torsdag 12. august 2010

Snart på startstrek te min 10. ironmandistanse

No æ eg påmeldt Barcelona 3.oktober.
Min 10. ironman sia 2005.
Då syns eg det va på tide å finne fram litt bilde å mimre.. :-)

Min aller fyste triathlon ever va Norseman 2005.
Eit fantastisk eventyr. Hadde ikkje svømt før, å hadde ikkje sprunge før, i alle fall ikkje distansar ivi 15km. Mæn va glad i å sykle! Målet va nok å karre meg te mål på 17,5 time.
Sjav om målet ikkje va sjølve toppen pga dårleg vær, va eg aldelses heilt superdupermega glad fe å fullføre på 15 timar og 15 min, som dame nr 4!

Va sø inspirert at skia nesten blei lagt på hylla, og bare meldte meg på ny ironman, då på Lanzarote, mai 2006.
Hadde ingen forhåpningar om noko som helst, bare ha d ganske fint!
Det blei ein græmla varm og vindfull dag. "The wind is your friend!!" Va d sænste eg hørde når eg sykla ut av T2, å d fyste eg ser ute i sykkelløypa æ ein kar som bli tatt av ei vindkulle å sændt i ei røys på andre sida av vegen - han kom seg ikkje på sykkelen att... Det blei ein lang dag, i kamp mot varme og vind. Va nesten sænst upp av svømminga, fordi eg va dæn einaste so svømte bryst.. Tok att ein del på syklingi, sjav om eg bruka 8 timar på dei 180 varme og bratte mila rundt om Lanzarote! Va rasande glad når eg kom i mål! Ette 15 timar on nesten 30 minutt :-)



Norseman 2006 va eg nok fantastisk heldig mæ. Tænk å stande som vinnar av Norseman!! :-) D æ kult det!! Kanskje ikkje all værdens tid å skryte av - mæn eg vant! Skjønte høss luksus det æ mæ eigne supportbilar, som bringer vørterøl på komando når eg æ gørrlei energidrikk. Å fantastiske supporter papa som køyrer 3 ekstra mil fe å få tak i ei flaske mæ cola når alt buttar imot og æ tomt på vegen upp mot Stavsro! Norseman æ fantastisk - fantastisk natur - fantastisk løype og heilt unikt fantastisk, der me kan ha mæ kåns eigen support! Fin dag!



Sø kom 2007 og Ironman i Sør Afrika. Av alle triathlon eg he vøre mæ på sø langt æ Sør Afika dæn beste opplevelsen. Makan te jublande glade support, crew, publikum - fantastisk stemning og valutta f pængan! Heilt makalaust. Sø viss d ikkje ha vøre fe at eg svømte meg burt ha tii vøre god dæn. Mæn to timar på 3,8km svømming æ litt i ivikant! (Eg legg skuldi på høge byljur og vriene straumningar i vatnet!) Mæn ikkje nøk mæ det, eg starta på heilt klin ny sykkel! Hadde bare tatt dæn nye sykkelen mæ meg i pappaksen på flyet - å skrudd dæn sammen på eit lite hotellrom tri dagar fyri konkurransen.. :-) Kanskje ikkje å anbefale - mæn det gjekk fantastisk bra! Utenom at sete løsna litt å fekk ein pussig vinkel ette 16 mil, sø funka både utstyr og kropp fantastisk bra! Abnbefalar alle som he lyst te prøve Ironman te reise te Sør - Afrika! Mæn pass på å ha ei vike etterpå - te å uppliva safari mæ løvur, elefantar og frekke apekattar!



