søndag 26. juni 2011

Fettforbrennings-trening?

Ændå eit kappittel eg he høppa ivi i treningsteorien... Fettfrorbrenningstrening!! :-)
(Sia eg fyst æ i detta "roleg-trenings-moduset"!)
Idag tileg tok eg meg tid te stande upp samtidig mæ fuglane (ca hall 6). Tok ei 2,5 times roleg økt fyri frokost. På Mallorcaturen blei det diskutert fettforbrenningstrening - det lurt å lære kroppen å forbrenne fett - at det va lurt å gjer dænna treninga på tom mage - uten å teføre "energi" i løpet av økta - og det heile skulle foregå mæ "roleg" puls/låg intensitet. Eg he ikkje tenkt sø veldig ivi slik trening tilegar - og he fremdeles ikkje lest meg upp på detta, mæn tosse det va løgleg å prøve ein gong - bare fe å sjå høss det funka.(Hell, eg he væl trent på tom mage tilegar au - både kort og længe, mæn ikkje hatt noko bevisst forhold te det... Åssø ette at eg fekk Sakarias he liksom morgomaten blitt det viktigaste måltide i løpet av dagen - å sia han vakna tileg - sø blei det tileg morgomat... Mæn altsø idag ha eg anledning te ta ein runde på tom mage!)
Ein erfaring av ei slik økt va jau at det va værre enn intervall - fordi du måtte ha lengde på økti - samtidig som du ikkje skulle teføre kroppen næring... Få kroppen te lære seg å bruke/forbrenne fett... (Sjavsagt ha båe lese om detta og kunne gje meg ein lang og fagleg avhandling...Å noko he eg nok lese i "Kondis" sjov au...)

Tippar detta æ lett å få te på spinningsykkel - mølle ol. Eg "gjekk" tur! Snittpuls på 111, makspuls 121 og lågaste registrert puls på kløkka va 101. (Jevn fart mæ andre ord!) Gjekk på uten mat og drikke... (æ det lurt å drikke vatn undervegs kanskje?) Uansett, detta gjekk heilt fint, kunne sikkert halde på læng (- fe å få meir virkning?)
Sauebjøllur og bekring seint å tileg - høyrer sommaren te! :-)
... Hell... Utivi dagen he eg vøre sø sølten. Eg he ete og ete og ete... Heilt snedig. Følelse av konstant lågt blodsukker- svimlar når eg reiser meg brått ol. Eg he jau vøre aktiv i løpet av dagen - mæn ikkje noko ividrive i forhold te normalt. Åssø blei eg heilt "tom" ette 34 minuttar når eg si ta ei lite kveldsøkt på trimsykkelen... Måtte "kaste i meg" ein banan og ein liten liter mæ saft fyri eg kom meg...

Kanskje eg fekk eit realt kikk på forbrenningi mæ dænna økti idag te morgon? :-) Litt artig va det i alle fall! Åssø fekk eig ein fantastisk fin start på dagen! Fekk nyte ein fin sumarmorgon, stor sol, fuglekvitter og lukt av nyslege gras, varmt nok te gange i stuttbukse (- akkurat slik eg minnes sommarmorgonen va, då eg va i småskulen og akkurat ha fænje sommarferie!)
Fettforbrenning de lux - hell ikkje - det va maks kos! Håpar på fleri slike sumar-morgonar! :-)

lørdag 25. juni 2011

Virusbekjempelse! :-)

