fredag 25. mai 2012

Texas, min IM distanse nr 12


Eg skø kåma mæ ein ”sakleg” vurdering av sjave konkurransen, mæn fyst litt tankespinn rundt drivet mitt, te å ha lyst te gjera detta. Dragninga te fullføre, sjav om du kjænner ette slik ca 120km på sykkelen, at detta bli ein ny marathon frå do te do…

Kvør gong vaknar eg spent i kroppen slik ca kl 04.00 (ev. slik i to tii, når det æ snakk om Norseman).  Når eg ette beste evne prøver å få i meg noko magen æ vane mæ slik på morgokviste, rekk eg tænke at træningstimane mine kunne vøre fleir, mange fleri… Eg æ fult og heilt klar ivi at eg æ på mosjonist-nivå når det kjæm te treningstimar! Samtidig æ nok iveren min, te ha ”lyst” te gjera detta i heilt egen klasse… Eg prøvar stort sett ein ny kvør gong, fordi – akkurat det, gjev meg dæn biten av uforutsigbarhet som pirrar. Distansen kjænner eg gøtt ettekvørt, høtt som væntar av uppturar og nedturar fær eit ekstra moment av spenning når løypa æ ny… (OK, no æ det ikkje sø uforutsigbart læng – eg taklar IKKJE kombinasjonen løping og varme, sø gøtt, ændå! J )

Dragninga mot dæn ekstremt spente stemninga som ligg tykk rundt T1, saman mæ lukt av tigerbalsam, svette og neopren… Høyre på summinga, tænke at ho ”tek” eg kanskje på ein god dag, hell kanskje te og mæ på ein dårleg dag… Kunne kose litt ekstra mæ sykkelen, ikkje fordi eg må, mæn fordi det ”føles rett”! Dobbeltsjekke lufta i dekka, få på plass drikkeflaskene, sjekke bremser og skruvar… Stå i dass-kø, og sjå på alle uttrykka! Nokon æ ”der” – dei skø kjøre hardt og fort og vinne sin væl fortjene billett te Kona. Andre æ nervøse, det æ fyste gong – det æ nesten te bli vettskremt av.  Fe nokon æ det meir eit veddemål, det æ ”stas” og eg trur dei æ litt kjepphøge – dei vi ikkje klare det! Åssø æ det i detta kaoset av følk og følelsar eg trivs sø veldig i! Eg æ liksom ”heime”! Ein gong skø eg stande på startstreken og drøyme om min eigen billett te Kona, mæn imellom-tii, skø eg nyte kvør einaste målgang!!

Eg likar aller best vinden i håret, ette ændt svømming. Kjænne beina æ sterke, kunne "cruse" forbi dæn eine sykkelen kulare og dyrare enn dæn andre… Det æ fantastiskk! Livet smiler!! J Bare skulle ta att han i blått der framme, hell kanskje ho i rosa!

Distansane kjænner eg ettekvørt og eg he nok ein god følelse på høss marathonen kjæm te bli, fyri eg set frå meg sykkelen! Mæn uansett, det å ver der ute i løypa, bli heia på, møte andre som syns detta æ like inspirerande som meg, det æ kjæmpe-stas!! Kunne danse seg igjænom ein drikke stasjon te ”stronger” på full guffe… Og følelsen av å krysse mål-linja, og ha klart det ændå en gong – det æ like BRA kvør gong!! J

Kanskje akkurat det å kunne krysse mål-linja og høyre: ”You are an Ironman”, uansett høss dagen he vøre – det æ LYKKE! Då æ eg høg av lykke, og takknemleg fe akkurat eg he mauglegheten te å gjer akkurat detta!! Og eg æ lukkleg fe alle dei gongun eg faktisk kan gjer det… Livet æ skjørt, ein veit ikkje høtt som væntar rundt neste sving… Sø derfe, uansett om eg brukar 11.30 hell 17.00 timar, sø kjæm eg meg te mål – fordi eg kan, og fordi det fe meg æ lykke!

(Eg skø ikkje bortforklare slutt - ti i mål, skulle eg gjort marathonen fortar, handlar det om planlegging og trening!)


IM – Texas 2012: Væl i mål fekk eg KLEM av Chrissie Wellington!!!!

Svøm, 3800m : Symje utan våtdrakt æ eg ikkje vane mæ… Om eg trener litt meir svømming, sø gjæng det sjavsagt fortar. Eg fortjente ikkje noko tid fortare enn 1.35.50 (mæ tanke på høss mange gongur eg he vøre i bassenget sia august i fjor…) Svømmestarten va i vatnet, og litt kaotisk æ det sjavsagt dei fyste hundre meterane, mæn slett ikkje ille!! Eg fann rytmen og hadde det heilt fint fram te me kom eit lite stykke upp i kanalen… Hærleghet, eg bruka nesten 30min (frå 1.08 – 1.35) på dei sænste 700meterane… Jan Steinar hadde advara meg mot motstraum, mæn sia eg va innstilt på tid mellom 1.30 – 1.40 utan drakt, va eg bare glad når eg kom meg te lands!
Filmsnutt om IM Texas 2012 (og viss du gidder sø spolar du bare fram te minutt 4 og ca sekund 6 og sø ser du ryggen min, og glad vinking på veg ut av T1)

