Mine «Fakta» om sagt, tenkt og gjort i Lensahn
![]() |
Foto: Oliver Essing |
- Tri gongur ironmandistansen æ veldig mykje meir enn ein konkurranse mæ startnummer! Det æ ein gjæng mæ sama kaliber galningar som snakkar sama (finger)språk! Som he funne ut at detta æ talentet kåns i livet! I dæn bøbla føler me kån heile - ei vike i løpet av året. Nokon he sø stort talent og trivs sø gøtt mæ familien at dei gjønne tek mange slike vikur i løpet av eit år!
- Det æ faktisk maugleg å smile seg igjænom 11,4km svømming,
540km sykling og 126,6km løping! Slik glad heilt på ordentleg! Heilt utta noko form fe vondt, kjip mage, knirkande
ledd, låste muskelfeste(?), hell høtt som æ vanleg/uvanlege problem… (gullfisk, kan ikkje hugse alle problema frå 2014 ette ein slik tur som i år!) To lause
tåneglar – det æ alt!
- No skø
det vera sagt at eg aller tenkte meir enn ein time fram i slengen… Eventuelt
kun 5 og 5 kilometer, det gjaldt både på sykkel og på løp… Hadde aller kontroll på høss langt eg ha kåme,
hell høtt kløkka eigentleg va.
![]() |
Foto: Oliver Essing |
- He
aller nokon sinn upplevd følelsen av å lede ein konkurranse allereie på
symjinga. Lædde høgt, og drog inn ein halv liter klorvatn når eg såg meldinga på ein lapp; "du ledar mæ 800m"...
- Va
sikker på eg aller ville ha lyst te symje meir og kunne sikkert selje våtdrakta
når eg vrengte av ho av meg etter 4timar og 30 minutt…
- Fakata
ivi æ feil; Eg diggar våtdrakta mi – kjæm aller te selje ho!
- Eg
digga dæn nye sykkelen min…
![]() |
Foto: Oliver Essing |
- Syns
alle dei andre mæ langbuksur, jakkur, halsar og luvur på sykling såg skikkleg
lattlege ut! Det va jau ein typisk norsk sommardag! Eg digga det. Vær, temperatur, regn - alt va på mi side!
- He aller
drømt om at havresuppe koka på solbæraft, potetsticks, bacon og cola kan vera
ein sø vanvittig god kombo… No kunne det høyrast ut som om eg rørte alt i ei gryte - rektig sø gale va det ikkje, mæn ikkje langt i frå! Pussig nok he eg ikkje vøre spesielt fysen på detta
ette at eg kom heim!
- Syns
natt te laurdag at det va vanvittig rart at me aller he funne dei flyplassane
som ligg rundt Lensahn i søk på google… Det burde jau vøre tidsmessig
veldig effektivt å bare tatt eit fly dit…
- Syns au
at det va ekstremt pussig å sjå stjerneskot midt i ingenmannsland natt te
laurdag!
- Det
gjekk ændå nokon timar utpå natta fyri det gjekk upp fe meg at det ikkje æ
flyplassar rundt om kring Lensahn, mæn ein heil haug mæ vindmøller… Stjerneskot
va det au lite mæ – bare flugur som skein i lyset av høvulykta mi!
- Tenkte på
syklinga at eg ville skrive noko syrleg ironisk om sykling i tempobøyle og
sykkelbuksur, gnagsår og salt svette i sår på stadar ein aller helst ikkje vi ha sår… Her æ det ikkje snakk om noko intimkontakt i iviskueleg framtid...
Mæn ette nokon dagar, eit hamskifte og ein fin sykkeltur i dag he eg heilt
glømt høtt høvudbodskapet i ein ironisk artikkel eigentleg skulle vøre…
- Syns
innimellom at gutta va ganske heldige der dei letta litt på foten og skvetta
rundt som andre hanbikkjur. Misunnelsen va definitivt størst når eg måtte ut i
busken og brant meg på brennesle.
- Vurdera
sterk å kvitte meg mæ sykkelen… Trur eg kan ha nevnt at eg ikkje hadde lyst te
sykle sø mykje meir.
- Meiner
bestemt at teamet mitt æ dei som lagar mest lyd, og dei klarar seg heilt fint
utta sauebjøllur!! Trur det gjekk an å høyre dei ivi heile Lensahn! Alle
småbarnsforeldre va sikkert ivi seg av begeistring ivi at eg kom meg søpass fort
i mål på laurdagskvelden! Ændeleg slapp ungane å søva mæ høyreklokkur... I underkant av to døgn utta god søvn kan gange på humøret te dei fleste!
Mæn det beste mæ dei æ sjavasgt at dei heiar like mykje på alle, uansett fart, plassering, ansiktsutrykk og respons - og dei fær sjav gråstein te smile!
Mæn det beste mæ dei æ sjavasgt at dei heiar like mykje på alle, uansett fart, plassering, ansiktsutrykk og respons - og dei fær sjav gråstein te smile!
- Kom
sjavsagt fram te at eg aller skø kvitte meg mæ fartsvidunderet av ein sykkel! Me æ venner att. Han æ vaska og polera, klar fe nye eventyr!
- På
løpinga tenkte eg at nei, «the limit is not in the sky, it is all in the mind»
og eg skulle ikkje bare upp te himmels, eg skulle ut te neste galakse… Vett knapt om eg he springe ein maraton i ironmansamanheng raskare enn eg sprang sænste maratonen!
![]() |
Foto: Hans-Peter Dannenberg |
- Hadde
nesten ein 26 kilometer runners high på sænste marathon som gjekk fortar enn
dei 26 kilometerane eg karra meg igjænom på «helteløpet» på Rauland i juni… Det
føltes i alle fall langt lettare å springe dessa kilometerane i Lensahn!
- Eg blei
dopingtesta umiddelbart etter målgang! Ein liter tysk, tamt flaskevatn
framkalla flaue brekningar og ikkje det store behovet fe å lure fram ein skvett
te analyseflaskene… Eg som hadde vøre sø høg på lukke, blei slått brått og
brutalt rett ut og låg på ein benk mæ beina høgt. Fe ein nedtur... Rakk ikkje sprette sjampisflaska ei gong! Mæn at det skø vera sø vrient å
tisse på kommando når nokon ser på he eg aller tenkt ivi…
- Va i sø
god form dænna hægi at det sikkert kan føles litt ekkelt fe andre… Litt slik
som når eg vann døbbel ultra triathlon i Slovenia i fjor. Slik «det skø nesten
ikkje vera løv»! Mæn då vi eg bare understreke at eg ikkje syns det æ verken flaks
hell «bare gruleg heldig mæ hægi». Detta he eg jobba fe! Målretta, strukturert,
lidenskapleg og vitskapleg! Og eg hadde eit makalaust team rundt meg – som gjorde
at eg kunne fly – smilande, lattermild og lett rundt i 40 timar 56 minutt og 3
sekund!
![]() |
Foto: Nadine Zahradnik |
- Når eg
bare he kåme heim, ser eg høss mange som he heia, sent gode ord, varme tankar tenker
eg at det va ikkje rart det gjekk fort! Te kvør og ein som he vøre mæ meg på
dænna reisa, som syns det æ tøft, kult, vilt, sprøtt, rått, galskleg, idiotisk
hell imponerande – kvør og ein motiverar meg på sin måte! Av heile hjarta:
TUSEN TAKK!
![]() |
Foto: Felix Shlikis |