Detta kan ikkje eg noko om, mæn
nålir på rette punkti - av nokon som kan det, he vøre
te hjelp fe meg! 
Eg æ sø glad der finnes nokon som he sett på alternativer te behandling - der legane ikkje kan hjelpe meg læng!
At eg slit mæ virus - det æ brei einighet om (legar, akupunktør, soneterapaut og meg). Behandling som hjelper - æ ikkje sjavsagt - ofte må ein bare ta tii te hjelp! Mæn eg he prøva både akupunktur i øyra og soneterapi mæ god virkning tilegar - sø eg tok fatt på ny omgang mæ både nålir og fotsoneterapi! Eg æ sø fenøgd. Kroppen min responderar nøkk gøtt på slike ting. Ragnar Refsdal i Larvik æ ikkje heilt ukjent, og he nok ein lang pasientliste. Det som æ sø fint - æ at han, ved hjelp av nokon punktir i øyra - kan fortelje MEG høss eg syns sjov at helsa mi æ. Uten at eg he sagt eit ord (- ana enn "god dag og fint vær") - sø kan han fortelje meg at eg nok slit mæ pusten, at eg he eit utruleg søvnbehov - æ trøtt heile tii og he trøbbel mæ magen. (+ nokon andre småting...)
Nokon nålir bli putta på sine plassar i øyraet. Sit slik ein time og bli sø glad - fe plutsleg fær eg ein følese av å ha tekje astma medisin. Eg fær PUSTE! Det æ gruleg snedig - eg ha sama følelsen sænst gong eg va der.
Eg va der på måndagen i dænna vika - reiste derifrå og fekk PUSTE. Magen æ i balanse att og eg he ikkje tronge søve lur på ettermiddagen - ændå eg he PRØVA!
Folk æ ulike - eg he jau tru på at detta kan hjelpe - større tru på detta enn antibiotika! (Antibiotika te bakterieinfeksjonar - ja sjavsagt - mæn neppe mot virus...Mæn eg æ ikkje utdanna og he ikkje greie på det i det heile!!) Kroppen æ energisk att - eg he behov fe å gjera ting - ikkje bare fe at eg he lyst - mæn eg fær ikkje søva viss eg ikkje fær ut litt energi, då ligg eg vaken å sprellar! :-)
Skø tebake te Refsdal om ei god vike - fe sjå om viruset æ ordentleg på veg ut av kroppen Mæn sø langt æ eg i alle fall gruleg gøtt fenøgd.
Sjav om der føles som formframgang og følelse av frisk - he eg fremdeles planer om å halde att og ta det gradevis framivi! :-)

onsdag 22. juni 2011

DNS - Bergen triathlon...

Møsvatn - finværet som va "løva", lot vente på seg! Det va regn og regn og regn!
Ein ting æ sikkert - det va gruleg lurt å ikkje køyre te Bergen fe å konstatere at formen ikkje  i boks... Null krutt og kraft!! Eg hadde nok blitt nitrist om eg ha kjørd sø langt - å sø kjænt følelsen eg hadde når eg va ute å sykla fredagen!
Hægi blei fantstisk - "treningsmessig"! Å kjænne at kroppen syns det æ ok å ver i bevegelse att (roleg bevegelse!!) nokon dagar på rappen - det æ ømla gøtt!! Lang roleg (VELDIG roleg) sykkeltur på fredag. Fjølltur på laurdag og liten og gruleg roleg tøpptur på sundag! Mæn det blei ein plan C! :-)
Vidda, slik i farta - orka ikkje stoppe å ta av vøttar fe å ta bilde! :-)
Tru nok ikkje det va meiningi at eg si på noko lang sykkeltur på frædagen - slik eigentleg. Det va regnvær og slik ca 7-9grader på ettermiddagen. Mæn i følge yr si det bare bli bære og bære - sø eg pakka sekken og la i veg. Sia eg si sykle ein del grus - måtte det bli terrengsykkeln. (Ette å ha sykla triathlon-racer sykkel = Porsche 911 , æ terrengsykkeln som å køyre gamal massey ferguson - åssø vett du aller når dæn havarerar...) Måtte snu ette 7km - fordi eg hadde glømt lommebok. Kom meg nok av garde frå heimen att i hall fæm tii. Makan te elændig sykkel... Fyst hekk bakbremsa seg upp - eg skruva og dildra det på plass att. Ett hell ana  stemte ikkje mæ sete og skruven der - stoppa nok ca på kvar 10.km fe å skru - slik at eg sat sø toleg normalt. Frambremsa og vaieren lika nok ikkje alt regnet og søyla - fe eit hell ana knaka te og sø hekk jammen dæn bremsen seg upp au...(No kan det virke som eg ikkje æ sø veldig glad i terrengsykkelen min - og let dæn liva sitt eige liv. Mæn eg he faktisk dæn au inn te årleg helsesjekk. Sø høffe dæn ikkje ville på tur no veit eg ikkje heilt.)  Været blei IKKJE bære, det va regn og regn, litt meir regn og sø litt mindre regn! Te slutt - ette 8 mil på ca 4 timar - då gjekk gjenge te seteskruven! Eg innsåg at ca 5 mil att te Kalhovd - hall ni på kvelln i regn og 5 grader, va ikkje eit alternativ! Eg ringte papa! :-) Makan te snill - stiller upp, på pletten!! Eg rakk sykle to mil i rett retning - rakk altsø 10mil på 5timar! (Snittpuls på 132 - makspuls 152, her æ det snakk om å trø seint uppivi og trø nevi fe å få fart - samtidig som ein faktisk må ha litt puls fe å halde varmen!!) I regn og "kalde grader" på ein håplaus sykkel! Va frysen på føtan, mæn eg ha klædd meg, som om eg si på skitur i mangføldige minus - det va snakk om ull på ull og vind og vasstett jakke og buske! Regn i 5 timar på sykkel gjer uansett at du bli våt og føtan visnar litt burt!
Mykje vær på ein dag. Lokale regnbygur og lokalt mæ sol! :-)
Mæn eg va gruleg glad - tænk å få ein slik tur - som trening - gjer meg ingenting! Dusjen når eg kom heim va FANTASTISK og eg søv som eit lite barn! :-)




