fredag 16. september 2011

Sauesanking i strålande sol

Litt usikker - mæn trur det æ detta som kallas Mjåvatn...
Ræser i løping bli eg nok ikkje, ved å springe rundt i skogan/ på toppan å speide ette sau. Mæn ein fær fantastisk mosjon, og knakande fin tur! Idag va me sø heldige at soli strålte frå heilt BLÅ himmel! Makalaus flott haustdag - og glømt æ alle regntunge dagar!


Gjæng an å leve mæ ein slik arbeidsdag! :-) (Furufjøll)
Super sausankar va eg nok ikkje - fe eg va ikkje i stand te sjå ein einaste ulldøtt - mæn innsatsen kan det ikkje ver noko i vegen mæ - fe eg kom meg dit eg blei dirigert, det va ikkje akkurat på mærka sti... (Hommvatn, Svartufsnutan, Venelid, Furufjøll, Stutnutan (!!:-) ) og elles nutar, tøppar, skar og vatn eg ikkje hugsar navn på...) Det æ artig å fara i mark eg eigentleg ikkje æ kjænt i, i det heile - åssø æ det alikavæl område som ligg "rett uttafe" dynni mi!

Me va fleir ute på leit - sø nokon sauir kom då heim att dænna dagen au!:-)

Furufjøll, mæ utsikt mot Vidhuskjeringi og Raulandsfjøll
- Væl heime kunne notere ned ca fæm timar effektiv gange/kliving og krabbing, eg ha barnålir i trusa og røsslyng i toppen og uvant stiv i båe leggane (ette ca 25-30km i ulendt terreng)! :-) Ein STRÅLANDE dag!
:-)

Ikkje bare lett fjøllterreng - ein GOD del grån og lyng au!

onsdag 7. september 2011

Tid fe løp :-)

Løpetraseen te halvmarathon i Oslo
Triathlon sesongen min blei sø amputert... Sø no, når svømmesesonegen æ ivi (i alle fall i øvre Telemark) og eg syns det æ altfe vått og kaldt te å sykle. Mæn fremdeles rastlaus fordi to-tri-fire konkurransar æ litt lite. Æ det makalaust fint å seta fokus på det eg SKØ bli bære på - LØPINGA!!! Eg he både tid, lyst og ork te ta tak! :-)
He fænje inn fem løpeøkter på fire dagar - og beina føles bra. Tri av øktine va i dusjevær og alikavæl va det lett å smile frå øyra te øyra - då tænkte eg det va like greit å melde seg på løp, noko folksamt!! Folkefest, der ikkje tii æ sø gruleg nøye!:-) Aller helst MANGE te start - både raske og dei ikkje fult sø raske!
Valgte meg ut Oslo halv marathon, sundag 25. sept!
Viss eg bare finn fram i løypa (sjavsagt gjer eg det...) - æ eg ikkje viar bekymra... Eg skø bare springe, åssø æ det fint om eg spring litt fortar enn sænst eg sprang halvmarathon - slik på ordentleg - mæ start nr, finisher trøye og medalje...(Amsterdam halvmarathon i 2007, 6mnd gravid på ca 1time og 50min!) :-) !

Åssø meldte meg au på ein marathon i Wien 23. oktober! :-) Trur eigentleg at marathonen i Wien æ litt kjedleg, mæn det æ greit - eg skø bare springe, og øve på å bli god på å springe rundar! :-) Målet æ å springe rundane fortar og fortar (runde tri - då skø eg ivirraske meg sjov og springe ændå fortar enn runde ein...!! :-) Eg skø i alle fall prøve...:-) Sjav om dæn æ litt kjedleg valgte eg dæn fordi det va sø passans avstand fram te, te å få inn både fartsøktir og eit par langøktir! (Åssø æ det jau kjekt at det æ passans hæg - mæ tanke på familie! :-) )

Eg he ALLER sprunge rein marathon før... NO æ det på tide! :-)

lørdag 3. september 2011

Trollveggen Triathlon 2011

Starten 
Sjekk ut Espen Laaveg`s versjon av Trollveggen ! Filmen gjev eit fantastisk bilde av årets Trollveggen Triathlon 2011!
Det va vått, vilt og vakkert!