Sø kom dæn længste turen min nokon gong, Norseman 2007. Hadde træna gøtt, mæn syns ikkje kroppen fungerte noko særleg, va sø oppblåst og trøbbel mæ magen heile tii.
Svømmingi va heilt ubeskrieleg kald, fekk ikkje liv i beina fyri ette Dyranut. Å sø gjekk det time ette time og eg bare håpa det skulle løsne. Bare at magen skulle fungere litt bære. Mæn det løsna aller. Låg ein halv time i foten av Imingfjell å visste ikkje mi arme råd... Åt ein is og ein kvart bolle - å hadde bare lyst på lakris! Papa - som æ dæn beste supporten og støttespilaren i værden lova meg cola på kvør 500meter uppivi bakken og små bitar mæ smågøtt, å slik fortsette det heile dæn lange dagen! Sia været va sø dårleg blei det meldt i T2 at det ikkje ville bli nokon tøpptur i år. Då bestemte eg meg fe å gå dei lange 4 mila upp te Gaustablikk - å bare ta tii te hjelp! Eg komte mål, på under 17 timar - søvidt, å klara hell ikkje bli sænste dame i mål. Eg kom te å mæ inn te svart trøye! Det skulle gange ændå 1,5mnd fyri eg uppdaga at eg va gravid.. Stakkar tassen inni magen va heile 3,5 mnd gamal - å ha væl ikkje noko ana valg enn å knyte seg inn i navlestrengen fe å halde seg på plass.
(Dek kan nevnast at stakkaren fekk rista seg ordentleg gøtt, mæ ein halvmaraton på under 2 timar i midten av oktober og nyttårstrimmen frå Porsgrun te Skien 3 vikur fyri han bestemte seg fe å kåma ut!:-) )

Norseman 2008 blei langt lettar! Då hadde eg hatt kroppen fe meg sjov litt ivi eit halvt år, og Sakarias hadde halde meg i form mæ kolikk hyling nått og dag. Uansett æ det nok detta årets prestasjon eg æ aller mest stolt ivi!
Tænk, 7mnd ette fødsel kunne eg lukkeleg springe i mål på Gaustatoppen - som tredje beste kvinne og tangering av mi eiga bestetid frå to år tidlegar! Dagen va heilt fantastisk! Eg hugsar eg smilte å kosa meg både på sykkelsete og på beina! (kort film om Norseman 2008 laga av Asbjørn Berge kan sjååas på: http://www.youtube.com/watch?v=MXOM0XI7tGI

Åssø kjæm Nice 2009. Hugsar ikkje høtt eg he skrive i RR mæn det va ein lærerik tur, som eg no æ fornøgd mæ! :-) (skoll i blog - sø æ der detaljert beskriving! :-)
Norseman 2009 - æ der lang RR om, ikkje lystig kanskje. Mangla noko motivasjon - då bli turen Eidfjor - Gaustatoppen lang!
Zurich 2010 - som alt i alt bare va kosleg. Ein fin langtur, som sjavsagt va noko energikrevjande. Mæn som inspirerte meg te å gjera ændå eit nytt forsøk på å få næring te fungere på min ironandistanse nr 10!

Som eg gledar meg te Challange Barcelona 2010, 3.oktober!! :-)

mandag 2. august 2010

RR kvad frå Ironman I Zurich

Oppladninga te Zurich he gjænge litt upp og ned,
mykje upp i sommar, mæn sø ned fe telling mæ eit vondt kne.
Bare muskulært, sø smerter fe ein god deg kan eg tøle,
viss eg bare litt fart på krøppen kan føle...

Eg veit magen æ følsom på høtt dæn fær servert av mat i lang konkurranse.
Derfor he eg i eit år, trene på powerbar-orange og bars og gel for å holde dæn i balanse.
Det eg ikkje tenkte på va at i Zurich bli det servera vatn frå springen.
Eg burde nok ha tenkt på forhand at det ikkje va tingen.

På startstreken, med kvilepuls og liten tru på noko stor dag,
startskotet small og svømminga føltes som eit stort krigs-slag.
Mange spark og følelsen av liten plass, svømte eg meg burt på runde nr ein.
Tusla i land på 1.20 og følte meg nok litt sein.

Sjølve sykkeltraseen va i variert terreng og lagt te noko vakker natur
syns eg sykla fort ei beite, og ha ingen grunn te vera sur.
Noko trongt slik at det oppsto tendensar te kø i terreng som va flatt.
Mæn eg og knea mine trivdes best der det va bratt.


På sykkelen tok eg imot det eg fekk langa av drikke og av mat
Følki på matstasjonane va flinke og servera kån frå flaskur og fat
Hadde nok ein følelse av at magen va litt ute av lag te tider
Mæn mæ fult fokus på dagens "jobb", ser ein alt frå alternative sider.







Allerede ette 9 mil på sykkeln kjenner eg at kneet ikkje æ som d skø.
I bakkane gjæng d fremdeles bra, mæn på flata bli det vrient å ordenteleg trø.
Derfor sø syklar eg "roleg" inn te T2 mæ snittpuls på 142,
noko som tesvarar fe meg, låg sone to.