På planen stod det fjølltur laurdag - sø fjølltur blei det! Va litt spent på høss krøppen va ette lang dag ute i været dagen fyri - det va ei beite sia sænst økt på 6 timar. Mæn eg vakna pigg og glad!
Kira syns tur i behagleg tempo va fint! Litt læng hell ho æ vane mæ...
Supert selskap fe meg, her på Vidhuskjeringi! 

Eg ha sett fram te nystekte vaflar på Kalhovd ette lang dag ute i vær og vind... Laga te vaffelrøre fyri eg la i veg, slik at eg kunne stelle meg nystekte vaflar mæ rjome og syltetøy når eg kom heim! :-)  Tok på fjøllsko - slik at det skulle bli "håplaust" å springe. Rakk Vidhuskjeringi og Stavsvatn på ca 5 timar! Veit ikkje længde, mæn kom heim att mæ 131 i snittpuls! (det blei nokon høgdemeter...)
Det æ fint å bare traske rundt på sauevegar i fjøllet! Sjå på utsikten og bli facinert ivi været! Det va utruleg mykje vær på ein slik tur!

Sundagen va det fremdeles energi i kroppen. Då blei det "bare" ein liten tøpptur, "Geitebuvarden" - 12km på 2 timar og 30minutt! Rein kos - og snittpuls på 110! :-)

Farten og futten som eg følte eg hadde fe snart 3 vikur sia æ litt burte. Mæn følelsen av å ver på bedring æ sø absolutt testades! :-) No vaknar eg energisk og he LYST te ut å trene. Planen framivi æ å halde på rolege øktir - forhåpentlegvis få litt lengde på dei au. Planlagt to treningsfrie dagar i vika - ændå dei neste to vikun og rolege turar + litt styrke! Spare (harde) intervallan/terskeløktir ei beite.
Bjøndar å få tru på at IM Regensburg æ innafe rekkevidde... :-)
Når eg kom te topps va det lett å sjå hør det rengde og hør soli skein!

fredag 17. juni 2011

Sykle Gvepseborg - Kalhovd

Gaustatoppen i bakgrunnen! :-) Viddafølelse!
Å få maugleghet te sykle på "vidda" - på ein lett tilgjenegleg måte æ ikkje like ok alle stad.
Mæn å lage ein upplivelse tur fe både store å små  æ maugleg frå Rjukan!
Ta Krossobanen frå "bøtn" av dalen og upp te Gvepseborg, der æ plass te deg/familien OG syklane!! Æ du glad i motbakkar, æ det maugleg å sykle upp - mæn mæ bagasje på ryggen syns eg det blei litt voldsamt...! Og turen upp dei bakkane - sving på sving æ ca 3-4km! Ned att gjæng greit, mæn då æ det lurt å ha gode bremser!
Frå Gvepseborg te Kalhovd æ det ca 30 - 35 km mæ fin grusveg. Stigningar her og der på vegen - sjavsagt - me æ jau på fjøllet! Smør mæ niste - ta bilde av deg sjav/familien mæ Gaustatoppen i bakgrunnen - kanskje fiske litt i vatni? Og gled deg te Kalhovd og nystekte vaflar, spikemat, graut hell elgkarbonadur og en god stol å synke ned i! :-)
Eg he kåme te Kalhovd på sykkel både i solskin ein fin juli ettermiddag og ein sein juli kvell ca kl hall 12 i sprutregn (søylut og dryppande våt) og fått makalaus sørvis uansett!
Nærkontakt mæ elg - på Kalhovd! :-)


Maugleg å sykle frå Kalhovd og ned att te Rjukan via Atrå og mæ det få ein fin runde! (trur det æ dænna runden dei brukar på Helterittet - som gjæng i august!)  Vegen æ uten trafikk å snakke om! Det æ fint!! (sia vegen æ smal - æ det alikavæl lurt å halde sia si og vera litt obs i bratte nevi-bakkar!)  GOD TUR! :-)

Litt i tvil...