Sykkel, 180km : Det æ ei flat rute, litt rullans terreng, som gjev litt maugleghet te strekke og ”sleppe” litt upp i nevi-bakkan! Kløkka mi bestemte seg fe å dø hen, ette 1time 47minutt og 23 sekund(totaltid)… Eg he aller tenkt tanken på at det skulle skje… Bestemte meg fe at det bare va heilt ok!! Mæn det va vrient, null kontroll på fart og tid… (Kløkka skø eg passe på at æ i orden på Norseman!!) I Texas tel dei miles, det passa meg bra!! Sykkel-løypa blie liksom litt kortare då… Bare 112 miles… Ikkje blande inn sø høge tal som 150 og 180… Vegen va tydleg merka på kvør heile 10`er mile, og drikkestasjonane va omtrent sø tett plassert! Drikkestasjonar trongst!! Trur jau eg he vøre mæ på ein å ana IM som kan puttast i kategorien varm, mæn eg he ikkje bevega meg (ivi 25minutt) mæ høg puls i noko vær som detta før! Syns det gjekk kjæmpefint fram te omtrent 50miles… (Fram te då hadde eg kun halde meg te eigen drikke og vatn) Mæn sø måtte eg te og ta imot konkurransens drikke… Jaja, eg skjønnar ikkje høss eg hadde skulla fænje mæ meg nok eigne drikke te ein dag som detta… Hadde mæ meg ein gruleg tykk blanding av eigen miks, som eg blanda ut mæ vatn ettekvørt… (I Regensbug i fjor bruka eg ikkje halvparten sø mykje av min eigen drikke – som dænna vænda – mæn det gjekk veldig fint!! Høffe gjekk det så så dårleg, når eg trudde eg sikra meg langt bære dænna dagen?) Hadde jau eit håp om at der va cola der ute – dæn gong ei! Sø det va bare å ta imot vatn og sportsdrikke, og kjænne at magen blei surare og surare… Eg prøva meg på bare vatn og litt gel, innimellom, mæn det va nok gel mæ proteiner i (GU mæ peanøttsmør-smak... Og eg æ ikkje veldig ivibegeistra fe peanøttsmør...) Jaja, min eigen feil, eg skulle visst bære!! (Sia powerbar æ hovedsponsor va det lett å tru at powerbar sto fe næringa...? Eg he ikkje lese nokon stad at me skulle få GU - gel...)
Va litt på tur og tok meg ti te spørje ein og ana eg sykla febi om kløkka... :-) Alle va villige te hjelpe meg, og kom mæ sø mykje info som va maugleg å få ut av kvør enkelt kllokke!! :-) Fantastisk!! Litt ivi halvvegs tok eg att ei dame mæ kul Garmin-klokke! Me heldt fyge heilt inn te mål, og ho uppdaterte meg kvør gong ho sykla febi meg, hell eg sykla febi ho... Ja fe nokon gongur va eg full av futt og sykla på litt, og andre gongur va det ho som drog på litt og forsvann i ein sving i solsteika!
Tippa sykkeltida mi kom te bli 5.55, utifrå infoen eg hadde fænje undervegs...(sænste "måling" va på 105miles) Va litt usikker på om eg va fenøgd mæ det... Mæn på ei ana side, sø he eg væl hell aller sykla sø langt sø fort sø tileg på sessongen før!! Sø jepp eg va glad!! :-) Og rulla inn te T2 på 5 timar og 54 minutt og 50 sekund!

Springing (les spasertur) 42,2km: Eg koka, og hadde krampe på baksida av begge låra... Kroppen ropa ette salt og ette eit kaldt bad... (eg prøvde å minne meg sjov på at eg tross alt hadde bada ganske længe allerede litt tilegare på dagen, mæn fekk ingen svalande følelse i kroppen av dæn grunn...) Ette ein lang T2 tusla eg meg ut og fann fyste og beste medic tent på jakt ette salt... Eg fekk ein liten tablett mæ ett hell ana som skulle puttast i noko vatn og sø gjor eg eit lite forsøk på å jogge meg viare fram te neste drikkestasjon... Jaja, forsøket va krotvarig, fe løypa te neste drikkestasjon va igjænom det mest publikumsrike område på traseen... Det tek seg dårleg ut å gjera i buksa i det område, sø full av rutine (he i alle fall IM Zurich gøtt i minne) va det bare å finne andre giret og starte spaserturen!
Eg veit au høss eg skø kåma meg te mål, sø eg va klar ivi at marathonen kom te bli lang. Ingenting hang i magen, eg drakk litt på kvør stasjon og gjorde små forsøk på små bitar mæ saltstengar, banan, to flak potetgull blabla og sø kåma seg te neste stasjon og do, fe sø å gjenta inntaket... (Regensburg ifjor gjekk sø bra, då va det kaldt og regnfult, eg trong kkje sø mykje væske og magen fungerte framifrå bra)! I slik varme må inntaket av væske ver høgt, eg hadde heile tida følelse av å koke og det blei utfordrans...