Eg følte meg eigentleg ganske pigg og energisk te å springe litt fort.
Mæn det va langt lettar sagt enn gjort...
Eg startar mæ å jogge roleg, eta litt og sø ta ein slurk hell to mæ vatn
mæn d einaste som skjer æ at d æ magen som fær upp fart`n



Rutinen bli frå kilometer nr ein te kilometer nr førtito:
Innom matstasjon, jogge litt, sø gange sø fort eg kan te næraste do.
Fe maratonen blei bare fullført på reint trass,
å te slutt eit mål om å ha vøre innom kvør bidige dass.

20 dostøpp på ein maraton etappe æ ikkje sø slitsamt som å springe,
mæn eg veit at te neste gong, eg min eigen mat og drikke skø medbringe!
Slik at når alt blei som d blei æ eg veldig glad at min finisher på IM distanse nr 9
ikkje æ historien som skø gjenta seg på mållinja te finish nr 10!! :D


Eg kjæm ikkje te gjenta IM i Zyrich mæ det fyste, mest fe det at:
det ikkje kan måle seg mæ Sør-Afrika, Lanzarote og Nice på at ting gjæng "glatt".
Det bar veldig preg av å få mest maugleg ut av det, i form av betalt krone og øre.
Ikkje heilt min greie, mæn æ ein ute ette ei god tid, kan ein sikkert der fort kjøre!!


Å forresten, tusen takk Alfred, fe at du he tekje det ti,
te å gje meg råd, som kan få magen balanse!
(Kanskje det dokjøret ein gong kan stanse...)

torsdag 8. juli 2010

Minimalt mæ svømming - te triathlet å vera



Dårleg svømmeteknikk, det æ det eg he, mæn eg kjæm då fram i vatnet for det.


I vinter he eg trent styrke ca ein gong i veka - eg he svømt, te sammen 6 økter i basseng sia tileg august 2009! Alikavæl klara eg alikavæl å svømme "1900" meter under NM på 33min! (No trur eg alle va enige i at det sannsynlegvis va litt kort svømming.. Mæn eg æ uansett gøtt fornøgd.


Det eg vi fram te æ bare at, sjav om der ikkje bli ti te allverdens mæ svømming, sø gjæng det an å kåma gøtt på veg mæ litt "svømmebasert" styrketrening! (åssø kanskje litt skigange om vinteren!)


Fe å få meg te svømme ute - må me vera to - minst! Ein fyri te å skræme vekk ev. gigant gjedder, sjøuhyr, kjøtetande planter og liknande! Veldig fint viss der æ ein bak au, te å sjekke at eg faktisk ikkje forsvinn i gapet på - særleg kjøtetande plantur! Svømme aleine æ nesten burtkasta, utenom at eg prøvar å befinne meg i det våte element - mæ høvude gøtt ivi vatn, sø eg ikkje ser høtt som befinn seg under og rundt meg! :-)


Eg he høvue gøtt ivi vatn fe å få rikleg mæ luft, sjav når eg crawlar!


Bilda æ tatt fyri fin fyste-tur ute i Hoppestadelva sammen mæ trygge Jørgen! :-)


Å få meg te svømme inne - æ nok nesten ændå meir vreint... Mæn eg jobbar mæ saki! Snart kjæm eg te svømme fast, minst tri gongur i månaden, heile vinteren igjænom! Te veten - te veten att bli det bra! :-)

tirsdag 29. juni 2010

NM i Holmestrand



Ein varm solskinsdag i Holmestrand.
Ein sykkelpark i skiftesona som æ heilt unik, mæ zipp høgprofil hjul, karbon alt som blikar i sykkel, sete og hjelm.. :-) Det luktar fart, veldig høg fart!!
Neopren, tette doar, svette, vaselin i nakken og rett sokk i rett sko. Alt æ slik det skø vera fyri start i NM-triathlon!

Mæn i forhold te Hove, som eg gleda meg te, he eg ein uroleg ekkel klump i magen, gruing! Det æ ikkje dæn beste følelsen å ta mæ seg ut på 1900m svømming. Prøvar å fortelle dei andre jæntun i vatnet at me tross alt æ mæ, fordi det æ moro!