Plan B, sykle te Kalhovd, gange te Mogen (hell Mårbu) å eta middag,  sykle tebake att sundag!

Energien æ tebake... Mæn æ det lurt å gange direkte frå 14 dagar treningsfri (inkl. 10 dagar antibiotika-kur pga lungebetennelse) og rett på 1/2IM distanse? Eg kan forsvare det, mæ at eg he gjort noko liknande før - mæ vællukka resultat... Hell, då va det væl ikkje snakk om antibiotika og lungebetennelse - mæn 14 dagar treningsfri (i 2006 - og treningsfri fordi eg ha fullført IM på Lanzarote) og rett på 100km terengritt - som gjekk fantastisk bra! :-) Kanskje litt teit samanlikning - ;-) (mæn når ein leitar ette "smutthøl" - sø finnes dei!) Åssø gjor eg noko liknande i fjor, i forbindelse mæ Challenge Barchelona. Eg trakk tånn og gjekk på antibiotika - va ikkje treningsbar i ei vike fyri konkurransen... Konkurransen gjekk væl ikkje heilt ette planen - mæn der trur eg det æ mange moment på at ting gjekk skeis... Eg starta på Bislett 24 au, ette litt kronglute uppladning, eg hugsar ikkje høtt eg løva meg sjov i etterkant då... Mæn eg trur ikkje eg syns det va heilt lurt, viss eg si vera ærleg! :-)
Det æ fantastisk å sykle frå Gvepseborg te Kalhovd! Her i fint vær! :-)

Mæn, sø va det i år då - ha eg eit mål om å lære av ting - som eg gjor feil i fjor. Eg æ ute ette å få færrast maugleg treningsfri dagar pga sjukdom. Sø derfe æ eg sjavsagt litt i tvil - om Bergen triathlon!
Plan B, æ å pakke sekken - sykle te Kalhovd idag fredag. Gange te Mogen (hell Mårbu), laurdagen å eta middag - sjå an formen, anten ivinåtte hell sjå om eg rekk te Stordalsbu fyri det bli altfe mørkt på kvelln! Sundag - bli både litt ganging og sykle tebake te Øyfjell! Plan B kan jau heile tii justerast ette form og energi! Eg treng ikkje tenke på bilhavari, ferje og kø i Bergen ein fredag ettermiddag! Ingen stress mæ å skulla vera nokon plass te bestemt tid - eg slepp tenke på svømming i kaldt vatn, og høg puls (som eg nødvendigvis fær - når eg puttar på meg eit startnr...)
Eg æ nok litt i tvil, mæn tænker det bli plan B, stikk fort te fjells og gløymer/gøymer meg frå både startliste, undervegsrapportar og resultatliste frå Bergen Triathlon!
Åssø håpar eg helsa på sikt syns at detta va lurt å spilar på lag mæ meg i august!!!

mandag 13. juni 2011

Treningsfri vike! :-)

Ahh... sø va dæn treningsfrie vika mi i boks. He nok vøre ganske flink! :-) Ei vike i sængi - det æ sjavsagt å ta det litt langt! Mæn sænst eg ha ei HEIL treningsfri vike - va vika ette "24timars" løpet på Bislett i noveber/desember! (Å dæn vika va planlagt i lang tid! :-)


Grått og vått vær - he gjort det ganske greit å pusla på inne! Eg såg min fyste film - heilt i horisontal, i sofaen - heilt uten balansebrett og høppetaug, trimsykkel og treningsmanualar onsdag kvell - noko eg ikkje he gjort på nesen eit halvt år!!:-) Alle filmar eg he gleda meg te sett - he eg sett på trimsykkelen, løpemølle hell på balansebrett!:-) Eg syns eigentelg det æ ein super måte å få trent på - mæn sofa, pøppkønn og ei liti flaske cola - va iviraskande komfortabelt!
Frå måndag og heilt fram te torsdag ettermiddag va det greit å søva og slappe av - mæn seinar blei det værre å værre...


