Kanskje eg kan sei eg he sykla litt lite i sommar (sykla langt meir i vår - fyri Texas), sø eg ser høtt eg kan justere te neste år! :-)
Fe eg gledar meg te Norseman neste år!!! :-)

onsdag 1. august 2012

Artig økt

Eg nevnte noko om artig økt, sø eksempel på noko eg syns æ artig og fort gjort æ "bakkeløpinga" mi.
Rett uttafe huset mitt he eg ein bakke, som æ ca eit minutt lang uppivi i jevn løpefart!
Eg he ein aktiv gut, som treng lite søvn, sø nokon dagar må eg vænte te ganske langt utpå kvellen fyri eg kan putte på meg joggesko! Når poden æ væl i seng (ca hall 10...) Mæ babycall på trammen, og soverommsglaset gøtt uppe, kan eg ta ei super kjapp træningsøkt, rett uttafe huset. Eg bur lagleg te, og he fine hus eg kan springe rundt!
Eg spring for eksempel, rundt og rundt barnehagen, som uppvarming - ti-tøll(12) rundar æ ca 7 minuttar uppvarming! Og sø æ det upp og ned bakken... Måndagen, hadde eg ti rundar upp og ned - planen va å springe fortare og fortare, på kvør tur upp, ingen pause på toppen, springe jevnt ned att... Fyste drag va på 55,5 sek, og eg innsåg at det kom te bli tøft å kåma langt viar på tida... Mæn eg hadde ein strålande dag, lett i beina - og bomma veldig på sjette drag - då eg va uppe att på 55,1 ette å ha hatt tidene : 55,5 - 54,7 - 54,1 - 53,5 - 52,4 - 55,1... 52,3 - 51,0 - 49,1 - 47,2!! :-)
Jevnt - rett og slett - og te slutt pers på bakken! :-)
Og sø ti nye rundar rundt barnehagen. Då he eg ei økt på ca 35-40min! Effektivt, og artig! :-)

Neida - ikkje alle skoa æ mine... :-) Mæn joggesko æ artig! :-)

tirsdag 31. juli 2012

OL :-)

OL = opp-lading... :-)
No æ det bare 5 dagar att, te årets Norseman...
Det æ ei fin vike... Kun korte, artige økter - formen kan eg neppe gjera noko frå hell te mæ no!
To år uten, og eg gledar meg veldig, te vera tebake!
Supportane mine æ i modus, og eg æ veldig fenøgd mæ eiga helse!
Trur eg æ i stand te gange fe ny pers i år! :-)
Forebudd på kaldt vatn (slik ca 10-12 grader), lang sykling (200 kilometer) og våt løping! (Løping og løping, framdrift både flatt og bratt!)
Hyggleg start nr, 251... (Mæn håpar veldig at eg æ balndt dei 160 fyste, sø eg eventuelt kan kåma te toppen og få svart trøye)!
Sænst gong, fekk eg 5 års trøye... Det æ eit stykke upp te ti års trøya, mæn, kanskje dæn æ sø fin, at eg treng dæn i samlinga mi... :-)

onsdag 18. juli 2012

Trollveggen triathlon 2012

Syns eg æ sø heldig, kan gange frå eventyr te eventyr... Trudde kanskje det skulle bli litt vrient å toppe førrige hægs IM Haugesund - mæn i ein ana "sjanger" sø æ Trollveggen ændå meir eventyr - enn Haugesund! Det æ fult maugleg å skrive bok, om Trollveggen Triathlon, sø her kjæm eit langt samandrag, frå ændå ein god dag!

Skødda ligg tykk uppi fjellsidene, du kan kjænne at fjølli æ høge, uten å sjå toppane. Glimt innimellom gjer at ein føler seg litt liten  i eit mektig landskap! Vegen nevi dalen fører deg djupare og djupare - ned mot ein grøn fjord... Litt kaldt gufs møter meg når eg øpnar bildynni - fjorden æ ikkje veldig varm... Mæn om fjorden æ kald, æ folket varmt og hjartelege! Triathlon menneska æ jau ein stor god familie, sø det varmer alltid å møte kjænte blide fjes!

Noko låg skødde, vatnet væntar på kån, og Richard ynsker alle deltakarane  varmt velkommen! 

