mandag 4. oktober 2010

Challenge Barcelona 2010


Race rapport om min ironman nr 10!
EG KOM TE MÅL! Å kan skryte på meg ti fullførte ironmandistansar!
Te å ha fullført ni distansar tilegar - slurva eg noko fryktleg mæ å pugge og fyge løypebeskrivelse dænna vænda. Å fekk problemer eg alle he upplivd før!

Spania i oktober æ fantastisk- det æ som ein veldig god varm sommardag i Norge.
Bare ta treningsleir hell ferie æ perfekt. Billig å bu på hotell, fantastiske vegar å sykle på, unge og gamle vi trivast på stranda og dei som trivs mæ shopping vi storkose seg i Barcelona!
Ekstra moro va det mæ sø mange fantastisk hygglege norske å feriere mæ!!
Makan te gjæng!! Det låg te rette fe maksimal uppladning, bare vælstand og mykje moro!
(Mæn me vel eit ana hotell enn Koppers... Bare fordi det va eit veldig "ungdommshotell" - ivrige te feste og vera længe uppe - det egnar seg ikkje fe seriøse og søvetrengte triathletar som kån...)

Morgonen fyri start, kan ein kjenne bli varm, allerede fyri eg he stae upp av sængi.
Eg svettar bare eg tek på meg klæi. Turen frå hotellet og ned te togstasjonen kl 6 om morgonen æ ROLEG - alikavæl legg det seg ein film av svette på armar og bein, ganske fuktig og varmt i lufti.
He tid te seta drikke på sykkelen og levere inn ein bag mæ "special need" mat - som eg håpar å få på angitt plass utivi dagen!
Vatnet va varmt, salt og mæ det som fe ein Øyfjelling kan kallas byljur. Mellom kvør markeringsbøye va ca 400meter. Tydlegvis æ d altfor lite for meg.
Svømte meg burt og æ ved feil bøye når eg skal vende - med det må eg svømme fyst 200 meter ned til rett bøye og så opp att 200 meter... 400meter ekstra svømming - fe meg æ nok te å psyke meg ut, det hell i utgangspunktet mæ 3,8km svømming! Føler meg aleine værda, og fråsvømt av kvør bidige dame.. Bli litt uppmuntra a å sjå at eg sjav mæ ein "ekstra runde" æ inne og upp av vatnet sammen mæ ei an dame te T1 på 1time og 23 min.

Æ kvalm av saltvatn og sår i munnene av alt saltet, mæn trur eg æ ganske klar fe å sykle litt.
Ette 6 min i T1 va det ut på vegen. Fær heilt sjokk ette 8km på sykkelen - eg he KRAMPE i BEGGE låra! Eg he ALLER hatt krampe før - aller! Å heilt plutsleg æ begge beina stive som trestokkar og bare rister... Sø snedig! Sit å pressar fingrane i muskelfesti te knei sø tårun trillar, mæn det gjev seg ikkje! Muskulære vondtar - æ ikkje farleg (trur eg..) sø eg hell no fram, drikk alt eg kan uten å måtta spy, supar gel å forstænd ikkje heilt høffe eg skø mangel salt - ette dæn svømmeturen!
Andre drikkestasjon æ i ei rundkøyring - spør ei vakt om vendepunktet æ her å han vinkar og peiker. Spør ei ana vakt om "special need" (min egen matstasjon) mæn det he han aller hørd om, sø eg tek imot noko tynn sportsdrikk og håpar min eigen mat og drikke ligg på neste matstajson! Te å ha krampe i begge låra ha eg god fart - kløkka seie 36km/h i snittfart. Syklar fort når krapa gjev seg litt og roar ned og strekker alt eg kan når det trengst for å halde bena litt i sjakk! He ein litenliten uroleg klump i magen som seie meg at eg he sykla feil, mæn prøvar ette beste evne å ivisjå det sø længe eg kan! Ette å vending nr 2 i rundkøyringa skjønnar eg at eg he sykla feil runde - av to lange og ein kort runde - he eg starta æ dæn korte runden - som me eigentleg skø ha te slutt. Dænna vænda bli eg jaga viar uppivi, noko eg skulle blitt på runde nr ein au...
Då æ det slutt på energi og mot og kraft...
Syklar resignert på flatane te dæn ordentlege vændinga og syns dei æ uendeleg lange! Skø jau bare finne ein dommar, hell funksjonær i ein straffeboks om litt vegleiing, bare høyre om eg bli diska viss eg fortset! Ændleg dukkar det upp ein straffeboks og spør dommerar om det kjæm te gå bra, om eg bare syklar rett distanse, bare tek dei to lange rundane te slutt - ingen skjønnar eit ord engelsk - eg skjønnar ikkje eit ord spansk. Eg peiker og forklarar på eit bilde av sykkelløypa - ein rister bestemt på hovude, ein ana nikker og smiler...Litt ergeleg svar! Ette ti min fram og tebake uten fornuftig svar, bestemmer meg bare fe å sykle distansen ut, åssø sjå høtt som skjer når eg kjæm te T2! Eg he då trøss alt betalt mykje fe å vera dera, å litt træning kan eg då ta mæ meg. Eg he aller hatt krampe før - sø målet bli bare å finne ut om det gjæng an å sykle det av seg i løpet av 180km.
Det viser segt dæn uppgåva bli vrein fe meg. Special need bagen min dukkar aller upp. Eg måtte ta imot det tynne skvipet som blei servert og gjekk litt i manko på næring. Farten va låg og der bjøndar å bli mage vondtar å tenke på, vondt i munnen ette tanntrekking, og sår i munnen pga saltvatn, gnagsår på svært ubehaglege stadar, og krampe i leggar og lår... Fe ein tur!
Rulla inn te T2 ette 6 timar 18min. Bestemmer meg bare fe at uansett høtt som skjer - skø eg aller sykle flat 180km distanse nokon gong meir! (Eg bestemmer meg stadig fe ting - som eg korrigerar når det trengst!)