Eg kunne absolutt ikkje sita inne å lesa bloggar om trening læng. Hugen te ut og springe og sykle bli kjedleg slitsam, når eg las om andre som trenar og skildara det heile mæ fryd, glede, svette og tårer! Eg he måtta ut å gjera bare litt... (mæn eg he IKKJE trent!!)



(Vurderar å lage tarzan-løype i hagen - det æ artig å gjera "heilt andre ting" innimellom!)

Hagen he blitt ændevendt mæ grasklyppar (ein slik uten motor - kaupt på europris...) Alle hekkan og trei he blitt tynna eller sagd vekk! Sø no æ det nok lurt om eg finn på noko ana - fyri eg gjæng laus på naboen sine tre og buskevekstar...:-)
Hell, mæ andre ord - energien æ tebakars - å noko MÅ ut, fe eg æ eigentleg ikkje sø begeistra fe hagearbeid...
Sø når energien æ tebakars og lysten te hive seg ut på neste økt bli sø stor som no - må eg planlegge! Eg he skrive upp i vikeplanen min høss vika skø sjå ut (te og mæ, mæ ein reserveplan...) - Imorgo bli det litt kanopadling, onsdagen treningsfri, torsdagen skø eg sykle 10km på dæn nypussa TREK`en min - fe å sjekke alle innstillingar, gir og "lyd"! Åssø he eg notert at hægi må evaluerast mæ nokon som kan meir enn meg om trening, konkurranse, helse og hør grænsa gjæng på fornuft og idioti/galskap! Fe eg he sjavsagt ømla lyst te ver mæ på Bergen Triathlon (om ikkje noko ana enn dæn 1/2distansen...).

fredag 10. juni 2011

Kveldskos :-)



Eg æ inne i ein kvileperiode og trening æ heilt ut... Mæn det må gå an å kose seg litt...:-) Fyst må pjokken få sin dose kos og få dekt dagsbehovet fe sin lidenskap - næmmleg kjøretøy og dens merker og typer. Der kan han meir enn meg... :-)







Mæn sø æ det tid fe å pusle og stelle litt mæ min favoritt... Dæn blei sø FIN, mæ nytt hjulsett! "Bontrager Aeolus 5.0". Dæn blei faktisk sø fin, at dæn fær løv te stande i støga te pynt! :-)



Eg he ikkje tid te stelle sykkeln sø gruleg mykje sjov. Dæn "dagleg" biten tek eg sjavsagt sjov. Han bli vaska, pussa og smurt. Mæn ordentleg "behandling"gjev eg han ein gong i året, hjå folk som kan meir enn meg. Slik at han forhåpentlegvis fær eit langt og gøtt liv! Å dænna vænda hadde eg Trek`en min i Seljor - på InterSport (på Telesenteret). Å eg æ sø FENØGD! Makan te sørvis he eg aller fænje før! Arne, sykkelrepratør Arne, kunne fikse sykkel!! Det æ artig å få ting i orden, hos nokon som VÆRKLEG kan det dei skø! (Ikkje sø sjavsagt - he eg erfart!) Sykkeln æ smurt og pussa i alle krikar og krøar, justert og tepassa. Samt sett på plass det nye hjulsettet mitt! Fantastisk! Eg GLEDAR MEG VELDIG TE TA HAN MÆ UT PÅ TUR! :-)

torsdag 9. juni 2011

Upptur og nedtur, mæ bunnsolid tru på ny upptur! :-)



(Eg skø lære å ta time out... Slappe av i tide!:-) )


"Kort" uppsummering av ein litt ørtleg periode:

Måndag 6.juni sa legen eg burde ta ei "vike i sengi", ta det heilt mæ ro fram te 12.juni - og viss kroppen lika det - kunne eg starte litt slik gradevis upptrapping mæ trening! Her va det viktig å lytte te kroppens signal... Starte ROLEG! (Probleme æ væl at eg he ein ganske bevegelses-glad kropp - ikkje sø god te evaluere høtt som æ kroppens signal...)

10.000kr spørsmålet bli då, æ Bergen Trithlon - ironmandistanse, 18.juni ein del av roleg upptrapping? Skø eg krabbe i mål på 18 timar og sei eg æ ute på ein lang dags "vandring" i naturskjønne omgjevnadar? Bare fordi eg GLEDAR MEG SØ VANVITTIG!

Ikkje nøkk mæ at eg æ sjuk - full av virus i hals og lunger og bakteriefull i magen og ellers svimmel og uttafe - må eg sjå ÆNDÅ ein bit av sumardraumen min ryke upp i feber og elendighet...?