Det bli telt ned frå 10.. På to gjæng startskuddet.:-) Mæn det æ ein fin start, masse plass, ingen bein i nesa! Det gjæng fort å finne min egen rytme, syns te tider at eg søm ganske fort - te meg å vera. Finn ingen å drafte på, mæn ser at det ikkje æ sø langt fram te eit lite felt, åssø æ eg roleg mæ tanke på at der æ folk bak meg!
Ser på veg inn te T1 at eg æ dame nr 3 upp av vatnet! Det æ heilt vanvittig!! Bli sø inspirert at eg æ klar ut av skifting på 2 min, d æ PERS!! :-)

Mæn eg syklar ikkje langt fyri eg innser at det kjæm te bli ein lang dag.
Eg fær ikkje fart på beina. Det føles tomt. Prøvar å finne ein ny teknikk på å sykle bakkar roleg, benytte anledningi te eta og drikke gøtt der, åssø hell jobbe å vera positiv i dei lette partia. Syklar vanvittig jevnt. Trur nesten alle dei fire rundane he lik tid, på minuttet! Mæn fær ein gnagande følelse av at dæn løpinga bli fæl. Når det ikkje funkar noko særleg på syklingi, som æ min sterkaste øvelse, høtt he eg då å stille upp mæ på løping? Uff å uff.
Bli litt glad når eg ser eg tek innpå ein av Wagner brødrene mæ platehjul og tempohjelm. Me starta ganke likt ut på syklingi, eg trudde han va tapt allerede ette 10km, mæn no ser eg han langt der framme - ette 7 mil. Mål æ å ta han att! :-)
Me syklar ganske likt inn te T2! :-)



Brukar lengst tid av alle i T2. He ingen stress mæ å starte på halvmaratonen.
Beina æ ikkje sykkelstive - sia eg ikkje he fått pressa slik eg plagar.
Mæn føler meg som ein jordeplesekk mæ joggesko. Det æ ingen effektiv tanke.
EG he litt å jobbe mæ når det gjell psyken. Fe farten på løpinga æ eigentleg ikkje gale te meg å vera. Eg føler meg bare sø lite inspirert, sø flat...
Veit at jæntune bak kjæm fort, å tenker at når fyste dame tek meg att - då kan eg eigentleg gje meg, då bli eg dytta ned av pallen alikavæl. Å på ein jobbedag som idag,æ 4.plass bare ein bekreftelse på at eg ikkje he dagen... (Ændå ein trist tanke som eg tok vare på...)Helper litt fe meg å sjå at store sterke karar au slit litt denna dagen, å at dei samtidig he iviskot te heie på meg!! Tusen TAKK!!! Sø eg joggar jevnt heile vegen. Stoppar på drikkestasjonane for å drekke. ellers jevn på farten. Sø dama kjæm ikkje fyri forbi fyri litt utpå siste runde. Då he eg blitt lova cola i langesona, det he eg veldig lyst på!
Ette koppen mæ cola og ein gel, legg eg i veg på dei siste 5km, må jau bruke upp energien eg akkurat he fått i meg! Det gjæng tregt utivi te aller siste vending. Eg jobbar litt mæ å fokusere på rett løpsteknikk, prøvar å tenke litt lysare tankar om min eigen prestasjon. Ser at damun som ligg bak, he kåme GRULEG nere ette siste vending. Ca 20 sek bak æ Vibeke S Nørstebø. Helt plutsleg æ der litt konkurranseinstinkt. Å eg bestemmer meg for å gjera ein aller siste innsats denna tunge dagen. Rettar meg i ryggen og prøvar å få beina te jobbe! Eg høyrer ingen bak meg. Eg hell heilt inn!! Sliten mæn glad eg kom i mål. Vibeke kjæm ca 30 sek bak..



(Syns ho såg skummelt rask ut, sø eg æ ubeskriveleg glad fe at eg klara halde ho bak!) Vibeke gratulerar mæ 3. plass - eg kom jau inn som nr fire, sø eg æ ikkje heilt ivibevist. Mæn det viser seg at eine dama, som kom i mål fyri, æ "mosjonist"!
Å slitedagen min blei belønna mæ BRONSE i NM!!!

Tænk sø fantastisk, at eg tok meg ut dænna dagen, at eg ikkje gav meg. At dei andre i løypa inspirerte eg te målgang! Tusen tusen takk!! Eg æ VELDIG fornøgd mæ medaljen! :-) (min bronse nr 2 i NM.. :-)

He lært litt om næring, om motivasjonsjobbing og litt om trening! :-)

mandag 14. juni 2010

Hove tri, sørlandets vakreste eventyr

Å d va sø hyggleg på HOVE!!