Richard (Merlid og familien) gjer ein kjæmpe innsats fe at kvør og ein skø få ein unik upplivelse - om du æ superrask elite, hell he tænkt å krabbe upp te Stabbeskaret på alle fire, stupe ivi målmatta - som sistemann! Og du føler deg trygg og heldig frå du kjæm dagen fyri konkurransen, te du reiser derifrå dagen etterpå (hell om du kjæm seinar/tilegar og reiser før eller seinar)!
Gåsehud fær du garantert (om du ikkje he kjænt antydning te det tilegar) på pre-race møte! Bilde og svært passans musikk, gjer at sommarfuglane dukka upp i magen, og håra reiste seg på armane, det æ VAKKERT, mektig og nasjonalromantisk, naturen som vænta på kån! Distansen æ slik ca 1200meter svømming i Isfjorden. 34km sykkel mæ ein forholdsvis flat sveip upp langs "dalen" langs uppom Trollveggen, sø snu og ned att te Sogge bru, då bers det sø upp bakkane te Trollveggen platået. Te slutt æ det å finne rytmen mæ joggesko i ur, røys, sno og sti upp te Stabbeskaret, ca 5,6km.
Mia (datter te Richard) ha ein fantstisk presentasjon av løpet, som vænta på kån! Eg hugsar aller best, ho sa me skulle ha merkebåndet som va lagt ut, på heile løpedelen - mellom beina, då va me trygge!! :-) Og Richard smilte lurt, når han sa det va 13 grader i vatnet, og at det kanskje æ litt kaldt te svømme alle dei planlagte 1200 meterane... 13 grader, du liksom... :-)

Svømmestarten!! :-) Foto: Anne Marit Eide
Kroppen æ ein fasinerans maskin... Dagen fyri, altsø fredagen vakna eg sigen og seig på alle vis... Følte meg mildt sagt tom - meir forkjøla sliten! Det kan jau hænde at det blei litt rikleg mæ træning, fe min del, mæ halv IM distanse sundag, bakkedrag-styrke tysdag, sykling ivi Imingen + løping på onsdag, og sø sykling ivi Valdresflya mæ eit par ekstra bakkar på torsdag (alt utenom sundagen, i heftig norsk sommarvær og temperatur...) Fe meg bli detta meir enn nok, sø eg hadde ingen store forventningar te Trollveggen... Eg va faktisk ganske usikker på om beina mine ville sykle meg upp te Trollveggen platået... Sænst sykkeltur, torsdagens sænste bakke, på bare 8% stigning hadde ændt mæ fullstendig "havari" ette bare 3,4kilometer upp i bakken, då havna eg onder ei furu, og gørr åt sukker... :-)(Mæn alt dette æ jau ein litt ana historie...) Uansett, iskald svømming, låg å murra, som litt bekymring fe høss resten av Trollveggen - dagen kom te gange...
Møtet mæ vatnet va grusomt kaldt... Eg vippa meg forsiktig uti, frå brygga. Prøva veldig å skaffe meg roleg puls, og full kontroll ivi følelsane som surrar vilt rundt i kroppen, når det æ søpass kaldt... Det strider veldig imot all fornuft, å stappe høvude onder vatn, når det æ sø kaldt... Eg orka ikkje noko ana enn veldig høgt-ivi-vatnet-mæ-hovude-brystsvømming dei to minuttane eg befann meg i vatnet, fyri startskøte skulle gange! Te og mæ dei fyste taka mæ crawl, ette at starten gjekk, foregjekk mæ høvudet høgt ivi vatnet... :-) Mæn det tek ikkje lange beita, fyri kroppen æ i konkurranse modus, og gløymer alt om kaldt vatn... Det gjæng an å få te heilt ok svømming, sjav om det æ kaldt vatn! Eg he ikkje noko god retningssans og fær nok nokon meter ekstra heile vegen... Litt mykje sikk-sakk, mæn innimellom he eg god flyt og følelse! :-)
Ein solid krasj, mæ ein svømmar som æ langt raskare enn meg, fær meg litt ut av rytme, og svømmebrillur fulle av vatn, sø ein støpp fe å få synet i orden og vassfritt måtte te! Heldigvis fær eg hjelp te kåma meg upp på brygga, ette ændt svømming - fe meg hadde det blitt vrient ellers! Hadde seriøst trøbbel mæ å ha kontroll på muskelaturen i fjæset... Smil føles som grin, og beina ber meg upp te T1, mæn eg føler bare ein pussig nummenhet i anklar og under beina!