Pga ras i siste timen før start - blei det "flat" sykling, når det blei klart, visste eg at eg må tebake neste år! :-) Eg GLEDAR meg!

Syns filmen gjev sø god følelse av konkurransen, at eg ikkje treng fylle inn meir enn "kort" om mitt eige løp: Svømming blei bra. Syns det va kalde 14 grader - mæn gjev regnet og lufttemperatur skulli fe at eg aller fekk varmen. (Under svømmingi tok eg meg nokon gongur i å nynne på sangen Don`t stop me now, I`m having a good time - og prøva virke overbevisande...:-) Mange svingar på rundane gjor at det va lett å sjå høss mange damur eg ha fyri meg, og høss fort dei svømte frå meg frå bøye te bøye... :-) Trur eg va uppe av vatnet som dame nr 3...
Knota i T1 (som vanleg..:-) ) Mæn eg bare MÅTTE ha på meg ekstra tøy - sjav om det va vrient på våt kropp - her snakkar me ull! :-) Tippar det va fire damur ute på syklinga inna eg va klar te seta meg på sykkelsæte! :-)

Syklingi va nok som forventa - manglar trøkket eg likar å ha - mæn veit jau at eg må TRENE (vedlikehalde treninga) fe å få TRØKK! :-) Te tider lura eg litt på om det ha vøre like greit å sykla i vådrakti... Nydusja følelsen va der i alle fall... (si bare ynske det he vøre att litt meir varmt vatn...) Åssø va det han i svart som stadig va anten litt bak - hell litt frammom - eg blei aller kvitt`n... Eg tok han i dei små motane som va der, og han for fort forbi nevi att. Neste år - håpar eg du i svart æ tebake! :-)

T2 - hadde trøbbel mæ å knyte skoa - fordi eg ikkje kunne kjenne fingrane mine.. :-) Satsa på "stor" sekk -(lett vel å merke) fe å ver sikker på å ha nok varmt og tørt tøy ette målgang! Og sø va det motbakke-krabbing - ja, fe min del va det ikkje på nokon måte snakk om å springe/jogge/gå - kun krabbing! :-) Trur au eg merka at regnet gav seg litt uppi bakken! Mæn æ eg glad fe at det va sø tåkut at eg aller såg høss bratt det va ned - fe eg æ eigentleg ikkje viar begeistra fe høgdur...:-) Fekk mæ meg at eg va dame 4 uppivi bakkan - og at eg nærma meg nr 3. Hadde eit gøtt parti halvegs av bakken. Fekk fyst auga på ryggen te Morten Storli (!!) Syns han ha lagleg fart og mæ "drahjelp" der passerte me dame nr tri litt ivi midtvegs... Syns eg hadd eit jevnt krabbegir - mæn hell ikkje sø mykje meir å gange på fyri syra kunne anast i låri. Sø når eg måtte støppe å knyte sko (fremdeles mæ valne firngrar) mista eg  rytme, fart og ryggen te Morten...(filler`n). Tok då hell ikkje lang beita fyri Karianne Søfting kom ette i eit fantastisk driv! Inponerans fart uppivi bakkan. Eg ha ingenting å stille upp mæ! Kom i mål som dame nr 4 - syns det va ein passans plass, og æ gøtt fenøgd! :-) Gratulerer te Vibeke Nørstebø, nr 1 og Chatrine Mediaas, nr 2!! :-)

(At eg faktisk fekk starte burde eg nok takke folk rundt meg fe - fe eg va litt væl på feire dænna gongen!! Takk te gutta som lånte meg svømmebrillur, og som visste hør og når eg burde vera på rett plass te rett tid. Ttusen takk te Richard (som ikkje bare arrangerar og gjev meg topp startnr, mæn) som stillte mæ hjelm!)