Fyste olympiske distanse sia NM i Langesund i 2008.

1500m svøming i kaldt vatn mæ masse brennmanetar, d æ ingenting eg gledar meg t.
Litt vrient å finne rytmen, dei 115 te start virka som 2000, vatnet koka å d va bein, armar og manetar uansett hør ein svømte dei fyste 250meterane.
Mæn når eg ut på andre runden, av tri ligg likt mæ Fredrik Mandt, ja då bli eg sø glad.. Prøvar å halde fyge mæ han inn siste runden, mæn skjønnar ettekvørt høffer han ikkje he bære svømetid, enn meg. Fredrik æ ordentleg på bærtur i alle retningar, han fær lang svømmeetappe tesamen! :-)

Som vanleg æ eg ingen racer i T1, mæn ser eg ligg fyri Hårek ut, å legg glad og lukkleg i veg på 38 km sykkel.
Ændleg æ eg pigg og glad på sykkeln, ordentleg kos!! Låg puls og fin fart. Ha eg visst høss låg pulsen eigentleg va, ha eg kanskje gjeve på ændå litt, mæn syns d æ sø hyggleg å suse forbi folk, kunne smile å vinke te folk som heiar at eg gløymer litt å gje på det lille ekstra! :-)
Neste gong syklar eg 5min raskar og kjæm inn under timen!

T2 gjæng heldigvis litt raskar enn fyste skiftesone. Som vanleg litt spent på høss kne taklar løpinga etter sykling, mæn som vanleg gjæng d heilt fint. Pustar å pæsar fælt dæn fyste kilometeren, fyri eg finn rytmen. Mæn kjæm inn i eit hyggleg tempo. Ha eit lite håp om å få løpetida inn under 50 min, mæn bomma mæ ett min, å tenker nok etterpå at d burde eg ha klart fint å gjort noko mæ.

Mæn eg VANT dameklassa!!! På HOVE TRI, å æ super lykkleg fe d!!
Eg æ mæ andre ord i gang. He litt å justere te neste gong, æn d æ fint!
Åssø æ d jau fint å kunne kose seg igjænom ein sø fin dag som me fekk i Arendal! :-)

lørdag 24. april 2010

Bøsprinten!

D æ vår, våren ette ein litt trist vintersessong.
Mæn ette ein treningslaus mørketid, blei eg friskemeldt i januar/februar, og he følt eg frisk og pigg etterpå.
Derfe va eg sø gruleg gruleg spent på høss formen eigentleg va fyri årets utgåve av Bøsprinten.
Triatlon sessongen startar i Bø, mæn mæ to svømmeøktir sia Norseman i fjor, og kun ein å ana spinning-økt i vinter (heilt nøyaktig 8 timar te sammen på ein gamal trimsykkel kunne eg skryte på meg i år..) Sø va eg litt usikker på om d fremmdeles æ maugleg å flyte på formen eg hadde i 2006..
Eg he trent styrke då, meir enn før, og vektlegt "svømmemusklar". D viste seg at d slett ikkje gjekk sø gale som eg ha trudd, og syns 14.10 på 750m æ veldig godkjent. Utgangspunktet på syklingi blei då langt bære enn i fjor! :-)
Eg si bare ta att 11 sek på Imke og halde dei andre jæntun bak meg.. Eg sykla fe livet, mæn syns at uansett høss vegen snudde og bukta seg sø va d ein forbaska motvind. Sia d au va fyste sykkeløkti på eit ordentleg sykkelsæte att, tok d 18 km fyri eg fann ut høss eg burde sita f å få gøtt tråkk og fin flyt! (37,44 på 20km æ heilt ok, mæn eg ha håpa på noko under 36.00...)
Lårmuskelaturen va ikkje forebudd på å gje maks på sykkel (dei sænste to km) f sø ut å springe etterpå. Ette rekord rask skiftesone (te meg å vera!) sø stampa eg av garde på noko eg følte va stive timmerstokkar! Prøva å sjå lett å fin ut, noko eg faktisk he øva på dei sænste mnd, mæn d føltes ikkje hverken lett hell raskt! Måtte te å mæ støppe fe å gå på do.. (sia eg ikkje gadd/rakk gjera d fyri me sette igang mæ syklingi. :-) Ette støppen følte eg meg litt bære og trur runde to av tri gjekk litt fortar enn fyste runden!
Va sikker på at eg såg Trond Boge koma i hælane på meg på tampen av siste runden, og la inn eit forsøk på auka tempo. D va nok mest i hovude d føltes raskar, mæn eg heldt Trond bak meg i år au, og kunne krysse mållinja som fyste jente ette 21.20min på snaue 5km.
Ein blåsande og god dag blei d!:-)

søndag 9. august 2009

Norseman 2009, 5th black t-skirt finish


D æ sondag,sondagen ette Norseman 2009, min nr 5.