Dagen etterpå hadde tåka letta, og sola va nesten på veg fram... Mæn fossen og svingane hadde minst like stor magi, i tåke og lett yr!

Eg æ aller nokon racer i skiftesonene, Trollveggen æ i alle fall ikkje noko unntak!! Fryse meir dæn dagen, ville eg i alle fall ikkje!! Lause kne, ulltrøye, varme løddar! Alt gøtt på plass, fyri eg satte meg på sykkelen! Ette litt sein svømming, va eg litt meir i farta på sykkelen! Ikkje maks fart og kraft, mæn uvæntleg lett og fin i forhold te det eg hadde frykta!! :-) Syns nok at morosamhetene bjønda, når bakkane tok te! Det gjekk veldig fint, beina bare meg, som bare det!! :-) Syns sjov at livet va fantastisk, sykla lett og fann meg eit å ana mål uppivi svingane! Eg kunne sjå upp, og dei svømmesterke - kunne sjå ned på meg! OK, Cathrine (Mediaas) eg hadde veldig veldig lyst te ta deg att fyri platået, på sykkelen... Sø eg speida og speida ette grå og raud drakt, på lang og sprek dame... Om eg rakk ta deg att på sykkelen, va eg sikker på du ville springe ivi meg upp fyste og beste bakke! Supa på litt gel i sving nr to, på veg uppivi og passerte ein og anna deltakar... Hadde det sø fint! Smilte breitt og vinka te bilar, turistar, tilskoderar, glade og ikkje fult sø glade bilistar! Fossane buldra nevi fjøllsiune og dusja meg lett, idet eg passerte broa "midt" i bakken! Eg blei rørt ivi å få vera ein del av ein slik upplivelse, og bare kjænne meg lett og glad!! Det æ ikkje sjavsagt...
Snaut ein kilometer frå toppen såg eg ryggen te Cathrine! Sia eg aller rakk sjå ho, fyri ho va i mål og vænta på meg i fjor, blei eg sø glad, fe å få eit lite glimt av ho i år... Om det bare va fram te T2, og ho kom te storme av garde, længe fyri meg! Ette ein veldig fin sykkeltur (3.beste sykkeltid av damene) va eg gruleg spænt på høss "løpinga" (krabbinga) kom te føles!
Det ser ikkje ut som om det gjæng i full fart, mæn dagens raskaste dame mæ joggesko, frå T2 te topps - det æ eg veldig veldig gøtt fenøgd mæ! :-)
Ingen rekordrask T2, gjor at nokon av dei eg he passert på sykkel, passerar meg att, ut på løpinga! Det æ greit, sjov bruka eg nok ein halv kilometer te å finne ein god rytme på løpinga! Då bestemmer eg meg fe å late som om eg skø ut å leite ette geit fe naboen! (Eg he Vidhuskjeringi i Øyfjell, som eg he sprunge mange turar på - det æ ein liten times løpetur, og litt læng enn upp te Stabbeskaret! Stabbeskaret æ brattare og kortare, og eg innstiller meg på ein time og ti minuttars tur i variert terreng!) Flirer te meg sjov fleire gonger på veg uppivi, sø artig - sø fantastisk artig!! Tænk at eg kunne vera sø sliten dagen fyri, og sø lett og glad ein dag seinar... Innimellom føler eg meg som ei fjøllgeit - mæ fin flyt og god fart, andre parti æ eg meir på leit ette fjøllgeitan, og det føles ikkje fult sø lett... :-) Stadig bli eg "sekundert" av turistar som seie eg æ dame nr 5 og dame nr 6 og sø viar, sø eg lurar veldig på, høss mange damur som eigentleg rakk vera fyri meg ut på svømminga... Fe eg kan ikkje hugse at nokon damur passerte meg på syklinga... (Der va jænte, som sprang ut av T2 litt fyri meg, mæn ho hadde eg au tatt på sykkelen ænde fyri platået...) Jaja, eg trudde i alle fall ikkje eg va på medalje-jakt!! Mæn eg va veldig på jag - sammen mæ klokka!
Eg krabba på alle fire, på det brattaste, og i røysane! Og sprang sø lett eg kunne på snoen... Eg hugsar ikkje høss mange eg passerte på vegen uppivi - fe der va både deltakerar og turistar... Mæn eg hugsar ein, som sleit i snoen - mæ krampe! Uff å uff, eg hadde ikkje noko ana enn litt drikke å bidra mæ, mein eit par slurkar fekk han då, fyri eg sprang viare! Litt usikker va eg au, på om eg syns skodda va bra, hell dårleg...(sia eg æ sø gruleg høgderædd...) Uten skodde, hadde eg kanskje blitt forskrekka av utsikten, og mæ skodde - såg eg jau ingenting... Mæn mæ sperrebandet mellom beina, heile vegen - følte eg meg veldig trygg!! :-)
Hørde ettekvørt at toppen nærma seg veldig, både av hurra-rop, og av deltakerar som kom i møte - fordi dei va færige og på veg ned! Løpeløypas einaste lille pustebakke, eit lite parti mæ nevi (!!), der såg eg ændeleg ryggen te ei dame! Eg slurka i meg ein gel, fe å vera sikker på at ikkje armoda skulle ta meg, dei sænste meterane, og la om tempoet litt - fe å rekke hælane hennars! :-) Irriterans nære hælan hænnars va eg nok, i eit par hundre meter... Prøvar veldig å ikkje trakke av ho skoa - fe eg ha nok ein litt ana frekvens på mine bein... Sia sikten va ca 40meter, sø visste eg ikkje høss nære mål eg eigentleg va... Mæn me velger ulik trase rundt to(-fæm) steinar, og eg æ fyri ho i løypa!! :-) Då he eg plutseleg "plenty" av gir å ta av - og girar om! :-) Mål-linja kom litt fort, mæn eg rakk legge ein mann bak meg på dei ca 150 meterane mæ ekstra bakke-lykke!! :-)
Torodd, og eg... Dænna gongi va det eg som fekk eit par minuttar, på mi side - revasje frå Haugesund!:-) Eg æ sø imponert ivi deg, Torodd... Om eg fær tida og dagane, håpar eg på helse og som deg! (Eg træng/hell krever absolutt ikkje vera fult sø spræk...)
 Eg va bare pur begeistra på toppen - sjav mæ null utsikt... Me fekk kald cola, og heimebaka bollar, varm kaffe og heimebaka sjokoladekake! Konge og dronning - uppvartning, uansett plassering på resultatlista!!
Eg va ikkje på plasseringsjakt, eg va på tur, fe å få gode upplivelsar! Det fekk eg!! :-) Ekstra moro fe meg, æ sjavsagt at eg hadde dagens raskaste tid, av damen på løpinga! :-) :-) :-)
Mæn, fyri meg i mål, va Trude og Ann-Kristin, GRATULERER!! :-)