Naturen i Åndalsnes æ makalaus - vakker!!
Det va hit me eigentleg skulle ha sykla! :-) Det bli neste år!

Mannskapet i arrangementet Trollveggen Triathlon æ fantastiske!! Blide, hygglege, snartenkte og tolmodige - inponerande! Det æ komfort å ver deltakar i Trollveggen Triathlon!:-) TUSEN TAKK!!


Kondis skriv: 
"Først var tåke og dårlig sikt årsak til at arrangøren valgte å bytte ut løpinga til Stabbeskaret med en 10 km løpeetappe på veien ved toppen av Trollstigen. Men været hadde mer å si, og bidro til småsteinras ned på Trollstigen, som førte til at også sykkellløypa måtte endres. Dermed måtte arrangørene i siste time legge om både hele sykkel- og løpeløypa i Trollveggen Triathlon 2011.

Og arrangøren gjorde i så måte en imponerende innsats. De rakk akkurat å flytte mannskap, løypevakter, merkebånd, vekslingssoner inklusiv lastebiler til sykkeloppbevaring, tidtakerutstyr osv i tide, til at 100 deltakere kunne fullføre konkurransen uten problemer.
Målstreken var akkurat etablert da vinneren Frank D. Kristiansen kom til topps. Og dit hadde de til og med rukket å transportere de 200 hjemmebakte bollene i tide til å mette sultne mager på toppen." 


Mæn Richard - om maugleg, kan me ha konkurransen laurdag, neste år? Då passar det sø bra mæ (felles) middag og stas på kvelln - skravling og skryt(/jug)!? :-)

fredag 26. august 2011

Start nummer 1 !

(Richard, eg låner bilde ditt)
Skø sjavsagt ha startnr mitt i glas og ramme!
I mitt aller fyste triathlon (Norseman 2005) fekk eg velge mellom nokon start nr. Eg va litt i sænste liten mæ påmeldingi (ca onsdagen - 3 dagar fyri sjave konkurransen.) Ette ein svært hyggleg tlf samtale mæ Bent O Olsen - blei me enige om at eg bare kunne stille upp i Eidfjord! Framme i Eidfjor, å bare litt seint ute - va der eit lite utvalg av "reservenummer", eg valde nr 100! Syns det va eit bra utgangspunk - å ver i 100 heile vegen! :-) Ellers hugsar eg nok ingen start nr... Start nr eg hadde under IM Regensburg lærte eg meg aller - sø eg blei jau fullstendig satt ut når eg ikkje fann sykkeln min - på noko eg trudde va start nr mitt... (Å ringde rundt te kjænte fe å forsiker meg om at eg hadde rett - ev heilt feil...431, 441, 341, 331 - eg hadde litt å velge mellom...)

På Trollveggen triathlon, fær eg eit nummer eg kjæm te hugse - nr 1! :-) Ikkje rettferdig - Når eg såg ivi startlista - æ der mange som burde hatt det talet fyri meg... Æ ivibevist om at eg kjæm meg te topps (- sannsynlegvis noko seinar enn andre damur!) :-)
Turen uppivi te Åndalsnes tek eg aller mest fe naturupplivelsen (i kalenderen min stænd det "ferie" dænna hægi her). Dænna turen tek eg au få møte att fleire kjænde (- Trollveggen va i utgangspunktet eit "veddemål" -mæn dæn andre "veddaren" kunne ikkje stille...)! Det æ litt "treningsstart/bakkepåminnelse" fe neste årets Norseman. Åssø eg he hørd sø MYKJE BRA om arrangementet. Richard æ ein fantastisk hyggleg, jamt blid (og erfaren) triathlet. Detta bli KNALL bra.
Bilen æ sø og sei pakka... Eg gledar meg ekstra te Trollveggen triathlon... :-)

søndag 21. august 2011

Kretsmester! :-)