Sia eg mått sø veldig på do, va eg kjapp i T1.. Mæn det va nok siste gongen eg æ kjapp dæn dagen au!:-) Det viser seg at å sykle av seg krampa ikkje gjekk sø bra - å springe det av seg æ langt værre! Trur eg skø gjera eit 10km langt forsøk på å bli kvitt krampa - viss det ikkje funkar, sø kan væl eg gjera som alle dei andre, gje meg!
Åssø dukkar det upp - fantastisk snille følk ettekvørt som prøvar å gjera sitt beste fe MEG! På runde nr ein æ Hårek fyst ute, mæ vatn og salttablettar! Sø dukkar Norseman Susanne B upp, å iviauser meg mæ godhet - godord, salt og cola! Det æ håplaust å geva seg då, å eg må ut på ein ny runde! På runde nr to æ der ein tysker som fær det fe seg at det æ hans uppgåve å redde meg - ny omgang mæ salttablettar - som eg skø svelge ned i miks av cola-kaffe og sukker! Digg!!
Katja Konschak, ranka som nr 1 på dagens konkurranse, kjæm etter meg når det æ ett tri km av runde to - der eg he bestemt meg få å slutte! Katja slakkar litt på tempoet - men beordrar meg te å slå fyge mæ ho inn te mål - det æ jau sø mykje hygglegar når me æ to, seie ho! Åssø fær eg ny formaning av ho om å ikkje gje upp, sø sant eg ikkje havnar i ambulansa, sø æ det jau bare å ta tii te hjelp - eg vi vera mykje meir stolt av ei dårleg finishertid i ettertid - enn ein DNF (did not finish)! Ho fortel om tung dag, der det ikkje gjekk heilt ette planen - mæn ho vi gjønne fullføre for det... Eg blei sø begeistra fe ho, at eg legg ut på runde nr tri og trur eg vi kåma te klare det dænna vænda au! Utpå runde nr tri fær eg litt selskap av andre norskar som au he hatt det litt tøft, mæn som uansett æ ein runde fyri meg. Steinar tek seg ti te å gå litt sammen mæ meg, og me deler dagens upplivelsar i korte trekk!
Kjænner gøtt ette, utenom muskulære problemer, og litt gnagsår æ der ingenting som tyder på at eg kjæm te å få langvarige vondtar ette ein lang spasertur. Magen fungerar jau uventeleg bra, bare to dostøpp på heile dagen! Bestemmer meg fe dagen skø vera fantastisk bra sjav om dæn ikkje blei heilt som planlagt, eg syns jau at triathlon æ moro, det æ derfor eg æ mæ. Bjøndar å sjå upp, heie på alle som æ mottaklege fe det! Det æ ganske artig og kan anbefalast!! (Bli sø glad når eg ser Bent Tommy fremdeles æ ute i løypa, at han ikkje he blitt psyka ut sjav om Fredrik, Jon og Hårek he gjeve seg! Ser Per Morten gjera det fantastisk bra, og Kristin Lie springe gørrfort inn te 3.plass blandt damune!)
Anne Schlierbach, start nr 79 og eg gjæng sammen frå km nr 24 og inn te mål! Detta æ Anne`s fyste ironman, å ho æ makalaust hyggleg selskap! Me begge fær begge ein fantastisk tur der me spaserer fram i mørkret og mot mål på dæn 42,2km lange maratonetappa! Fær sang mæ kån på vegen mot mål, av tolmodige norske triathletfruer og barn! Sø fantastisk snilt å halde ut heile dagen!! Anne og eg gjæng heile vegen, sjav om eg innerst inne æ litt motstander av å gå inne på dæn raude løparen. Mæn ho æ ikkje i stand te å springe ein meter te, sø me tek imot all klapp og heiarop me kan og spaserar glade og "stolte" (eg æ i alle fall stolt av Anne) i mål på 14 timar og 45min!
For ein dag... Åssø va eg faktisk ikkje sø mykje bære enn detta 3.oktober 2010!