I fjor sa eg at eg si vera forebudd,
forebudd på motstraum, motvind, uvær, sludd å ana elendighet.
Å eg va eigentleg klar. Mæn eg visste at vegen dænna vænda kom t bli lang.
Svømminga gjekk sø fint, t meg å vera. Ny pers mæ nokon sekund i førhøl t IM Nice.
Upp av vatnet på ein time å 16 min, mæ tang i våtdrakta og og brennmanettrådar mellom fingrane.. Detta æ førhøll eg vanlegvis he full panikk fe.
Rask skiftesone, på nesten 5min.
Åssø vænta 180km på sykkelsæte.
Eg va fullstendig klar ivi at bakkane i år, va minst like bratte som i fjor.
Mæn i fint driv upp Måbødalen, febi Vøringfossen å Dyranut.
Full fart ivi vidda te Geilo, rett å slett gruleg pigg å mæ gode tankar om dagen.
Sø møtte eg veggen.
Det va heilt tomt, å alt eg tok inn kom fort ut.
Dei sænste 90km gjekk i ruslefart, krabbegir i motbakkan.
Tanken på at eg bare si sykle meg færig, å sø kaste startnr i sekriteriatet fe sø å bare ligge på ryggen å sjå fotball på hotellrommet blei ubeskriveleg fristans.
Eg karra meg ivi Imingfjøll ændå seinar enn fe to år sia, å lot meg forbikøyre av dæn eine ette dæn andre nevi Tessungdalen, å syns d va heilt fint.
Mæn i T2 va d fult liv, å d va liksom ikkje akkurat der eg skulle gje meg, mæ sø mange som såg på. Å ette å ha følt meg sø elændig va jau rett onde 8 timar på syklingi trass alt ikkje sø ille.
Eg fekk hell ta dæn avsluttningi på elendigheta ein hell ana stad på løpinga,
Papa som ha vøre support på sykke etappa, fekk "fri", på løpinga kom Imke og Helene. Dei fekk litt av ein jobb.
Eg karra meg gjænom ein km og sø ein ny km, sø sto jæntun der mæ mat på fat, frukt i kørg og drikke i fine små krus. Å slik gekk det, kilometer på kilometer.
Et ubeskrivleg matpress, som blei redningi, på sikt!
Heilt fram te 24 km trudde eg at eg si gjeva meg.
Mæn sø, i starten på Zomie hill, ette to salt-tablettar, nesten tri (veldig små) skivur mæ lassevis mæ Vossafår, salt lakris å potetgull vakna eg te liv.
Å då vakna eg veldig.
Eg langa ut mæ lange stig, gliste fælt å va bare veldig glad,
fe eg va klar fe svart trøye.
Eg æ sø glad fe at uppturen kom på slutten av dæn lange dagen.
Fe de æ det eg kjæm best i hug i dag.
At eg va i stand te gange fort, te å mæ jogge litt i nokon av svingan uppivi, at eg klara å springe dei sænste to km fram mot Stavsro,
å at eg nesten klara riste av meg supporterane mine uppivi bakkane mot Tøppen.
Litt onde timen bruka me frå Savsro te Gaustatoppen, å dei sænste 100meteran riste eg av meg Imke og Helene.
Eg va sø lykkleg som eg aller he vøre før.
Eg he aller felt ei tåre ette ein målgang,
ijår hulka eg av glede.
Eg ha klara noko eg trudde sø længe va heilt umaugleg.
Fy søren sø stolt eg æ i dag, av dæn fine grøne trøya mi,
som fyste jænte he klara 5 svarte finishar i Norseman.

Eg kjæm ALLER te gjera Norseman meir...
i alle fall ikkje fyri der æ lagt ny asfalt i Tessungdalen. :-)