Sprang i sol laurdag, og ausregn sundag!
Her frå eit løp tidlegare - mæn det ser då i det
minste ut som eg spring!
Syns sjov eg Sprang bra på sundagen! :-)
Sø kom hægi der eg skulle springe 5000m på bane laurdagen og 8km terreng sundagen. He ikkje trent fart sia - ja når va det tru... Omtrænt 3 vikur sia! Laurdagen blei då au fyste ordentlege økt mæ puls på ca 14 dagar! Ikkje det, eg sit jau ikkje bare i sofaen og et is og potetgull og ser TV... (eg he faktisk ikkje TV - i alle fall ikkje antenne og kanalar...) Store forventingane te"god" tid ha eg i alle fall ikkje, skulle bare kåma igang mæ puls att! (No he eg kvilt meg i form længe nok!)
Sænst eg sprang 5000m på bane va i 2006 - då bruka eg ca 24.30, si i alle fall under det, dænna vænda! :-)
Trur løpet mitt va på det jevne, syns det va heilt ok å ver igang att - mæn he ingen planer om å springe 10000m på bane - fe eg fekk nøkk rundar på halve distansen! (eg syns nok at detta æ litt på grensa te kjedleg - mæn prøvde intænst å skuve unda slike tankar, og hell fokusere på at detta æ det på tide å bli god på! :-)
Blei klokka inn te 22.38 - i alle fall forbetring frå sænst gong, mæn ser eg he forbetringspotensiale! :-)
Sundagen og 8km terreng - det gleda eg meg te! Tri rundar i ljosløypa på Rauland - mæ upp og ned og upp og ned - det æ artigt! Sænst eg va der og sprang va au i 2006 - då bruka eg rett under 37min! Idag - som då hølja regnet ned og det va søylut og vått alle stad - ganske sugen løype! :-) Det som va artigt dænna vænda va at det va lagt inn KM i Telemark, og at der va fleire damur te start!! :-) Motivasjon!!
Eg knalla te frå start - og visste det kom te bli umaugleg å halde dæn koken i 8km - mæn det va jau artigt fe meg å sjå høss længe eg kunne klare å halde ei o-løpar dame og ei skiløpar bak meg...
Tri rundar syns eg æ perfekt! Fyste runden - lett, andre runden - snart færig, tredje runden - færig -gje alt! Som sagt sø tok eg litt væl hardt i te vera meg på fyste runden, når eg sprang dei 3 fyste km på under 11min - lattleg - eg visste ikkje at eg kunne det! :-) Syns løpinga funka bra, tenkte ein gong på at eg dagen fyri hadde sprunge 5km og at eg kanskje va litt sur i låra - mæn gav meg sjov forbud mot slike tankar - æ det nokon som træng springe - sø æ det meg, då kan eg ikkje fokusere på sure musklar frå dagen fyri! :-) Venta spent på tredje runden om damun kom ette meg i sænste bakken - mæn såg ikkje noko te dei - fe meg æ det MORO og eg va i stand te ta ut litt ekstra dei sænste 500m
Eit ARTIGT løp - og klokka inn på 32.24!!! (Mistenker at løypa neppe æ 8km!)
Kretsmester... (Haha - lattleg, eg som eigentleg "ikkje" kan springe! Og medaljen æ fin!)
Fe å vinne må ein faktisk kåma seg te start, det hjelper jau ikkje om der sit ein heil haug av gode løperar rundt om i sofakrokane!! Ein forutsetning æ å kåma seg ut og te start... Eg kom meg te start og fekk ein gedigen upptur mæ mitt terrengløp! :-)
NO æ eg KLAR te Trollveggen Triathlon!! EG GLEDAR MEG VELDIG!! :-)

onsdag 17. august 2011

Restitusjon! :-)

NØYAKTIGE tider på IM Regensburg 2011 va:

Svøming: 1.13.54 (pers!)
T1: 05.02
Sykkel: 5.47.19
T2: 04.37
Springing: 4.27.35
Totalt: 11.38.35 (pers.)