Eg fekk råd om å kjøle meg ned, sø eg sprang (ehh - gjekk!!) mæ isbitar i toppen og under capsen, svampar rundt hoftene... Sia Texas æ ferie, sø gadd eg ikkje springe på meg gnagsår, krampur og dårlege bein! Eg gjor det eg kunne fe å gjer løpedelen sø snill fe kroppen som maugleg! Då kan restitusjonsperioden bli sø kort som maugleg og eg kan ta fatt på treninga te det som æ årets mål (Norseman :-) )!!


Området va flott, stemninga va fantastisk, arrangementet va framifrå bra! Det va lett å kose deg der ute! Og ettesom det nærma seg solnedgang blei alt bare vælstand, då va eg i stand te ta eit strekk mæ litt løping, og som vanleg ein fin spurt inn te mål!! Åssø når eg sprang i mål, i begeistring, blei dagen toppa av medalje og klem av Chrissie Wellington!! LYKKE!! :-) Sluttida blei væl ca 13 timar 22 minutt og 30 sekund (+ -)...

Ironmanen i Texas æ lett å anbefale te andre!! Amerikanerar kan arrangere!!
Turen blei unik, mæ fantastisk upphold hjå Jan Steinar Oseassen - TUSEN TUSEN TAKK fe makaluas uppvartning og støtte (og ikkje nøk mæ det, eg he støle alle bilde av meg, av deg!)!!
Og reiseselskapet va i eigen klasse!! Tusen tusen takk fe tur!!


(Kanskje eg skø øve på å springe i varmen, ta ei vike hell to i løpet av veten og springe i solsteiken... Hmm - kvæn veit, kanskje eg dukkar upp i varme strøk att, og KAN løpe i varmen... Det bli artig!!:-) )
Nevnte eg forresten at eg syns det va stas å få klem av Chrissie...?? :-) ;-)

fredag 18. mai 2012

IM Texas - eg æ klar!

Sykkelen æ sjekka inn, sykkel og- løpepøsane æ innlevert. Svømmevatnet æ sjekka, sykkel-løypa he me kjøre igjænom, og løpe-løypa æ klarert! Eg æ klar! Me må svømme uten våtdrakt... Sø no æ eg fullt innstilt på å dable rundt i gromsete vatn i slik ca 1time og 30 minutt... Søk ta livet mø ro, om eg må bruke litt eksta tid på å finne komfort uten drakt og mæ altfe liten svømme-hette! :-) resten av dagen bli varm, sø eg må hugse å nyte komfortable 25,5 grader sø lenge eg kan!! :-) Syklinga æ vakker!! "springe" i solsteika og ca 32varme bli fint det au!! :-) Litt spent - slik god spent!! :-)

onsdag 9. mai 2012

Snart pakka og klar... :-)


Ja, fe 19.mai væntar "Memorial Hermann Ironman" på meg! :-) Min12. ironmandistanse...
I varme Texas... Det bli noko ana enn sludd og sno og nullgraders føre!! Vanlegvis kjører eg på mæ  tøff målsetting, og bommar mæ ein time hell fæm - i feil retning! :-) :-)
Eg let meg ikkje plage sø veldig mæ det - sø eg hell fram mæ dæn tøffe satsinga! ;-)
Ca 1.30 på svømminga, 5.50 på sykkel og 3.59.58 på løpinga...! (skulle bli ny pers att det då... ;-) :-)
Mæn eg innrømmer fort, at toppformen, dæn skø ver i boks te Norseman - Texas æ bare ferie!!!
Høvudmåle æ som" vanleg" å prøve å springe/jogge/løpe/alt ana, enn gå marathon-distansen! Dvs slik rett i underkant av fire timar... 3.59.58 vi ver innafe målsettinga!! :-) Fe å få te det, skjønnar eg nøkk at eg må halde litt tebake på sykkelen - og ikkje kjøre på heilt frå start av... (OG det æ jau eit delmål - å disponere kreftene rektig!)

(Kjænner eg meg sjov rett, æ eg sø yr av begeistring ivi å ver færig mæ (overlevde) svømming at eg gløymer alt om løpesko som vænta seinare på dagen, og knallar te på slik burtimot maks... Gjæng sø på ein liten smell ette 120km - og treng litt tid på å kåma meg att... Når sø joggeskoa skø på, jæng det jevnt og fint te eg rundar 25km... Rullgardina gjæng sø ned, og eg gjæng mæ zoombie-uttrykk i fjæset og lurar på høffer i all værden eg gjer detta her... Te eg he stappa innpå nok sukker - ette ca 37km og fær veldig lyst te springe att... Sø spring eg lukkleg i mål - og he bruka 4 timar og 25 minutt på løpedelen...)

Å sia eg he sø mykje "erfaring" - skø eg gjer alt eg kann fe å endre på" rutinene"!! He i alle fall gjort ein innsats slik treningsmessig på å takle lengre løpeturar! :-)
Start nr æ 235, og litt heiing kan eg nok trenge!! :-)

http://ironmantexas.com/ kan kanskje biddra mæ litt uppdateringa på konkurransedagen...

Eg GLEDAR MEG TE TUR!! :-)