Å eg som va sø PIGG!!

Ette Mallorcaturen og ein slitsam sjukeperiode der - slo magen fullstendig krøll på seg. Eg veit jau at det æ mæ på å svekke immunsystem. Mæn ette 10 dagar uten trening følte eg BEHOV fe å få lea meg... (Lea seg i min eigen definert kategori "trening"...)

Eg lea meg 10 mil på sykkel. 3timar 40min - 28,0km i snittfart, 1000hødemeter - aleine i vinden! (Sykling fungerte ganske bra - sjav om magen va full og takla mat dårleg...)



(Tøppturen min, Vidhuskjeringi! På sjavaste 30 års dagen min, ein strålande måte å feire på, ette kake og kaffe, vaflar og ana fantastisk hyggleg slabberas! :-)


Dagen ette tok eg ein topptur - 14km, 2timar, 670høgemeter te tøpps i kald vind!

Deretter tok eg ein times økt på spinningsykkelen - mæ inlagte 4 minuttars-drag...

Og eg he fleir av eksempel på kvalitetsøktir - som kanskje ikkje inngjæng i ein upptrappings-plan! Og sjavsagt heilt treningsfri dagar, der kroppen ikkje lot seg lure av høvudet - og bare sløkna når eg skulle legge pjokken! Totalt treningstid passerar IKKJE 10 timar i vika, sø...


Om kroppen og eg ha spila på lag va øktine geniale, mæn... Sammen mæ ein mage som IKKJE funkar, og full jobb - som eg heng litt ette på, og eit nytt hus som eg heng litt ette på, og ein gut som nektar å legge seg om kvelln - slik at treningsøktine startar hall 10 på kvelln - ette ein allerede lang dag, og litt på felgen ette uforutsett slitsam "syden-tur"... Sø ha ikkje høvue og kroppen lik uppfatning av høtt som passa seg!


Treningsupplegget mitt funka fantastisk på ein måte. Min sænste mest fantastiske økt va på laurdag 4.juni. Eg sykla 66km runden min på NY PERS. Mæ 130 i snittpuls - knuste eg min gamle rekort mæ nesten 4 min og 26 slag (156 i snittpuls)! Å hadde tru på FLYT og ein STRÅLANDE upplivelse av Bergen Triathlon! Eg va energisk, litt svimmel, mæn energisk!


(Fe meg æ ein sykkeltur terapi, mæn kanskje ikkje all bevegelse æ god bevegelse?!)


Åssø va dæn berømte veggen der BOM, på sundagen... Eg kunne ikkje heilt sjå at dæn kom...


Av å te kan det ver litt slitsamt å ver sø glad i å trene og lea seg! Det æ sø lett å leite ette lyspunkt som "lovleg-gjer" trening, sjav om kroppen seie NEI! Av å te burde det ver lurt å ver glad i å strikke og brodere, sjå litt meir på film (sitjande i sofaen!), plukke blomar og spila yatzy! :-) Eg he nok ikkje hatt ei heil vike i senga - på læænge! (Treningsfri tilegar inneber jau litt fjosarbei og turar mæ bikkja og balansebrett framfe tv`en og trilletur mæ Sak og veldig "rolege" halvtimar på trimsykkelen, høppe høppetaug og blablabla...) Eg bli sø LYKKLEG av å trene! Sjav om kroppen ikkje æ 100% hell 80% fe dæn saks skull - føler eg PUR LYKKE ette ei hard treningsøkt! Eg MÅ finne ein aktivitet som ikkje æ sø aktiv - som gjev meg lykkefølelsen - som gjer at eg ikkje æ sø vrien å ha i hus - når det bli nokon dagar på rappen uten bevegelse og trening! Eg skjønnar - at enn sø lenge æ det viktig og svært lurt fe helsesituasjonen min - å legge inn PAUSUR og trene ROLEG når livet ellers æ stressande og på full fart rundt og rundt i ein berg og dalbane - som det æ vrient å høppe av!


Eg he ingen planer om å slå værdseliten - eg æ mest ute ette gode upplivelsar og NYTE min lidenskap - som æ bevegelse! SNART - snart, veldig snart bli eg gruleg smart når det kjæm te balansen millom trening og kvile. Eg he starta øvingi på å kvile - kvilande! (Eg føler eg æ på gang! :-D ) Livet æ tross alt sø uendeleg mykje meir enn trening...