Å eg va absolutt i stand te sjå glad ut når eg kom i mål.

"Utsikt" frå Smørlidfjøll - mæ Sakaris hængans frå bæremeisen! :-)

At eg onsdagen (tri dagar etterpå) va i stand te "springe" fjølltur mæ Sakarias i bæremeis i ca 4 timar æ eg nok mest fenøgd mæ! "Naboen" spurde om eg kunne leite ette geit som ikkje kom heim te mjåkking om morgonen. At eg då fekk ein tur uppom Smørlidfjøll og Solbjørfjøll - samt ein tur ned i Breidal og upp mot Stavsvatn (fe dei som æ kjænde..) og like blid, pigg og helsug - då æ eg fenøgd! :-) Ekstra sølten va eg nok. og åt konstant heile turen - mæn det va jau bare kos... (Bøllar, sjokolade, møltur, sågøtt, spikjemat...)

Åssø sjavsagt tur ette møltur - fremdeles mæ stakkar Sakarias i meis... :-) (Han kan gange sjav au altsø... Å fær løv te det - sø sant eg ikkje bjøndar å fryse - då må han upp i meisen att - åssø labbar me i veg sø gøtt me kan... :-)

"Treningi" ette Regensburg he nok bare vøre tøppturar /mølteturar og raske turar mæ bikkja. Viss balansebrett tel som "trening" he eg bruka det kvør dag ca 20min au... Sia eg he vøre sø mykje pjusk i sommar he eg bare bestemt meg fe å vera litt snill mæ imunforsvar...(Det vi altsø sei at turan mine æ gøtt plassert i sone ein! :-) )
No GLEDAR eg meg ta fatt på litt "ordentleg" puls att. Idag kunne eg gøtt ha tatt ei økt, mæn sparar det te imorgo... :-) Sparar nok litt ekstra energi te hægi att, då det æ Vest - Telemark karusellen mæ 5km løp på bane laurdag (kan ikkje sei det æ vill begeistring fe baneløping - sia eg jamt og støtt spring sø seint - mæn det bli snart bære...:-) ) og 8 km terrengløp sundag - som eg gledar meg te! Trur det æ fin uppladning te Trollveggen Triathlon vika ette! :-)

Gutten som æ stand te gange sjav - på Solbjørfjøll! :-)

onsdag 10. august 2011

IM Regensburg 2011

Ændeleg ein start, og ændeleg mange ting som gjekk "rett veg"!
Målsetting va ca 11 timar på ein knakande god dag, og alt under 12 timar ville ver godkjent - tii i mål blei 11.38.35!:-) På ein slik dag - va eg fult i stand te sjå svært lukkleg ut når eg sprang i mål!:-)
Eg va rørt lykkleg når eg
sprang upp dæn blå
løparen i år! :-)


Regensburg va vakkert! Sol, god stemning i byen, strålande hotell - mæ mange ivrige og spente triatletar, ændleg tid te lesa bok, værmelding som løva 20 grader og lett yr + vindstille sundagen og gøtt selskap i Morten Storli, gjor uppladningi framifrå hyggleg!(Andre norskar va jau au te start, mæn eg ha gjort dårleg arbied i å finne ut kvæn eg kunne "hænge" meg mæ...) I ettertid ser eg at uppladning og høss stor dose mæ god energi ein fær mæ seg dei sænste dagan fyri ein start - he veldig mykje å sei under sjave konkurransen! Der bli langt mindre "tungt" å tenke på når ting buttar - lettar å finne ting som æ bra!

