torsdag 12. august 2010

Snart på startstrek te min 10. ironmandistanse

No æ eg påmeldt Barcelona 3.oktober.
Min 10. ironman sia 2005.
Då syns eg det va på tide å finne fram litt bilde å mimre.. :-)

Min aller fyste triathlon ever va Norseman 2005.
Eit fantastisk eventyr. Hadde ikkje svømt før, å hadde ikkje sprunge før, i alle fall ikkje distansar ivi 15km. Mæn va glad i å sykle! Målet va nok å karre meg te mål på 17,5 time.
Sjav om målet ikkje va sjølve toppen pga dårleg vær, va eg aldelses heilt superdupermega glad fe å fullføre på 15 timar og 15 min, som dame nr 4!

Va sø inspirert at skia nesten blei lagt på hylla, og bare meldte meg på ny ironman, då på Lanzarote, mai 2006.
Hadde ingen forhåpningar om noko som helst, bare ha d ganske fint!
Det blei ein græmla varm og vindfull dag. "The wind is your friend!!" Va d sænste eg hørde når eg sykla ut av T2, å d fyste eg ser ute i sykkelløypa æ ein kar som bli tatt av ei vindkulle å sændt i ei røys på andre sida av vegen - han kom seg ikkje på sykkelen att... Det blei ein lang dag, i kamp mot varme og vind. Va nesten sænst upp av svømminga, fordi eg va dæn einaste so svømte bryst.. Tok att ein del på syklingi, sjav om eg bruka 8 timar på dei 180 varme og bratte mila rundt om Lanzarote! Va rasande glad når eg kom i mål! Ette 15 timar on nesten 30 minutt :-)



Norseman 2006 va eg nok fantastisk heldig mæ. Tænk å stande som vinnar av Norseman!! :-) D æ kult det!! Kanskje ikkje all værdens tid å skryte av - mæn eg vant! Skjønte høss luksus det æ mæ eigne supportbilar, som bringer vørterøl på komando når eg æ gørrlei energidrikk. Å fantastiske supporter papa som køyrer 3 ekstra mil fe å få tak i ei flaske mæ cola når alt buttar imot og æ tomt på vegen upp mot Stavsro! Norseman æ fantastisk - fantastisk natur - fantastisk løype og heilt unikt fantastisk, der me kan ha mæ kåns eigen support! Fin dag!



Sø kom 2007 og Ironman i Sør Afrika. Av alle triathlon eg he vøre mæ på sø langt æ Sør Afika dæn beste opplevelsen. Makan te jublande glade support, crew, publikum - fantastisk stemning og valutta f pængan! Heilt makalaust. Sø viss d ikkje ha vøre fe at eg svømte meg burt ha tii vøre god dæn. Mæn to timar på 3,8km svømming æ litt i ivikant! (Eg legg skuldi på høge byljur og vriene straumningar i vatnet!) Mæn ikkje nøk mæ det, eg starta på heilt klin ny sykkel! Hadde bare tatt dæn nye sykkelen mæ meg i pappaksen på flyet - å skrudd dæn sammen på eit lite hotellrom tri dagar fyri konkurransen.. :-) Kanskje ikkje å anbefale - mæn det gjekk fantastisk bra! Utenom at sete løsna litt å fekk ein pussig vinkel ette 16 mil, sø funka både utstyr og kropp fantastisk bra! Abnbefalar alle som he lyst te prøve Ironman te reise te Sør - Afrika! Mæn pass på å ha ei vike etterpå - te å uppliva safari mæ løvur, elefantar og frekke apekattar!



Sø kom dæn længste turen min nokon gong, Norseman 2007. Hadde træna gøtt, mæn syns ikkje kroppen fungerte noko særleg, va sø oppblåst og trøbbel mæ magen heile tii.
Svømmingi va heilt ubeskrieleg kald, fekk ikkje liv i beina fyri ette Dyranut. Å sø gjekk det time ette time og eg bare håpa det skulle løsne. Bare at magen skulle fungere litt bære. Mæn det løsna aller. Låg ein halv time i foten av Imingfjell å visste ikkje mi arme råd... Åt ein is og ein kvart bolle - å hadde bare lyst på lakris! Papa - som æ dæn beste supporten og støttespilaren i værden lova meg cola på kvør 500meter uppivi bakken og små bitar mæ smågøtt, å slik fortsette det heile dæn lange dagen! Sia været va sø dårleg blei det meldt i T2 at det ikkje ville bli nokon tøpptur i år. Då bestemte eg meg fe å gå dei lange 4 mila upp te Gaustablikk - å bare ta tii te hjelp! Eg komte mål, på under 17 timar - søvidt, å klara hell ikkje bli sænste dame i mål. Eg kom te å mæ inn te svart trøye! Det skulle gange ændå 1,5mnd fyri eg uppdaga at eg va gravid.. Stakkar tassen inni magen va heile 3,5 mnd gamal - å ha væl ikkje noko ana valg enn å knyte seg inn i navlestrengen fe å halde seg på plass.
(Dek kan nevnast at stakkaren fekk rista seg ordentleg gøtt, mæ ein halvmaraton på under 2 timar i midten av oktober og nyttårstrimmen frå Porsgrun te Skien 3 vikur fyri han bestemte seg fe å kåma ut!:-) )