Eg innser at mæ kyssesjuken i oktober-desember og på det treningsgrunnlaget eg ha dænna sessongen, blei det litt mykje konkurranse fe meg i år. Der eg starta mæ Bøsprinten, sprang halvmaraton (te ny pers) på Hoppestadleikane, 2xVest-Telemark-karusell-løp, Hove TRI, NM i langdistansetriathlon, 5xSprint-triathlon"Hoppestadleikar", IM i Zurich, AXTRI og Challenge Barcelona. Neste år, skø eg prøve å legge upp ein litt ana plan... Trur eg!! :-)
Mæn, eg føler veldig på meg; Det æ viktigaste æ ikkje å vinne - mæn å delta!! :-)

6 kommentarer:

Alfred Johnsen sa...

Flott gjort å gjennomføre på en slik dag :-)

Marie Veslestaul sa...

På ein slik dag, sit eg i ettertid å æ veldig glad fe at eg fullførte!
Eg æ allerede i trimform att - sø dagen blei bare lang og etterkvørt veldig hyggleg! Beina æ fine allerede! Sia magen funka sø bra, (sikkert pga Imodium fyri start) sit eg att mæ energi og lyst te tak i nye treningsutfordringar og endringar!:-) )

Torodd sa...

Kjempebra, Marie! Viktig å ha som mål å fullføre, nesten uansett (bortsett fra når en skjønner at det åpenbart vil være dumt pga. skade/sjukdom). Da har en det mye kjekkere etterpå.
Ti Ironmen - det er ikke dårlig! 10x Grattis!!
Det kan ikke være mange i Norge som kan vise til så mange? Veit du hvor mange Kristin har? Vibeke? Kjersti Floden? Det er vel ikke så mange andre aktuelle, vil jeg tro, på damesida. Sikkert ikke så mange karer heller. Jeg veit om et par som har fullført samtlige Norseman, men har de vært med i andre?

Marie Veslestaul sa...

Hei Torodd!
Det æ kanskje ikkje så mange damer mæ 10 fullførte, mæn veit Solveig Gysland he fleire enn meg og at Kristin Lie sannsynlegvis he det au! Av karar æ der nok fleire å ta av...(Mæn sia eg bare he halde på sia 2005 - å fått ein son imellontida sø) Gje meg 10 år te, sø fær me sjå!:-)
Eg veit jau at eg æ stand te fullføre - det handlar mest om å jobbe mæ psyken og høssen tankegang eg må legge upp te og "ha klar" når det buttar imot!
(Åssø ikkje la seg påvirke av andre, mæn vera tydleg på høtt som æ viktig fe meg - lett å la seg rive mæ når andre gjev upp, å fortel at der ikkje æ noko vits i å halde fram... D æ veldig viktig fe meg, å klare å halde fram!)
Mæn 100 marathon - d æ det ei beite fyri eg kan skryte på meg!:-) Det æ slike som deg - som inspirerar!!

siri sa...

Gtratulerer, Marie. Høres ut som litt av en dag - med mye motstand., Kjempekult at du fullførte.
Hilsen Siri (fra axtri)

Marie Veslestaul sa...

Hei Siri! Å kåma seg te mål æ jamt fint!:-) Sett i ettertid trur eg nok det va nedturen i å ha sykla feil som va tyngst! Blei sø satt ut, litt meiningslaushet i det å bare halde fram - bare for å eventuelt bli diska seinar! Blei lett å forstørre mindre problem i slik situasjon... Skø (prøve) sykle rett neste gong, å halde små problem SMÅ!:-)