Å vakne upp sundag morgon/nått te regn mot ruta - va ok, det kom jau te gjeva seg utivi dagen (eg va sikker på det) - og hell 20 grader og litt regn - enn 30 grader som æ altfe varmt!:-)

Fyri start og tii me fekk i sykkelområde, va planen å rydde rundt sykkeln, pumpe dekk og setta på plass flaskur og mat... Litt uroleg blei eg då eg ikkje fann sykkeln min -på noko som eg trudde va start nr mitt - 341, fann ikkje sykkeln på start nr 431 - som eg længe trudde va start nr mitt - hmm, dårleg start på dagen!! Eg fann jau sykkeln min, på start nr 441 - ein snedig/teit plass å seta sykkeln - eg æ då heilt enig i det, å det æ nok bare min eigen feil,eg dobbeltsjekka ikkje då eg fekk hjelp te seta sykkeln på rett plass dagen fyri! Uansett kl 06.38 sto eg fremdeles å pumpa luft i dekka - og hadde våtdrkata i ein pøse ved sidan av meg... I dokø kl 06.52 kom Fred Arthur forbi - sia eg va litt uppskaka pga detta mæ sykkel på feil plass, - ha han god evne te roe meg ned, eg kunne då sikkert sjå burt i frå fleir "uhell" dænna dagen! :-) Eg valgte augeblikkleg å tru at han ha rett! :-) Tusen takk Fred A!!
Trur eg va tredje sist ned te stranda - mæn ha to min på eg og fekk mæ meg nasjonal-sangen! Ved å ver sø seint ute - såg eg at gårsdagens planen om å stille meg te venstre i felte va ein ide som samtlege andre au hadde tenkt - sø eg stilte meg heilt te høgre og ha plenty av plass! Starten gjekk og det va fullstendig kaos - dei fyste 300m va meste ein kamp om å få løv te få høvue upp søpass ofte at det va maugleg å puste litt...Ellers va eg dytta og pressa mykje under vatn... Fint mæ slike kaotiske meterar - eg bestemte meg fe svømme det eg va god fe upp te vendig, fe å bli "kvitt" røkla. Svømte det eg va god fe - nesten heile vegen, måtte det. Fordi det va ein bak meg som stadig svømte bryst og som gjor ein solid innsats i å prøve å slå meg ned kvør gong eg "slappa" av litt... Dei sænste 100meteran gjor eg alt eg kunne fe å riste han av meg, og svømetida blei ny pers!!:-)
UTRULEG TEIT å seta sykkeln på feil plass når der æ 2100
syklar (og start nr) å velge mellom...

Skiftesonun ha eg bare bestemt meg fe å bruke tii te å puste og ha det gøtt! Va ikkje rask, mæn glad!
Syklingi føltes bra, sø begeistra som eg va ette svømming knalla eg te frå start - eg kjente runde to kom te bli litt lang, i alle fall om både regn og vind heldt fram som på runde ein. Nokon parti på syklingi styrta regne ned, sø det va vondt å sjå - regndropane "skaut" inn i augo, ændå eg bruka brillur! Mæn eg valgte å læ te været og tenke intenst på at detta va supre norske forhold! Morten og eg ha jau planlagt at drømmevær ville ver regn og 20 grader! Sø det va jau bare å nyte! Flat æ sykkelløypa ikkje, kløkka mi påstænd 2200 høgdemeter - sjav om eg ikkje stolar fult ut på dæn, sø æ det ikkje flatt, og bakkan æ der dei! Trega litt på at eg ikkje ha tekje mæ lause kne - fe det blei litt kald og eg kjente tendensar te ørtlege kne... Mæn fremdeles energisk og glad, va lett å legge vekk ting som kunne bli trøbbel. Sjav om når det va som værst mæ regn og vind - kom tanken på å få meg ny hobby - som golf, frimerker, fotografering o.l snikande!
Eg æ kjapp te innrømme at treningsgrunnlaget på utesyklingi æ tynn - sø når marginane (som vær og vind) ikkje æ på mi side, sø æ eg ikkje sø veldig mykje bære enn detta på sykeln i år! Trur fremdeles at 5.30 æ gruleg innafe rekkevidde. Når løypa æ nokon km for lang og været ikkje æ heilt på mi side - då æ eg gøtt fenøgd mæ sykkeltid på 5.45!