Pallgutar og jæntur! Frå venstre:Ann-Kristin Lien (nr2) Knut Anders Fostervold (nr2) Trude Gran (nr 1)  Henrik Oftedal (nr 1) og meg nr 3! Framme æ dæn fantastiske arrangør familien, Merlid!
 Viss du bare skø gjera ein einaste triathlon, om det æ som: veddemål, træningsmål, glede, utfordring, magi, naturglede, bygge upp naturglede, forandring, treffe nydlege mennesker, treffe maksimalt fantastiske og engasjerte arrangørar, ferie, finne på noko sammen som familie, finne på noko sammen som nyforelska - uansett grunn - då anbefalar eg Trollveggen triathlon!

Anbefalar varmt, kaffe og soft is i kafeen på Trollveggen platået!
 Både fyri og ette slike konkurransar burde ein jamt ha tid te å eta middag, treffe andre deltakerar - skryte og juge litt om dagens/sessongens hendelsar! Tusen tusen takk fe køyring, og ettekvørt veldig gøtt middags-selskap Live Kåsa, og alle andre Skagerakingar, Torodd og Anne Marit!
Og Silja, eg håpar veldig at du fann ei våtdrakt som passa!! :-)

Fin trøye, vakker natur! :-)

Eg trippar at me va upp i snoen og uri uppivi, i toppen i bak-kant! 
 Trollveggen triathlon va ein del av ein ganske lang tur, frå Telemark te Åndalsnes... På sykkel og i joggesko! Eg hadde ein magisk tur! Noreg he uendeleg av perler...! :-) 
Haha, eg syns bading i fjøllvatn æ veldig artig - sø hera frå eit vatn i området Gjendesheim! :-)