Norseman 2008 blei langt lettar! Då hadde eg hatt kroppen fe meg sjov litt ivi eit halvt år, og Sakarias hadde halde meg i form mæ kolikk hyling nått og dag. Uansett æ det nok detta årets prestasjon eg æ aller mest stolt ivi!
Tænk, 7mnd ette fødsel kunne eg lukkeleg springe i mål på Gaustatoppen - som tredje beste kvinne og tangering av mi eiga bestetid frå to år tidlegar! Dagen va heilt fantastisk! Eg hugsar eg smilte å kosa meg både på sykkelsete og på beina! (kort film om Norseman 2008 laga av Asbjørn Berge kan sjååas på: http://www.youtube.com/watch?v=MXOM0XI7tGI

Åssø kjæm Nice 2009. Hugsar ikkje høtt eg he skrive i RR mæn det va ein lærerik tur, som eg no æ fornøgd mæ! :-) (skoll i blog - sø æ der detaljert beskriving! :-)
Norseman 2009 - æ der lang RR om, ikkje lystig kanskje. Mangla noko motivasjon - då bli turen Eidfjor - Gaustatoppen lang!
Zurich 2010 - som alt i alt bare va kosleg. Ein fin langtur, som sjavsagt va noko energikrevjande. Mæn som inspirerte meg te å gjera ændå eit nytt forsøk på å få næring te fungere på min ironandistanse nr 10!

Som eg gledar meg te Challange Barcelona 2010, 3.oktober!! :-)

mandag 2. august 2010

RR kvad frå Ironman I Zurich

Oppladninga te Zurich he gjænge litt upp og ned,
mykje upp i sommar, mæn sø ned fe telling mæ eit vondt kne.
Bare muskulært, sø smerter fe ein god deg kan eg tøle,
viss eg bare litt fart på krøppen kan føle...

Eg veit magen æ følsom på høtt dæn fær servert av mat i lang konkurranse.
Derfor he eg i eit år, trene på powerbar-orange og bars og gel for å holde dæn i balanse.
Det eg ikkje tenkte på va at i Zurich bli det servera vatn frå springen.
Eg burde nok ha tenkt på forhand at det ikkje va tingen.

På startstreken, med kvilepuls og liten tru på noko stor dag,
startskotet small og svømminga føltes som eit stort krigs-slag.
Mange spark og følelsen av liten plass, svømte eg meg burt på runde nr ein.
Tusla i land på 1.20 og følte meg nok litt sein.

Sjølve sykkeltraseen va i variert terreng og lagt te noko vakker natur
syns eg sykla fort ei beite, og ha ingen grunn te vera sur.
Noko trongt slik at det oppsto tendensar te kø i terreng som va flatt.
Mæn eg og knea mine trivdes best der det va bratt.


På sykkelen tok eg imot det eg fekk langa av drikke og av mat
Følki på matstasjonane va flinke og servera kån frå flaskur og fat
Hadde nok ein følelse av at magen va litt ute av lag te tider
Mæn mæ fult fokus på dagens "jobb", ser ein alt frå alternative sider.







Allerede ette 9 mil på sykkeln kjenner eg at kneet ikkje æ som d skø.
I bakkane gjæng d fremdeles bra, mæn på flata bli det vrient å ordenteleg trø.
Derfor sø syklar eg "roleg" inn te T2 mæ snittpuls på 142,
noko som tesvarar fe meg, låg sone to.

Eg følte meg eigentleg ganske pigg og energisk te å springe litt fort.
Mæn det va langt lettar sagt enn gjort...
Eg startar mæ å jogge roleg, eta litt og sø ta ein slurk hell to mæ vatn
mæn d einaste som skjer æ at d æ magen som fær upp fart`n



Rutinen bli frå kilometer nr ein te kilometer nr førtito:
Innom matstasjon, jogge litt, sø gange sø fort eg kan te næraste do.
Fe maratonen blei bare fullført på reint trass,
å te slutt eit mål om å ha vøre innom kvør bidige dass.

20 dostøpp på ein maraton etappe æ ikkje sø slitsamt som å springe,
mæn eg veit at te neste gong, eg min eigen mat og drikke skø medbringe!
Slik at når alt blei som d blei æ eg veldig glad at min finisher på IM distanse nr 9
ikkje æ historien som skø gjenta seg på mållinja te finish nr 10!! :D


Eg kjæm ikkje te gjenta IM i Zyrich mæ det fyste, mest fe det at:
det ikkje kan måle seg mæ Sør-Afrika, Lanzarote og Nice på at ting gjæng "glatt".
Det bar veldig preg av å få mest maugleg ut av det, i form av betalt krone og øre.
Ikkje heilt min greie, mæn æ ein ute ette ei god tid, kan ein sikkert der fort kjøre!!


Å forresten, tusen takk Alfred, fe at du he tekje det ti,
te å gje meg råd, som kan få magen balanse!
(Kanskje det dokjøret ein gong kan stanse...)