Runde fire og jakten på andre
løperar hadde starta...
Åssø kom løpinga - som eg he vøre sø spænt på! Når eg sette frå meg sykkeln slutta det å regne, va litt usikker på om eg syns det va gøtt hell teit... Varme og løping he aller vøre ein god kombinasjon fe meg. Mæn no i skiftesona va eg fast bestemt på å tenke at eg æ marathonløpar - uansett vær! Å makan te start på løpinga - 1000vis av følk i løpya som lyfta deg fram, eg he aller upplivd makan. Det va bare sø MORO! :-) Magen ha vøre sø snill mæ meg og eg kjænte det kom te gange bra dænna vænda - eg va SIKKER på at det kom te gange bra mæ magen dænna vænda!! Dei to fyste rundane (halvmarathon ein) gjekk utruleg bra syns eg, eg hadde masse energi, sprang lett, ikkje noko vondt, ingen gnagsår, fantastiske kne, SNILL mage...
Mæn sø kom runde tri - som ergrar meg veldig - eg va nok ikkje flink nok te få i meg næring på runde to, i alle fall kom smellen - hardt og brutalt! Eg fekk mykje vondt, kjænte gøtt ette ivi alt som va vondt, gav meg lov te gå, gav meg løv te sita på do og slappe av... Eg va liksom tebake i gamalt spør der eg hadde mista trua på at eg va løpar - at eg IKKJE kunne springe marathon! Runde tri blei lang - irriterans at eg ikje klarte snu psyken - fe utpå runde fire va det slutt på spasering, det va like greit å jogge - mindre vondt enn å gå, eg burde klart å jogga frå stasjon te stasjon på runde tri au!!!! (Eg bruka alikavæl litt fe mykje tid på do på runde fire altsø - te å slappe av og jobbe mæ psyken - koma tebake i rett spør om at eg KAN løpe..:-) Dei sænste tri km prøva eg intenst å ta att ein ette ein, jobbe mæ å løpe lett - slik som eg he øva på! Dæn sænste km va bare sø LETT!!
Fekk uppløpet heilt fe meg sjov, GLAD og litt sinna på meg sjov... Eg burda klart å haldt tempo og koken på løpinga! Eg veit høtt fokuset skø ver te neste ironman!!! Eg KAN LØPE!!! :-)
Åssø takk t Morten - som gadd høyre på skravlinga mi etter målagang, slik skravlekjering som meg he mykje uppsamla ette 11timar og 40minuttar!:-)

KORT UPPSUMMERING:
Magen funka bra fe meg heile dagen - veldig positivt!! Eg ha mæ eigen drikke på sykkeln, det heldt i fire mil, tok imot cola ellers! Cola og gel... (Fekk nok i meg ein og ein halv bars og litt banan au på syklingi + litt niste som eg ha tekje mæ sjov!)
På løpinga va det ei flaske mæ eigen drikke, ellers bare cola og gel, prøva enegidrikk - mæn kjænte nesten umiddelbart at det ikkje va aktuelt! Eg tok imot næring på kvør stasjon...
Løpeskoa mine skø eg hamstre - høss længe kan solen på skoa holde?? Eg he ALLER nokon gong ungått gnagsår på løpinga, mine nye NIKE va FANTASTISKE!
Eg skø ta mæ lause kne neste gong det æ meldt temperaturar under 20 grader og regn... OG eg skø bruke ein god time hjå nokon som kan det - mæ å stille inn sykkeln...
Åssø va det dænna psyken på løpinga då - dæn skø eg jobbe mæ!
Eg kom i mål når det va lyst - det skø eg halde fram mæ!! :-)
Å eg he LYST tebake te Regensburg!!